Tilgitt og fri
«Då var Herre og Meister sa: «Gjer bot, så meinte han at heile den kristne sitt liv skulle vera bot.»
Slik sto den første av Martin Luther sine 95 teser på slottskyrkja i Wittenberg 31.oktober 1517. Oppspel til reformasjon, blankpussa evangelium, fornya kyrkjeliv og eit forandra Europa.
Reformatoren
seier det gjeld heile livet, dette å prøva seg sjølv og venda seg til Gud i anger og tru, syndsvedkjenning og tilgjeving. Då får det i alle fall vera såpass at ein dag i året er via til det. Og i dag altså både Reformasjonsdag og Bots- og bønnedag.
Skal me granska oss sjølv som individ? Javisst. Utan å ta trustemperaturen heile tida. Skal me granska oss som fellesskap i Brynekyrkja? Ja, det også. For me er så innvevd i kvarandre sitt liv, og veit nok at tru også er å vera forma og boren av eit fellesskap som ber.
Visjonen
I denne kyrkja seier me det ganske tydeleg i visjonen vår:
Den opne famn si kyrkje. Ei kyrkje for gode relasjonar. Oppover, innover, utover. Raus i mangfold om kven og kva kyrkja skal romma, for ho skal vera open. Tydeleg i retning slik at ho ikkje bare står open med plagsom gjennomtrekk, men faktisk er ein famn som tek imot og bergar liv og gjer det godt.
Teksten for i dag lærer oss noko veldig viktig om rette relasjonar og tydeleg retning for livet.
To menn i templet
To menn gjekk for å be. Dei hadde heldigvis oppfatta at templet sto ope for dei. Dei kunne koma der fritt som to av mange ulike. Templet var raust i sitt mangfold. Så stort at det var plass for dei. Så fritt at det var rom for dei. Omtrent som kyrkjeveggene her vidar seg ut og seier: ”Kom”. Omtrent slik me ønskjer for Bryne kyrkje at det ikkje skal vera hindringar, kulturar, holdningar, krav, kodar, sosiale lag og generasjonskløfter som gjer at det smertar og kostar for nokre å nærma seg huset og det hellige.
Det var ikkje uoverstigelege hindringar og tersklar i templet. Dei kom begge to. For å be. Tydeleg retning. Nå galdt det forholdet til Gud. Nå galdt det oppover, og ikkje så mykje innover til eit fellesskap og utover til kvardag og neste.
Me ønskjer at det skal vera første bud i Bryne kyrkje også. Bønn og gudsteneste i sentrum. Den første av dei gode relasjonane er relasjonen til Gud, som sjølv er treenig relasjon. Far, Son, Ande. Den djupaste opne famn er Guds famn. Den tydelegaste retningen i det kyrkja er og gjer, skal vera vegen inn til Gud og hans gode mål for livet. Dess meir tydeleg me er på det, dess tryggare og rausare vert mangfoldet som gjer at folk fritt får vera underveis i livet sitt, og like godt høyra til og vera rekna med.
Dei gjekk til templet for å be, dei to, velsigne dei. Med retning og relasjon oppover.
Farisearen
Heilt til den eine begynnar å be, og så er det alt anna enn bønn og slett ingen rein relasjon oppover. Det er sideblikk og ovanfråblikk. Eg takkar deg for at eg ikkje er som den og dei, eg er glad for at livet er på skinner og religiøs praksis patent, ære vere Gud og meg, med vekt på det siste.
Kva er dette? Det er eit ufyseleg sopihop på relasjonar og retning for livet. Det er Gudsforholdet forvanska til blikk på andre og meg sjølv. Det vert ikkje eit møte med Gud og bønn av slikt, bare egenrettferdighet. Kanskje vert det ei tid beundring i andre sine auge. Ei stødig samfunnsstøtte som gjer si plikt og vel så det. Mykje godt å sjå i innover- og utoverrelasjon. Men etterkvart vert det prektige plagsomt, og haldningane til andre menneske lar seg ikkje skjula. Dette er ein verdensmester det er ringt å vera i hop med. Viss han i tillegg ruslar mykje rundt i kyrkjekorridorane, vil han i praksis gjera inngangsdøra meir stengt for dei mange som ikkje vil trivast godt i nærheten av han.
Jesus fortel altså om ein som mot sin intensjon faktisk stengjer for raust mangfold og er utydeleg og misvisande om dei gode retningane og relasjonane i livet. Farisearen blandar korta og startar ikkje med det viktigaste først. Å sjå ned på andre og vekk frå Gud er ein retning på livet som absolutt ingen får glede av.
Tollaren
Det er godt Jesus fortel om ein til i templet. Bortsett frå at det var sjokkerande overraskande for dei han fortalde det til. Tollaren. Sånn bortimot motstykket til farisearen når det galdt liv innover i fellesskap og utover mot neste og samfunn. Kanskje mykje av det hadde gått galt. Likevel står han der i eit tempelrom som er raust nok til at han tør. Heldigvis står han der med tydeleg retning. Nå gjeld det oppover. Nå gjeld det Gud. Nå gjeld det ærleghet om livet. Nå gjeld det å få stotra fram ei bønn om nåde: ”Gud, ver meg syndar nådig.”
