Omorganisering av diakoniarbeidet i Bryne, Time og Undheim

Omorganisering av diakoniarbeidet i Bryne, Time og Undheim

Hausten 2020 oppretta fellesrådet ein ny 50% stilling som barne- og ungdomsdiakon, med midlar frå Stavanger bispedømme og Heimlyfondet. Marit Høie Hetlandvart tilsett i stillinga. Frå før hadde me ein 100% diakonstilling som Praxedes Slettebø innehar.

 

Med bakgrunn i at me nå har auka til 150 % diakonstilling i kommunen vår har dei daglege leiarane i kyrkjelydane våre saman med kyrkjeverje jobba fram ein ny måte å organisera diakonien i Time på. Det vil frå nå av vera ein geografisk fordeling av diakonstillingane. Reint praktisk tyder dette at:

  • Marit Høie Hetland er diakon i Bryne
  • Praxedes Slettebø er diakon i Time og Undheim
  • Praxedes har også ansvar for oppgåver som er samarbeid mellom alle sokna. Dette inneber til døms ansvar for: Minnegudsteneste, Open Kyrkje ved Allehelgen (i Time kyrkje), Institusjonsarbeidet, Innvandrarararbeidet, arbeidet med rusmisbrukarar/Kafe William, Sundagstreffarbeidet og organisering av sorggruppeleiarar).
  • Både Marit og Praxedes skal sikra at barne- og ungdomsdiakoni er ein prioritert del av kyrkjelydane sin diakoni.

Desse endringane trer i kraft frå og med nå av.

Me gler oss til ein spanande haust med fleire ressursar og meir fokus på diakoni.

Powered by Cornerstone