Bibelkveldar hausten 2021 i Brynekyrkja - Ny samling 2. november kl. 19:00

Bibelkveldar hausten 2021 i Brynekyrkja - Ny samling 2. november kl. 19:00

Denne hausten vil me ha fokus på  Salmane i Bibelen, med hovudtema  Berekraftig erfaring. Salmane speglar gudsfolket sine erfaringar i Den gamle pakta, men dei er også  aktuelle for oss i dag. Me vil få  høyra ulike innspel frå  personar som har jobba spesielt med salmeskatten både fagleg og i praksis. Bryne sokneråd er ansvarleg for tiltaket. Ein komit  er ansvarleg for planlegging og gjennomføring: Brit Frøyland, Jan Helge Stensland, Kjell Ragnar Thu og Jens Olav Mæland

Her finn du undervisninga frå 2. november 2021
Karen Margrete Mestad

Her finn du undervisninga frå 19. oktober 2021
Knut Holter
Margnar Karltveit

Her finn du undervisninga frå 5. oktober 2021
Jens Olav Mæland
Lars Sigurd Tjelle

Desse vil stå for undervisinga:
Magnar Kartveit, prof. em. ved VID/MHS. Har undervist i GT, ogs i Salmane
Knut Holter, prof. ved VID/MHS; underviser i GT.
Lars Sigurd Tjelle, prost i Jæren prosti, erfaring som misjonær og prest
Karen Margrete Mestad, tidl. prest i DnK, h gsk.lektor ved VID/MHS, praktisk teologi
Per Olav Egeland, organist i Bryne kyrkje
Jens Olav M land, tidl. l rer ved FiH og prest i DnK, medforf. av Salmenes bok I og II

Stad: Bryne kyrkje.
Tid: Tysdag 5/10, 19/10 og 2/11 — kl. 19.00 til 21.15
Det blir to innlegg kvar kveld med høve til spørsm l. Kort pause mellom innlegga.

Berekraftig erfaring
Salmane – eller Psalteret – gir innblikk i trus- og gudstenestelivet i det gamle Israel. Trua syng om prøvingar og kamp, men ogs om kvile og tryggleik.
Salmane viser oss gudstrua i kvardag og fest, mørker og lys. Dei speglar gudslivet i funksjon under alle slags livsvilkår.
Salmane vitnar om Gud, hans storhet og handlingar; at han er verksam i naturen, i livet til folket og den einskilde. Dei skildrar Kongen som Guds representant i verda og Sion som Guds bustad og virkefelt. Dei fortel om framtidshåpet – om Messias og velsigning i hans nærvær.
Slik sett er Salmane ogs profeti, sjølv om dei ikkje har språkforma til profetien.
Salmane har også utsegner om oppgjer og hemn. Korleis skal me forst slike ord? Er det berre kjenslemessige utsegner av feilande menneske, eller uttrykkjer dei varig lærdom?
Salmane er ofte siterte i Det nye testamentet, både av Jesus og disiplane hans. I NT fell det nytt lys over salmane. Openberringa gjennom Jesus Kristus er oppfyllinga – og det rette perspektivet til forst ing av innhaldet i Psalteret.
Salmane har blitt brukte i den kristne kyrkja gjennom tidene og verda over, i forkynning, tilbeding og lovsong. Somme kyrkjer – den anglikanske, katolske og dei orto-dokse – nyttar salmane som liturgi, og syng eller resiterer heile Psalteret over tid. Hos oss har Salmane fått innpass som preiketekstar i seinare tid, men også som omkvede og omdiktingar. Dermed har Salmane vist seg både som aktuelle og slitesterke, dei er der til bruk.

Les heile programmet her

Me trur mange vil ha stor nytte av Bibelkveldane, og me nskjer at bibelgrupper og foreiningar legg samlingane sine til desse.

Bibelkveldar hausten 2021 i Brynekyrkja - Ny samling 2. november kl. 19:00
Powered by Cornerstone