Dåpsskule og barnas påske

Alle som går i første klasse er velkommen til å bli med oss på dåpsskule.

Kyrkjene i Time har ein eigen skule spesielt for 6/7-åringar. Me kallar han "Dåpsskule", fordi han er ein del av opplæringa borna får i samanheng med dåpen. Me i kyrkja ønskjer å hjelpe foreldre og fadrar med å gjere det dei lovar i dåpen, og då er mellom anna dåpsskulen eit av tilboda. Dåpsskulen er både for born som er døypte og for born som ikkje er døypte enno. Alle er velkomne!

Me skal ha to samlingar på ettermiddagstid, og så avsluttar me dåpsskulen med ei samling på ein laurdag og gudsteneste på søndagen. Me skal læra om Jesus, om venskap og tilgjeving, og om påsken. På laurdagen får alle kvar si bok «Tre i eit tre», om tre vener som har ein hemmeleg klubb i eit tre.  
På sundagen under gudstenesta får borna vera med på eit skodespel som handlar om påskeforteljinga. Dette skal me øva på når me er saman på laurdagen.  

Datoar for dåpskulen våren 2024, kjem når det nærmar seg ny dåpsskule.

Invitasjonar blir sendt i posten til alle 1. klassingar i Bryne som er medlem i Den Norske Kyrkja (februar/mars). Viss du ikkje har fått brev, kan du vera med likevel, då tek du kontakt med oss, så hjelper me deg. Eller så kan du melde deg på linken under.

Dåpsskule og barnas påske

Mira blir og med oss på dåpsskulen!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dåpsskule og barnas påske

Følg oss gjerne på facobook og instagram for meir informasjon om alt det kjekke som skjer i kyrkja vår.

Per Olav Egeland
per olav egeland
+47 900 18 708
Ragnhild Hanssen
ragnhild hanssen
+47 990 22 872
Tone Vold
Kyrkjelydspedagog
tone vold
+47 918 81 818
1 - 3 av 3
Powered by Cornerstone