Glimt frå UngFokus (UF)

Glimt frå UngFokus (UF)

Frå opning av nytt biljardbord. Bjørnar frå Grensesnitt støtta oss slik at me kunne kjøpa nytt - sårt tiltrengt!
Frå opning av nytt biljardbord. Bjørnar frå Grensesnitt støtta oss slik at me kunne kjøpa nytt - sårt tiltrengt!     
Glimt frå UngFokus (UF)Johannes og Herman leder møtet med stor stil Glimt frå UngFokus (UF)Frå julebrussmaking. Berentsens rød blei testvinnar! Glimt frå UngFokus (UF)Alltid quiz med premie! Her er Lean quizmaster

Det er laurdagskveld, og i kjellaren på Brynekyrkja er stemninga på topp. Snopet går unna i kiosken, bordtennisballane flyg gjennom lufta, og lyden av intens konkurranse frå Playstation-spela fyller rommet. Ein gjeng sit samla rundt biljardbordet, medan nokre andre testar taktikken sin i kortspel. Det er det klassiske opplegget – bordtennis, biljard, litt gaming – men det funkar som berre det.

Dette er UngFokus, ungdomsklubben som har blitt eit fast samlingspunkt annakvar laurdag kveld. Frå klokka 20:00 til 00:30 er kjellaren fylt av latter, småprat og eit og anna snerr frå ein som blei grusa i bordtennis.

– Det er ungdommane som gjer det, seier Jon Torger, som vikarierer for Oda medan ho er i fødselspermisjon. – Me vaksne er mest på sidelinja. Det er ungdommane sjølv som planlegg og styrer kveldane. Dei held det gåande med smittande humør og gode idéar.

Gjennom hausten har både gamle travarar og nye fjes funne vegen til UngFokus. Her er det ikkje noko press – berre ein god plass å vera.

Første UngFokus i 2025 er alt planlagt. Den 11. januar klokka 20:00 opnar dørene igjen, klare til å ta imot ungdom frå 8. klasse og oppover.

Så, er du klar for ein laurdagskveld full av moro? Du er velkomen!

Powered by Cornerstone