Å vera stille saman - Sentrerande bøn
Å vera stille saman
Bli kjend med sentrerande bøn i Bryne kyrkje.
Ein invitasjon:
Me lever i ei tid der mykje går i rasande fart. Nye digitale kommunikasjonsformer gjer at mange av oss blir nærast bombaderte med inntrykk nesten absolutt heile tida. Det er så mykje me skal halda oss oppdaterte om, og det er så vanskeleg å leggja det vekk.
Eg, Heidi, har før tenkt på stille bøn som det å konsentrera seg om viktige tankar. Det nye med sentrerande bøn var for meg det å skulla leggja vekk alle ord og alle tankar og laga plass til eit lyttande rom for indre ro. Kanskje Gud kan tala til oss på ein annan måte viss me er i ein tilstand av ro utan mange forstyrrande tankar? Kanskje gjer det noko med evna vår til å lytta at me av og til er heilt stille. For oss har det vore godt å oppsøkja denne stilla. I kyrkja er det lang tradisjon for ro og kontemplasjon. Kanskje noko viktig er i ferd med å gå tapt for mange av oss?
Me blei kjende med sentrerande bøn på eit seminar arrangert av stiftinga Areopagos for knapt to år sidan. Me tenkjer at denne bøneforma hadde det vore fint å dela med andre i kyrkjelyden på Bryne. Me har derfor lyst til å invitera alle som kunne ha lyst til å prøva dette til å vera stille saman med oss i Bryne kyrkje.
Litt praktisk: me sit i ring, og ber i lag, men utan ord. Det handlar om å kvila under Guds kjærlege blikk - saman. Ein nyttar gjerne ein app for å halda styr på tida. Appen Centering prayer er laga med dette føremålet for auge. Ein skal ikkje prestera noko som helst, bare vera der og vera stille.
Vanlegvis varer sentrerande bøn 20-25 minutt, og me vil ha ei kort innleiing for dei som ikkje er kjende med denne bøneforma. Dersom du vil vita meir er det ein god start er å lesa om dette er på nettsida nemnt ovanfor. Areopagos har og ei podcastrekkje om truspraksisar der dei blant anna snakkar om sentrerande bøn. Dei har òg ei fin innføring her: https://areopagos.no/artikler/les/article/1730061 . Kikk gjerne òg på nettsida til Lamberseter menighet der ein lenge har praktisert sentrerande bøn. https://www.kirken.no/nb-NO/fellesrad/kirkeneioslo/menigheter/lambertseter/virksomhetsomrader/bonn-og-stillhet/sentrerende-bonn/
Det er eit miljø for sentrerande bøn i Både og i Sandnes, det har vore retreatar med sentrerande bøn på Pilegrimsgarden og Lia gård, og for interesserte vil det no vera mogleg å testa det ut her lokalt.
Neste datoar er: måndag 20. april, måndag 18. mai og måndag 15. juni
Alle kveldane kl. 19-20
Velkomen!
Leif Harboe og Heidi Strand Harboe