Haugespor - eit jubileumsspel i Hans Nielsen hauge sine fotspor.

Haugespor - eit jubileumsspel i Hans Nielsen hauge sine fotspor.

Skaparånd, spetakkel.... og strikkepinnar. Haugespelet kjem til Brynekyrkja torsdag 30. september

Kvifor eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge?

Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og kreativ rekneskapsførsel. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss å sjå kvifor me blei som me blei her landet.

Haugespor - eit jubileumsspel i Hans Nielsen hauge sine fotspor.

Om jubileumsspelet

Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Forestillinga blir sett opp i Bryne kyrkja torsdag 30. september kl. 20:00
Billettpris: Kr. 320,-

Kjøp billettar her!

(og ver snar - spelet har vore utselt alle plasser der det har blitt spela) :-)

 

Powered by Cornerstone