Testamentarisk gåve

Har du vurdert å gje ei testamentarisk gåve til Bryne kyrkjelyd? Her er korleis du går fram.

Du må oppretta eit testamente på vanleg måte, anten på eigahand eller ved hjelp av ein advokat. Testamentet må vera skriftleg, og ha underskrift av to vitne. Dei skal skriva under samtidig.  Testamentet må leverast til skifteretten.

Testamentarisk gåve

I testamentet kan du bestemme at Bryne kyrkjelyd skal få eit visst beløp, og viss du ynskjer det kan du bestemma meir konkret kva pengane skal nyttast til. Det kan til dømes vera diakonalt arbeid blandt eldre, barne- og ungdomsarbeid eller andre ting som du tykkjer er spesielt viktige.

Nedanfor finn du også ei brosjyra "Ei gåve for livet".

Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på.

Bryne kyrkjelyd

Telefon: 51 77 03 77
E-post: bryne.soknerad@time-kyrkja.no

Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone