4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibel

Me i Brynekyrkja ønskjer å gje alle 4-åringar ein barnebibel i gåve. Om våren får alle som vert 4 år dette året invitasjon til 4 årsklubb og utdeling av barnebibel på Gudsteneste. Om nokon ikkje fekk seg barnebibel på våren, kjem ein ny sjangs på Gudsteneste ein gong om hausten.
4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibelSjølvportrett av ein 4 åring på 4 årsklubbTime kyrkjelege fellesråd

Det blir etter medlemsregisteret i Den Norske Kyrkja sendt ut invitasjonsbrev til alle born på Bryne som er døypt i kyrkja og som er 4 år. Om våren vert du invitert til å bli med oss på 4 årsklubb. Det er to samlingar som varer omtrent ein time. Då syng me i lag, høyrer frå barnebibelen og lagar noko fint. 

 Alle 4 åringar er velkomne, viss det er nokon som ikkje har fått/kjem til å få brev i posten er det berre å invitera dei med, men hugs at alle må melda seg på.

Følg oss gjerne på facebook og instagram for meir info

Dato for gudsteneste med utdeling av barnebibel vert: 24. september kl. 11.00.

Påmelding via link, eller QR-kode: 
klikk for påmelding
 

4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibel 4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibelBilete av "Barnebibelen min"

 

 

Trusopplæring for alle døypte

Utdelinga av barnebibelen til 4- åringane er eit ledd i kyrkja si trusopplæring. Dette brevet vert sendt ut etter medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Dersom barnet er døypt, får 4-åringen denne invitasjonen. Dersom de veit om nokon som ikkje har fått invitasjon, så er det berre å invitera dei til å melda seg på.

4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibelIllustrasjon av "Hvem har skapt alle blomstene"Time kyrkjelege fellesråd 4 års-klubb og gudsteneste med utdeling av barnebibelLogoen til Trusopplæringa i TimeTime kyrkjelege fellesråd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Per Olav Egeland
per olav egeland
+47 900 18 708
Tone Vold
Kyrkjelydspedagog
tone vold
+47 918 81 818
1 - 2 av 2
Powered by Cornerstone