Vår gode ungdomsleiar sluttar hos oss for å gå over i ei anna stilling. Me treng nokon som kan ta over det gode arbeidet han har starta.
Fast stilling - 100%
- Arbeidsgiver
- Time kyrkjelege fellesråd
- Stillingstittel
- Ungdomsleiar i Time
Time kyrkjelege fellesråd utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 18.600 innbyggjarar i Time kommune med Bryne som administrasjonssenter. Felles kyrkjekontor ligg på Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer om lag 20 tilsette.
Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Er du ein pådrivar som liker å ta initiativ? Ønskjer du å jobbe med ungdom og kan tenkje deg å driva ungdomsarbeid på Jæren?
Kanskje er du den vi leitar etter og vil ha med på laget.
Kyrkjelydar i Bryne, Undheim og Time har eit spanande samarbeid og søkjer ungdomsleiar i 100 % stilling. Stillinga er fordelt med 60% i Bryne, 25% i Time/Lye og 15% i Undheim. Du vil ha hovudansvar for arbeidet i Bryne, og ei mentorrolle overfor ungdomsarbeidarane i Time og Undheim. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeida med kyrkjelydsutvikling blant ungdom i Den norske kyrkja.
Arbeidet til ungdomsleiaren har som mål å vidareutvikle det kyrkjelege tilbodet for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Vi er på leit etter deg som ønskjer å driva relasjonsbygging med målgruppa, frivillige og tilsette medarbeidarar i kyrkjelydane. Vi er på leit etter ein leiar med god gründerånd - ein som kan samordna og styrkja arbeidet vi nå driv, og samstundes tenkja nytt om korleis driva ungdomsarbeid i Den norske kyrkja i og på tvers av kyrkjelydane.
Ungdomsleiar vil vera ein del av Brynestab, og dagleg leiar i Bryne har personalansvaret.
Den som blir tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkja.
Tidspunkt for oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- vidareutvikle det kyrkjeleg tilbodet
med og for ungdom
- leiartrening og medvandring
- forkynning og undervisning
- delta i konfirmantarbeidet
- rekruttering og oppfølging av frivillige
- oppfølging av ungdomsarbeidarar i
kyrkjelydane
- styrkje samarbeidet mellom
ungdomsarbeida i dei 3 kyrkjene
- andre oppgåver i kyrkjelydane etter avtale og ønskje
Personlege eigenskapar
- glad i ungdom – glad i Jesus
- engasjert og initiativrik
- fleksibel og løysningsorientert
- inspirator som kan følgja opp unge og vaksne medarbeidarar i kyrkjelydane
- strukturert med evne til å planlegga langsiktig
- kunna arbeida sjølvstendig og i team
- det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- lønn etter avtale
- triveleg stabsfellesskap på Time kyrkjekontor
- medlemskap i KLP
Interessert/har spørsmål - Kontakt Jostein Tollaksen på mail:jostein@timekyrkja.no eller på mob: 909 88 880