Time kyrkjelege fellesråd

Kyrkjelydane innanfor same kommune skal gjennom fellesrådet samarbeide om visse oppgåver.

Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja i Time på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av Bryne, Time og Undheim sokn. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen.

Fellesrådet består av følgande medlemmer for perioden 2020-2023:

Time sokn: Willy Finnbakk (leiar) og Arne Ove Teigen
Bryne sokn: Anne Brit Ree (nestleiar) og Jarle Braut
Undheim sokn: Tordis Sandvik og Ivar Risa
Prost: Lars Sigurd Tjelle
Kommunal representant: Sverre Risa

Kyrkjeverja er sakshandsamar og sekretær for rådet.

Les meir på kyrkja.no

Powered by Cornerstone