NÅ HAR ME TRUA…!

NÅ HAR ME TRUA…!

At livet i Brynekyrkja skal folda seg ut etter kvart som samfunnet opnar opp og pandemien slepp taket.

Stor takk til alle med hjarta for Brynekyrkja.  De som har funne måtar å engasjera seg og høyra til kyrkja i tider som kyrkje og samfunn ikkje har vore i før.  Takk for godt engasjement, bønn og deltaking i rammen av trygt ansvar for seg sjølv og andre.

Og nå har me altså trua!
At den viktige sosiale sida av fellesskapet i Brynekyrkja kjem skikkkeleg i gang igjen.  I stab og sokneråd ønskjer me å leggja til rette så godt me kan.  Og så bed og håpar me at mange tenner og har lyst til å delta og finna sin plass i den opne famns kyrkje.

Programmet for haustsemesteret har mykje godt stoff!
- Bibelkveldar om Bibelen si salmebok.
- Kveldsgudstenester om skaparverket, inklusiv opplegg for smågrupper.
- Ryfylke livsgnist som kjem både med Haugejubileum og til medarbeiderfest
- Stort konfirmantkull og gode planar for trusopplæringstiltak som kan gjennomførast på eit meir normalt nivå.
- Variert gudstenesteprogram, der me testar ut opplegg for kyrkjekaffi og større sosial faktor.
- Kos dykk med nye nettsider!

Velkommen til inspirerande fellesskap og engasjement for å ta meir «normalt» kyrkjeliv tilbake.
I Brynekyrkja bed og arbeidar me stadig for vekst!

 

Stein Ødegård                                     Jostein Aa. Tollaksen
Sokneprest                                          Kyrkjelydsutviklar

Powered by Cornerstone