Tur til Sjernarøy med torsdagstreffet 22. mai - Påmelding her

Tur til Sjernarøy med torsdagstreffet 22. mai - Påmelding her

Torsdagstreffet i Brynekyrkja inviterer til busstur til Sjernarøy torsdag 22. mai! Her får vi oppleve noko av det beste Sjernarøy har å by på av natur og kultur.

Påmelding trykk her!

 Turen startar med ei omvising gjennom øyane, inkludert Helgøy, Nord-Talgje og Tjul, før vi kjem til den vakre renessansekyrkja på Kyrkjøy. Her vert det ei stemningsfull kulturkonsert med både historieforteljing og musikkinnslag.

Middagen blir servert på Sjernarøytunet, der kokken Joakim Moberg Wiborg, kjend frå samarbeid med Arne Brimi og Bølgen & Moi, lagar mat av høg kvalitet. Du kan sjå fram til skikkelege rettar som sosekjøt med heimelaga karamellpudding, eller kanskje fersk fiskesuppe med nybakt brød og dessert laga av sesongens frukt og bær.

Musikalsk underhaldning vert levert av guiden sjølv, Nils Trygve Hauge, ein erfaren musikar og kulturformidlar som gjerne finn fram toraderen til litt allsang eller dans. Vi får òg oppleve songar framført av artisten Mari Hauge, barnebarnet til forfattaren Alfred Hauge. Ho vil framføre låtar inspirerte av Hauges liv og diktning.

Til slutt blir det sightseeing rundt Lundarvågen før ferja tek oss tilbake.

 

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte etc. kjem snart!

 

Bilde

Powered by Cornerstone