Å sitja på gjerdet
16. sundag i treeiningstida 2016. Matt.11,16-19

Å sitja på gjerdet

Evangeliet sine fløytetonar kan godt få by opp til dans utan at personlegheten skal vera mi tvangstrøye og evangeliet sin altfor lunkne venn.

Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
    ‘Vi spela på fløyte for dykk,
     men de ville ikkje dansa.
     Vi song klagesongar,
     men de ville ikkje sørgja.’

For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»

Har de sete på gjerdet nokon gong? 
På gjerdet sit dei som avventar situasjonen.  Dei vil venta litt og sjå kva side dei skal vippa seg ned på og kva retning dei skal ta.  Medan dei sit på gjerdet, har dei visse friheter.  Dei kan kommentera heftig og fritt det som skjer rundt dei. Ha heile vitet. Dei kan kritisera og sleppa greitt unna med det, for dei er ikkje ein del av det som skjer.  Det kan kjennast herleg på kort sikt, men ganske utilfredsstillande på lang sikt.

Av og til kan det vera lurt å sitja på gjerdet.  Kanskje til og med klokt og vist å gje seg tid til å observera, skaffa seg oversikt og kunnskap før ein landar og legg i veg.  Men det er hardt på baken å sitja lenge på gjerdet.  Det er ganske irriterande for dei som vil ha deg med på laget og har lite bruk for permanente kommentatorar og kritikarar som bare sit på gjerdet.

Ein lidenskapeleg Gud
Tekstane for denne sundagen utfordrar gjerdesitjarane, dei uengasjerte, dei lidenskapslause, dei som aldri får landa tankane sine til praktisk handling, dei som heller vil kommentera og kritisera enn å delta og engasjera seg. Tekstane fortel om Gud som på ingen måte sit på gjerdet.  Ein lidenskapeleg Gud.  For Gud bryt seg inn i tida og landar på vår side av gjerdet mellom himmel og jord. Her gjev han seg sjølv fullt og heilt og besluttar å frelsa dei som ikkje er vise i seg sjølv, men dei som trur og lar Jesu kors vera grunnen å byggja livet på.

Å ta imot gudsordet
For Gud er lidenskapeleg i å gje oss det me treng aller mest.
Og Ordet om krossen er Guds kraft og Guds visdom.

Så: Korleis stiller du deg når du møter Guds Ord? Om budskapet vert lese eller forkynt eller framført som drama, vitnesbyrd, kunst, sang, musikk eller film?  Korleis stiller eg meg når eg møter det kristne budskapet i ei eller anna form? 

Kva rører budskapet med i livet mitt?  Kva engasjement skapar det? Svarer det til Guds eigen lidenskap? Eller sit eg der på gjerdet, på vent, eller til og med noko distansert og kjølig uengasjert med ein haug av unnskyldningar?

Døyparen sine sørgesangar
Slik som folk flest ikkje orka døyparen Johannes sine sørgesangar?  Det vart for sært det som skjedde der ute i ørkenen.  Kamelhår til klær og grashopper til mat og ein bulldozer av ein stemme.  Formen vart for sær.  Personen for radikal.  Budskapet for krasst.  Refsen av høg og låg for hard.  Visst var det mange som lot seg gripa.  Visst blei mange klar over si synd, song ein sørgesang over gapet mellom levd liv og Guds vilje, tok konsekvensen, det store steget og lot seg dukka under i Jordan. Men dei fleste betrakta det heile med distanse og tenkte sitt om fanatisme på grensa til galskap, eller i alle fall at dette er over evner, dette krev for mykje av meg.

Jesus sine fløytetonar
Og det same då Jesus kom.  Då botsrop og sørgesangar stilna av og veik for glade fløytetonar som baud opp til dans og bryllup og glede. Då himmelriket vart delt ut fritt til dei som var fattige i seg sjølv, då vatn vart gjort til vin, då Jesus sat til bords med Sakkeus og andre tollarar og syndarar og lot ei hore vaska føtene med tårer.  Formen og levemåten vart for sær for mange.  Personen for radikal og samtidig så altfor mykje som ein av oss.  Budskapet om nåde så altfor gratis og lettvint.  Og dei som fulgde han, så altfor enkle eller så altfor utenfor det gode selskap.  Og nokre var dei som fulgde han – ei stund.  Men dei fleste ville ikkje dansa med til glade fløytetonar, like lite som dei lot seg gripa av Johannes sine sørgesangar.

Dei ville ikkje ha Johannes sin askese og strenge livsførsel. Dei ville i alle fall ikkje ha det at Jesus naut bordet sine gleder med prostituerte og tollarar.  Dei vart sitjande på tribunen og gjerdet, eller lett tilbakelente på perrongen:  ”Me  ventar på neste tog”.  På sett og vis ventar dei ennå.  Det er faktisk ikkje bare jødar som heller vil ha store teikn enn eit forsmedeleg kors.  Det er faktisk ikkje bare grekararar som søkjer visdom og slit med å finna han i ein korsfestelse.

Ære være dei ærlege søkjarane.  Me får tru med Dostojevski at Kristus er sanninga og til sist vert funnen. 

Gjerdesitjarane
Men det var altså gjerdesitjarane det handla om i dag.  Og der havnar eg så altfor fort og så altfor lenge om gongen.  Kva er det som gjer at eg vik unna å sørgja over mine synder og uretten i verda?  Kvifor orkar eg ikkje å ta mine og andre sine sorger meir inn over meg?  Kvifor er det så vanskeleg åpna hjarta for glede over Guds nåde og trø ein jubeldans både fram til nattverdbordet og ut i kvardagen uten å bry meg om kva andre tenkjer om meg? Kvifor?