Kjære kyrkjefolk: Dette er ei bønn Gud høyrer. Dette beskriv Jesus som å gå heim rettferdig for Gud. For den som ber om nåde, får nåde. Den som søkjer oppover med ærleg bønn, finn ein open famn. Finn inn der livet vert heilt. Der synd og skuld vert tilgitt. Der håp og framtid reiser seg. Og mennesket vert ydmyk på den gode måten.
«Gud, ver meg syndar nådig» seier tollaren og slår auga ned og hånda for brystet, og føtene står langt bak. Han veit si synd. Han kjenner visst også si skam. Slik det meir og meir vert vanleg å kjenna, også i vår moderne vestlege kultur. Meir skam enn synd.
Skam og skuld
Mens skuld og synd er knytta til noko du har gjort, er skam knytta til kven du er og føler at andre ser deg som. Synd kan tilgjes. Men skam klistrar seg til oss og får oss til å lura på om me er noko verd.
Tollaren i templet bekjenner si synd, og får tilgjeving og vert sagt rettferdig, han kan lyfta blikket mot Guds kjærlege blikk. Men kan han slå blikket fritt opp mot farisearen sitt nedvurderande? Han er tilgitt og skuldfri, men ikkje automatisk skamfri.
Det er hardt å leva. Me har alle store kampar. Dei ærlege kjenner sine nederlag. Nedslåtte blikk. At eg ikkje klarte å gjera eit betre valg! Eller står midt i det og klarer ikkje. Synd. Som Luther definerte klokkeklart: Å vera innkrøkt i seg sjølv. Eller slik Peter Strassegger siterte bispemøtet i eit knallsterkt føredrag her i kyrkja i haust: Synd er løgna om at mennesket lever for seg sjølv, og den løgna fører oss bort frå liv og fellesskap.
Tilgjeving og håp
Og så la han til desse viktige orda: Dersom det finnes tilgiving, finnes det håp om å koma seg fri frå det ein har gjort. Eg må anta at eg er fri frå det eg gjorde som ungdom, sjølv om det heng ved sjølvbiletet mitt og skamkjensla mi. Eg skammer meg, men er fri.
Og eg må våga å tru på friheita, uansett kva folk måtte tenke om meg, uansett om «mine ungdoms syndar ikkje vart gløymt».
Dette er den sterke gaven i det å koma til Gud med tollaren si bønn og be om nåde. Angra, bekjenna, og våga å tru.
Til hjelp i den bønna har kyrkja skriftemålet. Allmennt og kollektivt i dag. Å koma til templet, til altaret, med synd som er vår og synd som er kollektiv og me strevar med alle. Bruka same ord å bekjenna med, og leggja til det me vil i hjarta.
Og så: Få den same tilgjevinga som Gud elskar å unna oss. For å setja oss fri! For ikkje å ha skulda klistra til oss oppå den skamma me så lett ber på. Ja, skamma kan også bleikna når me trur at me er sett og elska og utfridd av Meisteren sjølv.
Kven mennesket er
Går me tilbake til Martin Luther, så er det interessant korleis han definerer mennesket. For Luther er ikkje mennesket definert av kven ein måler seg med, men kven og kva du stolar på. Sei meg kven du trøstar deg til, så skal eg sei deg kven du er og kven som er din Gud. Og når den kjærlege Gud gjev oss det store budet å elska han av alle ting, då vert mennesket sitt problem og mennesket si synd å stola på noko anna.
Og der er det mykje å ta av. Ikkje bare fromme gjerningar i eit kloster for 500 år sidan, men alt eit menneske kan finna på og utføra og kjøpa seg og forlysta seg til og vekk frå, bare for å kjenna at eg er god nok. Då vert det mykje avgudar og lite Gud med stor G. Det vert også lite nåde å få og gje, for strevet er konstant og behovet umetteleg. Og av dette vert det mykje synd med stor S – løgna å leva for seg sjølv og ikkje ha bruk for Jesus, for noko anna har kome i plassen.
Vår visjon er Guds nåde
Men alt det andre vil ikkje dempa hjarta si uro. Like lite for oss som Luther sitt strev gjorde for han. Det er faktisk noko anna me treng. Budskapet om amazing grace. Forbløffande nåde. At Jesus ga sitt liv for å kjøpa oss fri. Frå synda si løgn om å leva for oss sjølv. Frå strevet med å verta perfekte eller gode nok eller bare aksepterte i våre auge eller andre sine. Nåden og trusrettferdigheten seier at du er meir enn god nok gjennom den rettferdigheten Jesus har skaffa deg. Den allmektige ser deg slik han ser Jesus!
Nå seier eg det så de høyrer det: Den opne famn si kyrkje er nåden si kyrkje. Vår visjon er Guds nåde.
Nåden er først og størst. Å vera elska der eg ikkje strekk til og ber på skam. Å vera tilgitt der eg trør feil. Får nåden vera grunntonen i livet og i kyrkja, så meiner eg at det også vil merkast på rausheten, omtanken, inkluderande holdning og aktivt engasjement. For raushet er den menneskelege varianten av den guddommelege nåden. Slik er det å vera sett og tilgitt av ein kjærleg Gud og frelsar!