Kva har ballongar og popkorn med kyrkja og Gud å gjera? Kva slags skatt er det snakk om? Kor blei Jesus av etter Kristi Himmelfart og kvar er han nå? Kvifor har vi bursdagsfest? Kven er det som har bursdag?
Dette skal vi finna ut av på Pinsefart i løpet av 3 innhaldsrike tysdagssamlingar i Bryne kyrkje, med aktivitetar inne og ute, samling og laging. Brynekyrkja inviterer alle 2. klassingar til å vera med og læra om Kristi himmelfartsdag og Pinsen som me feirar i kyrkja.
Det blir etter medlemsregisteret i Den Norske Kyrkja sendt ut invitasjonsbrev til alle born på Bryne som er døypt i kyrkja og går i 2. klasse (april/mai). Alle 2. klassingar er velkomne, viss det er nokon som ikkje har fått brev i posten er det berre å invitera dei med, men hugs at alle må melda seg på.
Datoar for pinsefart 2024 kjem.
Invitasjon kjem i posten når det nærmar seg.
Påmelding via link, eller QR-kode: kjem...