Gudstenesteutvalet i Brynekyrkja har gjennom mange år skapt ei gudstenesteform som mange er veldig glad i – og andre finn det lett å koma til.
Kveldsgudsteneste har ein undervisande profil, gjerne utradisjonelle føredragshaldarar om aktuelt i tida. Dei siste åra har ein hatt semestervise tema som gjer at kveldar utfyller kvarandre. Bønnevandringane er vakre – og dei musikalske uttrykka har stor breidde.
Velkommen til ei gudstenestefeiring som utvidar perspektiv på ein tradisjonsrik og eksperimenterande måte.
Det er mange måtar å koma til tru. Kvar trushistorie er interessant fordi ho er unik. Me veit at både åndelege, sosiale og kulturelle aktivitetar og rammer, og menneskelege relasjonar og møte har noko å seia for vala me tek gjennom barndom, ungdom og vaksen alder. Ei trushistorie vil og som regel vera ei historie kor tvil melder seg. Me har utfordra sokneprest, prost, diakon og dagleg leiar i Bryne kyrkje til å utforska temaet Mi trushistorie.
Tradisjonen tru, har me invitert både songkor og enkeltpersonar til å formidla musikk som passar. Det blir bønevandring med tid til ettertanke.
23. august: Trond Inge Tappel, sokneprest i Bryne kyrkje, fortel. Gudstenesteleiing: Lars Sigurd Fjelde Tjelle og Per Olav Egeland. Musikk: … Bønevandring ved Heidi Strand Harboe
20. september: Lars Sigurd Fjelde Tjelle, prost i Jæren prosti, fortel. Gudstenesteleiing: Trond Inge Tappel og Per Olav Egeland. Musikk:… Bønevandring ved Heidi Strand Harboe
11.oktober: Marit Høie Hetland, diakon, fortel. Gudstenesteleiing: Trond Inge Tappel og Per Olav Egeland. Musikk:… Bønevandring ved Heidi Strand Harboe
22. november: Jon Torger Hetland, dagleg leiar i Bryne kyrkje, fortel. Gudstenesteleiing: Lars Sigurd Fjelde Tjelle og Per Olav Egeland. Musikk: Songgruppa Shalom. Bønevandring ved Heidi Strand Harboe