Presten si verd

Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.
Presten si verd

Ordet med relevans og kraft

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet. Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.
Desse preikene er samla under Presten si verd – arkiv, og starta i tida då Bryne kyrkje vart fornya rundt det store glasmaleriet i april 2013.
 - Stein Ødegård

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.

Eg er fødd 6. juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22. juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja.

I alle år har eg kjent stor takk for å ha tenesta i ein sunn og rik kyrkjelyd, med mangfaldig arbeid for alle aldersgrupper og livsfasar. Det gjev djup meining å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.

 
 
Allehelgensdag 2025 - Lukas 6,20-23
Me treng orientering. For det er vanskeleg å finna vegen for tida. Men Jesusorda har fastpunktet langt fram og gjev veg i det vanskelege: “Sæle de som no græt! De skal le!” 
Les mer
Bots- og bønedag 26.10.2025 - Lukas 15,11-32
Far som ser sine søner, og døtre, med det kjærlege blikket, same om dei er heime, langt vekk, på veg heim, i Far sine armar, i fest eller kvardag, om det er kort tid, eller lenge og alltid, i heimen hos Far. 
Les mer
Kveldsgudstenesteserie 18.sundag i treeiningstida - Mark.1,40-45
Det er mykje i tida og mykje i eit liv me kan ta på veg for!  Men det er viktigare å ta i veg!  Bruka føtene. Gå. Gå det av seg. Gå noko nytt på seg. Oppsøkja. Leita. Vera på vandring, på ein veg som er god å gå, og mot eit mål som er godt å gå imot
Les mer
17.sundag i treeiningstida 2025 - Markus 5,35-43
Realistar er fine folk, men er det dei som opnar døra til draumar, til håp, tru og undring?  Er det derfor du tek dei så hardt, Jesus? 
Les mer
Kyrkjehistorisk salmekveld Time kyrkje 28.09.2025
Sokneråda og Time historielag i bispedømmet 900 år
Kva gjer ikkje dette bygget med sansen både for historie, nåtid og framtid?  Ho er den lange linja å leva i. Eg høyrer til i fellesskap, med dei som har levd, med dei eg møter, med det eg skal møta framover.   
Les mer
Konfirmantpresentasjon 13.sundag i treeining 2025 - Joh.15,13-17
Ei helsing inn i stressa liv.  Du er elska!  Ikkje for det du gjer, men for den du er og han du får vera venn med.  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt. 
Les mer
12.sundag i treeiningstida 2025 - Joh.4,27-30.39-43
Kven vil ikkje ha meir av Jesusmøtet og trua sine sentralnøklar?  Å tåla å møta meg sjølv med eit ærleg blikk.  Å møta Jesus med ei forventning som vil ta imot.  Å møta andre sitt blikk med ei glede du vil dela.
Les mer
Kveldsgudsteneste 11.sundag i treeiningstida 2025 . Joh.8,31-36
Vandrande pilgrim på merka og umerka stiar.  Du er stille og tenkjer og sansar sterkare enn elles. Det mektige skaparverket gjer deg både liten og stor.  Luktene samlar eit heilt liv i seg. Lyset vil inn i deg. Du vert oppmerksom på andre du ikkje kjente. Er det ei frigjering?  Å verta verkeleg fri? 
Les mer
Stein Ødegård
so258
+47 911 57 105
Powered by Cornerstone