Kveldsgudstenester hausten 2023 - Tema: "Møte som set spor".

Kveldsgudstenester hausten 2023 - Tema: "Møte som set spor".

Søndag 24. september kl. 19:00. Spor frå Gudsmøte og Ukraina i Bryne kyrkje

Kvelden 24.september vert Bryne kyrkje prega av nye møte som har sett spor.  Denne gongen er bakteppet Ukraina.

Kveldsgudstenester hausten 2023 - Tema: "Møte som set spor".Alona Moskalenko og Rune Svanes Pedersen

Musikken denne kvelden er ved Alona Moskalenko og Rune Svanes Pedersen frå Egersund. Han er korps- og kordirigent og speler fleire instrument. Alona Moskalenko er frå Ukraina, og er utdanna vokalpedagog og operasongar. Ho kom til Egersund i januar i år.

Kveldsgudstenester hausten 2023 - Tema: "Møte som set spor".Frode Jess Klippen

Frode Jess Klippen har kvelden sin tale.  Han vil fortelja om sterke inntrykk av møte med folk og korleis Gud greip inn i livet, i og utanfor Ukraina i den tida han dreiv og kjørte hjelpesendingar til Ukraina mellom 1992 og 1997. Desse første åra etter at "Jernteppet" falt ga sterke opplevingar eller "møte" med menneske leda av Gud! Hendingar som forandra han for alltid. 

Etter at krigen braut ut i fjor og nærkontakt med mange ukrainarar og flyktningar, har desse erfaringane fått nytt liv. 

Kvelden vil gje eit sterkt vitnesbyrd om Gud som er i stand til å bruka kven han vil, i sitt arbeid, uavhengig av mil/distanse/språk/kirketilhørighet eller "posisjon".

Varmt velkomne til formidling og musikk som set spor. Til gudsteneste med nattverd og stille vandring til bord med tekstar, symbol og tente lys.

  • Stein Ødegård -
Skjer snart
Familiefokus
Søndag 24. september, 2023 11:00
Familiefokusgudsteneste v/ Jostein Aa. Tollaksen. Etter skuletid gjengen blir med saman med Lovsangsteam. Utdeling av 4 års bibel v/ Tone Vold. Barnekoret blir også med oss denne søndagen. Velkommen
9:13
Torsdag 28. september, 2023 17:30
Velkommen til 9:13 til alle tweens i 4.-7. klasse!
Barnekor i Brynekyrkja
Torsdag 5. oktober, 2023 17:30
Koret er for alle frå 4 år til og med 4. klasse. Øvelse annankvar torsdag i partallsveker kl. 17.30. Kveldsmat for alle kl. 18.15. I Bryne kyrkje.
Tweens- og ungdomskor
Torsdag 5. oktober, 2023 19:00
Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne. Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne. Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne.
BIBELKVELD
Tirsdag 17. oktober, 2023 19:00
Barnekor i Brynekyrkja
Torsdag 19. oktober, 2023 17:30
Koret er for alle frå 4 år til og med 4. klasse. Øvelse annankvar torsdag i partallsveker kl. 17.30. Kveldsmat for alle kl. 18.15. I Bryne kyrkje.
Tweens- og ungdomskor
Torsdag 19. oktober, 2023 19:00
Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne. Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne. Kor for alle frå 5. klasse og oppover. Felles kor for Time, Lye, Undheim og Bryne.
UF
Lørdag 21. oktober, 2023 20:00
Velkommen til UF til alle frå 8. klasse og oppover!
Powered by Cornerstone