
Kirkens SOS - frivillige til telefonvakt
Kirkens SOS er landets største døgnopne kriseteneste på telefon og chat. Hos oss er det alltid nokon som tek imot samtalar, kvar einaste dag, døgnet rundt, også i feriar og høgtidar. Me arbeider utor ein tanke om at alle menneske har ei grunnleggjande ibuande verdigheit og verdi og på den måten er me også ein del av det diakonale arbeidet til kyrkja.
Tilbodet blir betent av frivillige med svært ulik bakgrunn, men som alle ønskjer å fremja livsmot og håp for medmenneske som kjenner livet utfordrar. Dei toler å høyra, og dei har tid til å lytta.
Kan dette vera noko for deg? Du får grundig opplæring, du får oppfølging og rettleiing undervegs og du står aldri åleine. I gjennomsnitt er det to vakter per månad.
Les meir her: www.kirkens-sos.no/frivillig