Velkommen til drop-in-dåp i Livsgledehelga

Velkommen til drop-in-dåp i Livsgledehelga

Laurdag 9.mars er det Livsgledelaurdag i Bryne. Då inviterer Bryne kyrkje til drop-in-dåp i tidsrommet mellom kl. 11.00 og 14.00.

Det betyr at kyrkja legg ekstra til rette for dei som ønskjer dåp, men av ulike grunnar ikkje har funne vegen til døypefonten før.  Det kan vera praktiske grunnar som kom i vegen, eller uavklart ei tid om ein ønska dåp, at ein ikkje vart døypt som barn, eller vanskelege forventningar om stort selskap, lite trivsel i store forsamlingar eller andre grunnar.

Skulle nokon ønskja litt fest og selskap rundt dåpen, har kyrkja denne laurdagen open Livsglede- og dåpskafé i kyrkjestova i kjellaren.

Alle kan verta døypte på drop-in-dåp, så lenge du ikkje er døypt frå før.

Alt du treng å ha med til kyrkja, er gyldig legitimasjon. Det er muleg å forhåndsmelda dåp denne dagen og leggja inn praktiske opplysningar på kyrkja si nettside. Eller du kan møta opp utan avtale.  Etter registrering vert det ein kort samtale med presten om kyrkja, dåpen og den som skal verta døypt.  

Til drop-in-dåp kan du koma åleine, eller ha med venner og familie.  Du kan gjerne ha med eigne fadrar, eller kyrkja kan stilla med fadrar for deg. 

Å verta døypt i en drop-in-dåp er heilt enkelt og like stort som å verta døypt i ei vanleg gudsteneste, men i ein enkel ramme og seremoni. I drop-in-dåpen får du løftet om at Jesus er med alle dagar, og som døypt vert du ein del av kyrkja sitt store fellesskap.


 

Powered by Cornerstone