Kalender/Gudsteneste

Jubileumshelg 4.-6. april - Stavanger bispedømme 900 år

Stavanger bispedømme feirer 900 år, og kyrkjene i Jæren prosti feirer dette helga 4.-6. april.

Fredag 4. april klokka 18:00 blir det Mangfaldskonsert i Nærbø kyrkje. Her kan du få med deg Hilde Svela, Bankers frå Bryne, Jarle Obrestad, Hå Dur & Moll, Jæren kammerkor, med fleire! Gratis inngang

Sundag 6. april kl 16:00 er det nedlegging av grunnstein for ny kyrkje i Klepp!

Deretter er det felles jubileumsgudsteneste med sokneprest, prost og biskop i Bryne kyrkje klokka 18:00. Musikalske bidrag frå Bjor Bohne, gitar, og Per Olav Egeland, orgel. Jærklang bidrar med korsang. 

Velkommen til festhelg!

Powered by Cornerstone