Brynekyrkja og kyrkjene i Time satsar på kor og musikk

Brynekyrkja og kyrkjene i Time satsar på kor og musikk

Endringar i opplegget frå hausten av.
Unsplash.com     

Korarbeid har lenge vore ein sentral del av arbeidet blandt barn og unge i kyrkjene våre.

Frå hausten av satsar me på å styrke dette arbeidet.

Barnekor
Tone Vold - kyrkjelydspedagogen vår - med eit stor hjarte for sang og musikk går inn som dirigent i det som fram til nå har heitt Jungelkoret, saman med Per Olav Egeland og Marit Høie Hetland. Dette koret vil få nytt navn (ganske snart) og vil vere eit kor for dei frå 4 år til 4 klasse. Dei som går i 3. og 4. klasse vil få eit eige opplegg i dette koret, og vera litt i lag med dei minste og litt for seg sjølv.

Det heile avsluttast med kveldsmat i kjellaren for store og små.

Tweens-kor
Kor for dei frå 5 klasse og oppover. Her slår me saman Allegro frå Brynekyrkja og Lye Tweens og tek med alle som har lyst å syngje frå Undheimkyrkja. Nytt namn vil koma også her (ganske snart).

Ragnhild Hanssen som har drive Lye Tweens blir med (og tek ansvar for) denne gjengen saman med Tone Vold og Per Olav Egeland. Denne gjengen kjem til å samlas fast i Brynekyrkja til øving.

Brynekyrkja og kyrkjene i Time satsar på kor og musikkUnsplash.com

Tidsplan for kora blir torsdagar i partalsveker, kl. 17:30 kor for 4 år-4.klasse, kl. 18:15 Kveldsmat, kl. 19:00-20:00 kor for 5. klasse og oppover. 
Meir om opplegget - nye kornamn og praktisk info kjem i samband med kor kick-off 1. september

For dei som er yngre enn 4 år og ikkje gamle nok til å starte i kor vil Tone og Ragnhild ha eit eige opplegg - "Småbarnstrall" med 3-4 samlinger i semesteret i Time kyrkje.

Her skulle det vere noko for dei fleste.

 

Powered by Cornerstone