Livsfase?
Har det med livsfase å gjera?  Som barn kan du ta imot med ekte, synleg glede og jubla med kroppen heilt med.  Det vert verre etterkvart! Så fort me kan verta utskjemte og interesselause. Eller bare ikkje får fyr på det engasjementet og gløden det skulle vore mykje meir av i livet. Særleg for oss middelhavsfararar, som er over ungdommen sin glød og lett sirklar oss inn på den gyldne middelveg både i meiningar og følelsar. Det skal så mykje til for å riva meg med! Kvifor?

Personleghet?
Har det med personleghet å gjera?  Slik me er forma inni?  Nokre av oss er skrudde i hop slik at følelsane aldri svingar frå pol til pol, dei ligg og sirklar rundt ekvator. Middeltemperaturen skiftar ikkje så mykje verken med natt eller dag, sommar eller vintar.  Me er på det jevne og kan vera vanskelege å få skikkeleg fyr på. Andre har varme somrar og iskalde vintrar og mykje regn og sol.  Lar seg rive med fort og voldsomt og ramlar i hop som ein ballong uten luft.  Me er forskjellige.  Og møtet med Gud og reaksjonane på budskapet vil heilt nødvendig vera farga av den personen me er.  Å pressa andre eller oss sjølv til noko som er fullstendig på tvers av slik me er skrudde i hop, fører ikkje noko godt med seg.

Men me kan nå utvikla oss litt vel?  Er vel ikkje heilt sementerte?  Og me har vel ein del bagasje som ikkje er personleghet, men eigentleg jantelov og menneskefrykt? Og har me Guds Ånd buande i oss, vil han forma oss meir lik det me ein gong skal bli, og meir lik Jesus.

Det er ikkje utenkjeleg at ei vanleg norsk hovedgudsteneste sundag kl.11 rekrutterer flest personlegheter som likar det faste og gjentatte, som trives best med å få budskapet i ein roleg form og med å gje eit svar på det uten å måtta ty til så altfor mykje løfta hender og henførte blikk.

Men:  Me har vel litt å gå på?  At gode blikk møter kvarandre, at kroppspråket rundt og etter nattverden er glede og jubel, og at noko som vert sterkt for oss, kan sleppa så til at andre får del i det.  Evangeliet sine fløytetonar kan godt få by opp til dans utan at personlegheten skal vera mi tvangstrøye og evangeliet sin altfor lunkne venn. 

Kultur?
Kvifor er det så vanskeleg å riva meg med? Har det meir med kultur å gjera enn personleghet? Akkurat nå for tida får me det meste på film og skjerm.  Alle gode muligheter for å havna i ei surrogatverd som er så fylt av kjærlighet, lidenskap, følelsar og action at me rett og slett ikkje maktar å involvera oss like sterkt i det verkelege livet.  Og dessutan er det alltid ein sabla morsom komiker som kan få meg til å le og laga ein ironisk distanse til det meste som er bra og viktig.  For kulturen vår dyrkar det vittige meir enn det viktige.

Kva skal eg likna denne slekta med?  Det kan godt vera at vår slekt og vår kultur er truffen midt i margen av Jesus sitt bilde av dei som sit på gjerdet, ungar som leken i gått i stå for og ingen orkar lenger å la seg riva med av det som er ekte. Verken av sorg over det som er vondt og galt.  Eller av glede over det som er ekte og heilt – og av den ufattelege nåden.

Å sitja på gjerdet skal ikkje vera kultur og DNA i Brynekyrkja! 

Trua vår vil søkja den korsfesta Jesus som har gjort opp for alt som manglar og er vrangt i meg, og forsont meg med Gud.

Håpet vårt vil søkja den oppstandne Jesus som innbyr oss til den evige festen der me skal kjenna Gud og hans visdom fullt ut.

Kjærleiken som Gud tenner i oss, sender oss ned av gjerdet med nådegavane me har fått å tena fellesskapet med og lengslar etter det som Gud kan få utføra og gjera i vår tid og vår by.

Ytre former og indre kjerne
Gjerdesitjarar har alltid hatt lettast for å kommentera og kritisera ytre former og levemåtar, slik dei gjorde med Jesus og Johannes. Det er visst lite som plasserer meg så på gjerdet som når eg driv og kommenterer alt det som ikkje passar meg:  Det er noko galt med predikanten, med stemmeleiet, med høyttaleren, med dialekten, med instrumentet, med musikkstilen, med sangvalget, med liturgien, med huset, med dei andre som går der, med alt som manglar, osv….

Det ytre er ikkje uvesentleg, men det er heller ikkje kjernen.  Kjernen er at Jesus elskar deg.  Så høgt at han vil vera med deg kvar dag. Elska din person og møta det som er deg med tilgivelse, omsorg og kraft til å leva.  Elska deg midt i den slekta du er ein del av, og elska deg ut av det å drukna i ein kultur som gjer oss sjølopptatte, utskjemde og interesselause.  Elska deg til å leva ekte.  Til å sørgja med dei som sørgjer, og jubla med dei glade. Eit liv nede av gjerdet som passar til evangeliet.  Både å ta imot det, eiga det og leva det ut.

Som i håpstangoen, Norsk Salmebok nr.479...

Powered by Cornerstone