Liten eller stor
Time kyrkje 7. sundag i treeiningstida 2025 - Markus 5,25-34

Liten eller stor

Ho var så redd at ho skalv. Av noko ho hadde gjort og noko som hadde skjedd med henne.  Ho hadde våga å utfordra eit patriarkalsk samfunn, som ga henne som kvinne alle grunnar til å kjenna seg liten og oversett, både med plagene sine og korleis ho kunne ha ein plass i det religiøse livet, slik det var og slik ho var.

Opp gjennom livet har eg møtt personar som kjenner seg så små. Liten. Det var overraskande at han eller ho kjende seg slik. Nokre av dei var eminente på sitt felt. Det var noko alle visste.  På eit vis kunne det vera at dei visste det sjølv også. Med tanken. Med det dei utretta, produserte, begeistra og skapte.  Men ikkje med det dei følte.  Ikkje på innsida.  Der romsterte tankar om lite verdi, om å ikkje vera god nok. Sjølvbildet var skjørt. Det kunne slå ut i depresjon. Auga såg ikkje lys og bar ikkje lyset i seg når det var slik.  I gode, følsomme, dyktige personar som dessverre var plaga av å kjenna seg liten.  Underleg!

Sjølvbilde som skurrar
Like underleg og ennå meir ubehageleg kan det vera å møta personar som ser ut til å kjenna seg store.  Dei har ikkje lågt sjølvbilde, det ser i alle fall slik ut. Dei ordnar seg med innflytelse og makt. Dei gjev inntrykk av å vita best og lyttar lite, og du har grunn til å tvila på om dei ser deg.  Dei utstråler ein eim av arroganse og det er vanskeleg å vera seg sjølv og kjenna seg vel i selskap med dei. For du vert irritert, eller vert sjølv ein som kjenner deg liten.

Å kjenna seg liten eller stor på slike vanskelege måtar, er vrient både for dei og omverda.

Eg skal ikkje gå inn på kva som kan vera årsakar.  Då er me mest på psykologane og sosiologane sitt felt.  Men me kan ana nokre faktorar. Barndom med vonde erfaringar, personleghet, foreldrestemme på innsida, kulturell innlæring, normer i samfunnet, og strukturar som definerer kva gruppe du tilhøyrer. Eller la gå då: Teologien kan nok også sjå tilfelle av at tru og kulturelle kodar og miljø kunne setja vonde spor i tankar om kven ein sjølv er. Me treng ikkje gå lenger enn til lutherdom og pietisme som til tider har definert mennesket vel mykje ut frå syndefall og synd, og har nedtona verdien av å vera svært godt skapt, i Guds bilde.

Å kjenna seg vondt liten, var det i alle fall ei i evangeliet som var. Ho var så redd at ho skalv. Av noko ho hadde gjort og noko som hadde skjedd med henne.  Ho hadde våga å utfordra eit patriarkalsk samfunn, som ga henne som kvinne alle grunnar til å kjenna seg liten og oversett, både med plagene sine og korleis ho kunne ha ein plass i det religiøse livet, slik det var og slik ho var.

Eg vil koma tilbake til henne.  Men først kan me godt fundera meir på det å kjenna seg liten eller stor.  Alle 3 bibeltekstane dreier rundt dette.  Og sant å sei er nå livet slik at me alle er opptekne av det.  Å kjenna seg, eller vera, liten eller stor, både på den gode og den ringe måten.

Stor og liten i Salme 8
Salme 8 er på den gode!

Han passar suverent midt på sommaren. Når me her nord er mykje ute.  Når me legg oss på ei strand eller i ei eng og ser skyene seila.  Over oss er blåhimmel og gulsol og kvitskimrande skyer som kitlar auga og huda.  Eller me kjem oss ut av byen med alle sine lyskjelder og ser stjernene og månen. Me vert påkopla det store livsmysteriet.  Og så er det i tillegg alt det me veit og anar frå dei som brukar stjernekikkert og utforskar dette uendelege universet som stadig utvidar seg.

Det går an å kjenna seg liten, utan at det betyr å vera lite verd. Liten med ærefrykt for det store er ein god måte å vera liten på.  Ærefrykt for skaparen. For livet sitt under. Ja, for salmediktaren og dei som syng salmar, dei veit at Gud som har gjort og gjer alt dette, han hugsar på kvart minste menneskebarn, og tek seg av det.  Sett av Gud, og ivareteken av Gud, du som er liten i universet og umissande i Guds auge.

Ja, du er ikkje bare liten og sett. Du er stor. På den gode måten. Du er gjort lite ringare enn Gud.  Hald dykk fast i stolen! Mennesket er krona med herlegdom og ære, heilt demokratisk og likeverdig. Kronregalier som ikkje treng vaktast i låssikre bur.  Dei bur i ansiktet ditt. Spora av å vera skapt i Guds bilde.

Og der sporar Salme 8 mest av. Mennesket er så stort at det er sett til herre over det som Guds hender har skapt.  Me må halda fast at dette er på den gode måten.  For det fins ein ring.  Den er dessverre altfor mykje i sving. Mennesket høyrer og tenkjer bare ordet herre. Og gløymer det med herre over alt som Gud er skapar av.  Dette er ein arroganse med oppblese sjølvbilde som gjer at mennesket overoppvarmar kloden, ikkje handlar i solidaritet mot sine sårbare medskapningar, trugar det store mangfaldet av artar på jorda og set framtida på spel for etterkomarar. 

Mennesket kan ikkje det å vera stor utan å kunna det å vera liten. Det er kyrkja si rolle i verda for tida å kalla til tru og ærefrykt.  Utan det vert det ikkje orden på klima, på rettferd, på nødvendig respekt for livet, både i startfasen og på siste reis.  Med menneske som har vorte for store, bak roret, ser framtida dyster ut.  Men med småbarn og spebarn som syng ein lovsang til Gud, er det håp.  For det er alltid dei små som er dei gode eksempla.

