3. september kl. 11:00 (Etter skuletid tysdag 29. august kl:13-15)
24. september kl. 11:00 (Etter skuletid tysdag 19. september kl. 13-15
5. november kl. 11:00 (Etter skuletid tysdag 31. oktober kl. 13-15)
17. desember kl. 11:00 (Etter skuletid tysdag 12. desember kl. 13-15)
Vi har alle fått gåver og evner frå Gud som vi kan bruka til å tena Gud og kvarandre med i fellesskapet. Vi er ein stor gjeng som har gleda av å få vere med på akkurat det på Familiefokus. Med mange born i sving trengs det mange vaksne som kan vera med å leggja til rette for at både store og små finn sin plass i fellesskapet. Vi ønskjer å invitere deg til å bli med i ei tenestegruppe på Familiefokus. Vi har mange ulike tenestegrupper:
Tysdagen før vi har Familiefokus, samlas ei eiga gudstenestegruppe med 3 – 7. klassingar i kyrkja for å planlegga gudstenesta. Dette kallar vi for "Familiefokus etter skuletid". Her spis vi saman, leiker og planlegg neste gudsteneste. Her er alle velkomen.
1-2. klassingar kan vere med som ministrantar. Dei er med som nattverdsmedhjelparar, ringer i klokkene, ønskjer velkomen i døra og har ulike oppgåver i gudstenesta. Konfirmantar er også medverkande i gudstenesta, i tillegg til mange vaksne som er med i ulike tenestegrupper.
Ta kontakt med Jostein Aa. Tollaksen jostein@timekyrkja.no eller mob. 909 88 880 om du ønskje å bli med i ei tenestegruppe/smågruppe. Har du unger som vil vere med på Familiefokus etter skuletid eller som ministant er det også veldig kjekt om du tar kontakt. Her er det plass til alle.
Velkomen til gudsteneste med Familiefokus.