Det forkynte gudsordet er alltid ferskvare, knytta til tid og situasjon. Desse preikene ønskjer å vera bibelforankra og livsnære.
Eit preikearkiv kan ikkje fanga alle desse unike møta mellom tekst og kontekst, bibelord og stemningar i tida, personar og kyrkjerom. Men preikene er talt, utgjevne under "Presten si verd", i tida frå Bryne kyrkje vart fornya rundt det store glasmaleriet i april 2013.
- Stein Ødegård
Om meg
Eg fekk vera sokneprest i Bryne frå 1.aug 2008 til eg vart pensjonist 1.mars 2026.
Eg er fødd 6. juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22. juni 1984).
Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja.
I alle år har eg kjent stor takk for å ha tenesta i ein sunn og rik kyrkjelyd, med mangfaldig arbeid for alle aldersgrupper og livsfasar. Det har gjeve djup meining å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.