Stor og liten i Korint
De høyrde kva Paulus opna brevet til kyrkjelyden i Korint med.  I vanskelege tider og med mykje på hjarta, held han opp kva som betyr noko i verda.  S
ituasjonen for dei aller første kristne var slik at dei ikkje høyrde til samfunnet si overklasse, men var slaver, eiendomslause og fattige. Ikkje mange mektige eller av fornem slekt!  Sosialt gjekk det an å kjenna seg liten. Men av evangeliet skulle dei og me alle kjenna på noko stort. Å vera vald ut av Gud av andre kriterier. Løfta opp av Gud til noko anna enn stolthet. Små i verda, men store i Guds auge.  Er det dette som er å vera kyrkje i dag også?  Apostelen sin stemme frå kyrkja si urtid bed oss om noe ganske enkelt: Me skal vera stolte, ikkje over oss sjølv, men over evangeliet, trua på Jesus, frelsa, Guds visdom, gitt oss gjennom Jesu død, oppstandelse og himmelfart.

Godt nytt, så den som kjenner seg liten, kan kjenna seg både liten og stor på den gode måten. Høgt verdsett og elska av Gud!

Ei plaga kvinne
Og då er me i evangelieordet for i dag.

Ei kvinne hadde lidd mykje og vore hos mange legar.  Å, så liten det gjekk an å kjenna seg.  Ein skjebne frå evangelia som gjer sterkt inntrykk. For slik er det mange som har det. Har lidd mykje, prøvd mykje, gjerne betalt mykje til hjelparar og behandlingar.  Brukt alle ressursar.  Og så hjelper det ikkje.  Markusevangeliet er treffande for mange sin situasjon: «Det hadde heller vorte verre med henne» – og med andre som henne.

Kva så med å gå der Jesus er? Kvinna dristar seg til å nærma seg Jesus forsiktig bakanfrå.  Skjult av folkemengda. Ydmykt håp om hjelp.  Ei skjelvande hånd berører kappen hans.

Og så skjer det aldeles ufattelege.  Ei kraft stoppar den blodstraumen som fløymer der han ikkje skal.  Ei kraft går ut frå Jesus.  Dei merkar det begge. Så sterkt at Jesus ikkje slår seg til ro med bortforklaringane frå dei næraste. Han snur seg ikkje bare og spør. Han ser seg om. Godt. Gud som ser. Hjarta som ser.

Og der ser han. Ho som vågar å møta blikket. Som skjelvande kastar seg ned og fortel han alt som det var.  Står det.
Kva fortalde ho, når ho fortel alt som det var?

Må ho ikkje ha fortalt om sjukdommen?  Om smertene og plagene.  Om det som alltid var der og stal oppmerksomhet og krefter og la ei tung sky over dagar og liv….

Må ho ikkje ha fortalt om alt ho hadde prøvd for å verta frisk?  Om kvilelaus jakt etter helbredelse.  Om behandlingar av legar som hadde gjort sitt beste, men utan resultat.  Om sjarlatanar som hadde skodd seg på hennar ulukke.  Om håp som slokna.

Må ho ikkje ha fortalt at det ikkje bare var kroppen som leid?  Uro og angst i sjela fulgde med.  Nå var ho lutfattig utan framtid.

Må ho ikkje ha fortalt korleis andre såg på henne?  Eller kanskje trong ho ikkje det.  Både ho og Jesus visste.  Korleis kulturen var.  Ukontrollert blødning ga utenforskap på alle måtar.  Sosialt vart ho åleine og isolert.  Religiøst vart ho rekna som urein, og kunne ikkje nærma seg verken folk eller tempel eller Gud utan helbredelse og reinsing.  Og nå hadde ho i tillegg gjort noko som alle reknar som uhøyrt.  Ho har tatt på Jesus sine klede, smitta han med sin ureinhet, fornærma himmelen og ein mann som mange såg opp til.  Kva skal ho sei?  Anna enn å fortelja han alt, kor liten og hjelpelaus ho kjende seg, og kva ho nå hadde drista seg til å gjera.

Er det ikkje sånt me kan fortelja i dag også? Gje det til Jesus, det som plagar oss og får oss til å kjenna oss vondt små?

Gud som ser
Ja, for Jesus er Gud som ser.  Han er Gud som lyttar til den som fortel han alt som det er.  Han er Gud som ikkje held oss fast i tankar om at me ikkje er gode nok og lite verd.  Han vil dela krafta si med oss ganske vanlege.  Han reiser opp. Ingen av oss er kvalifisert og perfekte i oss sjølv.  Ingen av oss er utan synd og nederlag.  Ingen av oss er skuldfrie, om me gjerne skulle ha vore meir frie frå skam og falsk skyldfølelse og plaga sjølvbilde.

Evangeliet er at me er elska nok.  Av Jesus som ga livet for oss på korset.  At det er trua på Jesus sine ord og Jesus sin kjærleik som tek imot denne store nåden. 

Liten og stor
Det går an å kjenna seg liten og stor på den gode måten då. Liten og ydmyk i møte med skaparverket sin storhet.  Stor og ydmyk, slik Gud sine forvaltarar skal vera, dei som er sette til å ta vare på jorda og bringa Jesus si kraft og Jesus sin kjærleik til andre.

Slike kan godt vera små og stå lågt i verda. For dei treng ikkje stola på seg sjølv, men på Guds verk, på krafta som er der for alle som vert sett av Gud. Han som ser meg, så liten eg er, så stor eg er.

Powered by Cornerstone