Vi syng til jul

Vi syng til jul

Onsdag 14. desember kl 17:00 i Bryne kyrkja

Velkommen til «Vi syng til jul». Me har lyst til å inviterte til eit arrangement i Bryne kyrkje der me får syngja julesongar. Her vert det gjerne ei vandring i minneboka slik at gamle gode song-minne kjem fram. Nokre nye song-perler kan me og få vere med på.

Sein ettermiddag denne onsdagen er alle velkomne til ein pause frå alt som er travelt i førjulstida. Hender og føter kan kvila. Midt i den julepynta Brynebyen, inviterer kyrkja til glede over det sentrale i advents - og juletida, Jesu fødsel i Betlehem.

Me har utruleg mange innhaldsrike salmar, songar og juleviser som handlar om juleevangeliet. Frå denne salmeskatten er det mykje å henta. Den eldste julesalmen i Norsk salmebok er frå år 397, og har fått heidersplass som nr. 2: Folkefrelsar til oss kom.

Denne ettermiddagen får alle vera ein del av det store koret, anten ein syng saman med godt tonefylgje, eller trivst best i det songglade fellesskapet og syng med i tanken. Me får også høyra juleevangeliet.

Det blir to songavdelingar med matservering mellom. Me startar med den fine adventssalma; «Når mørkret legg seg stort og stilt kring landet der me bur."» ifrå 1997, med tekst og tone av våre eigne, Heidi Strand Harbo og Terje Vold. Ettermiddagstid frå kl. 17.00 håpar me er ei lageleg tid for mange! VELKOMEN!

Bryne diakoniutval

Powered by Cornerstone