Har du lyst til å vera med å gå natteravn på fredagar i Bryne?

Har du lyst til å vera med å gå natteravn på fredagar i Bryne?

I Brynekyrkja har me eit stort ønske om at me saman med andre kyrkjelydar i Brynebyen kan velsigna byen vår. Her har me moglegheita til det.

Blå Kors Bryne administrerer natteravnarbeidet i Bryne, og på fredagar har dei eit team der folk frå kyrkjene på Bryne er med og går natteravn. Målet og visjonen er at kyrkjene på Bryne kan stå saman om å spreie Guds godheit i byen vår, og bety ein forskjell i Bryne. (På laurdagane er det foreldre på ungdomsskulen som går.)

Dei fleste natteravnane går ca. kvar 6. veke, men kan ein vera med, kan ein bestemma sjølv kor ofte ein går. Ein går alltid 2-4 personar kvar fredag. Tidspunktet er vanlegvis ca. kl. 20:30-00:30.

Nå trengs det fleire som kan vera med.

I Brynekyrkja har me eit stort ønske om at me saman med andre kyrkjelydar i Brynebyen kan velsigna byen vår. Her har me moglegheita til det.

Viss du kan vera med, ta kontakt med Marit (911 63 039) eller Jostein (909 88 880). Spør oss gjerne om du lurer på noko.

Powered by Cornerstone