Klimasorg, synd og håp

Klimasorg, synd og håp

26. september blir det samfunnsvindu av forfattar og psykolog Peter Strassegger. Musikk: UngFokusband

Det gjennomgåande temaet for kveldsgudstenesteserien er knytta til biskopane i Den norske kyrkja sitt ferske hefte om klima og miljø.

Biskopane skriv mellom anna: «Jorda er truga. Klimakrisa rammar kloden, trugar eksistensen vår, øydelegg mangfaldet på jorda og skapar store globale forskjellar mellom menneske.
Både globalt og lokalt skal kyrkja gi håp og mot….

… Bispemøtet oppfordrar til ein brei samtale om kva som krevst for å hindre full krise i skaparverket.  Med heftet vil Bispemøtet inspirere til handling for ei god og rettferdig forvalting av skaparverket.»

I kveldsgudstenesteserien ønskjer me å følgja biskopane si kopling mellom dei ulike gudstenesteledda og liva våre og tida me lever i.  For kvar kveld har me eit gudstenestefokus der me dukkar djupare inn i meininga med eit av gudstenesteledda.  På same kvelden er dette kopla til eit samfunnsvindu, der me blir inspirert og utfordra av ein representant frå eit samfunnsområde som er midt i endringar der me må finna løysingar saman og bera bører saman.

Velkommen til å verta utfordra og inspirert til mot, håp og handling.

Gudstenesta blir streama på brynekyrkja.no

Plakat

Klimasorg, synd og håp
Powered by Cornerstone