Førebygging og handtering av seksuelle krenkingar

Seksuelle krenkingar kan definerast som misbruk av rolle og makt der eit menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta i staden for å bli beskytta. Det handlar om at ein person utnyttar stillinga si eller posisjonen sin til å opptre på ein seksualiserande måte eller for å innleia eit seksuelt forhold til vedkomande.
  1. INNLEIING

  • I. Overordna mål

Ingen i våre samanhenger skal oppleva uønska seksuell åtferd eller uønska seksuell merksemd verken frå leiarar eller deltakarar.

  • II. Definisjon av seksuell krenking

Seksuelle krenkingar kan definerast som misbruk av rolle og makt der eit menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta i staden for å bli beskytta. Det handlar om at ein person utnyttar stillinga si eller posisjonen sin til å opptre på ein seksualiserande måte eller for å innleia eit seksuelt forhold til vedkomande.

  • III. Skadeverknader

Når eit menneske får grensene sine overskridne på det seksuelle området, kan det få svært alvorlege fylgjer. Krenkingar kan få alvorleg verknad for mange sider av livet. Personar som har vorte utsette for seksuelle krenkingar, kan ofte slita i lang tid etterpå både fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg. Vi må derfor gjera alt vi kan for å hindra at seksuelle krenkingar skjer.

2. FØREBYGGING

  • I. Informasjon

Alle medarbeidarar skal vita at kyrkja har nulltoleranse i høve til seksuelle krenkingar. Temaet seksuell krenking blir jamnleg tatt opp med alle medarbeidarar som er knytt til barne- og ungdomsarbeidet. Før kvart arrangement med overnatting blir retningslinene gjennomgått i lag med alle medarbeidarar.

  • II. Alle arrangement

  • Medarbeidarar over 15 år som har oppgåver eller ansvar overfor mindreårige, skal levera barneomsorgsattest/politiattest etter gjeldande retningsliner.
  • Ein må i størst mogleg grad unngå situasjonar der 1 leiar er åleine med 1 deltakar.
  • Ein til ein – samtalar skal skje i opne fellesrom, ikkje bak lukka dører. Så langt det er mogleg skal slike samtalar ikkje føregå etter kl. 23.00 om kvelden.
  • Ein må vera merksam på at fysisk kontakt kan opplevast ulikt. Særs varsam må ein vera i møte med barn/unge som ikkje har utvikla gode grenser rundt seg sjølv. Det er leiaren sitt ansvar å ta i vare desse grensene for barnet.
  • Kjærasteforhold mellom leiar/medarbeidar og deltakar kan koma i konflikt med leiarrolla. Skulle det oppstå, bør leiaroppgåvene omfordelast i samråd med hovudleiar.
  • III. Arrangement med overnatting

På arrangement med overnatting gjeld alle punkt under 2.2. i tillegg til desse reglane:

  • Det skal alltid vera minst to vaksne til stades. Dersom deltakarane er både jenter og gutar, skal det vera minst ein kvinneleg og ein mannleg leiar. Viss ingen av desse er tilsett i arbeid med barn og ungdom i Time kyrkjelege fellesråd, må ein av vaksenleiarane vera over 25 år.
  • Jenter og gutar søv anten kvar for seg eller i opne fellesareal (idrettshall, kyrkjerom e.l.)
  • Der overnatting skjer på eigne gute- og jenterom, ivaretar leiarar eige kjønn når det gjeld nattero. Barn og unge skal ikkje oppleva å få god natt - besøk eller tidlege morgonbesøk av motsatt kjønn.
  • For kvart arrangement må det vurderast om det skal vera vaken nattevakt, ut frå type arrangemet, antal deltakarar og alder på deltakarane.
  • 3. HANDTERING AV ANKLAGE OM SEKSUELLE KRENKINGAR

  • I. Beredskapsteam

Kvar kyrkjelyd skal ha eit beredskapsteam for handtering av anklager om seksuelle  krenkingar. Beredskapsteamet skal vera samansett av:

  • Dagleg leiar
  • Sokneprest
  • Soknerådsleiar

Beredskapsteamet skal varslast umiddelbart ved mistanke eller anklage om seksuelle krenkingar. Beredskapsteamet har ansvar for vidare handtering av situasjonen. Teamet skal straks kontakta politiet for fagleg rettleiing og informera kyrkjeverje og eventuelt bispedømmerådet sin faglege ressurs. Ved situasjonar der ein prest er involvert, skal også prosten informerast.

  • II. Når ein mottar ein mistanke eller ei anklage om seksuelle krenkingar/overgrep, er det viktig å:

  • Ikkje ta kontakt med eller konfronter den anklaga om saka. Dette for å unngå at den anklaga får vita om mistanken. Ta vare på fortellinga.
  • Ikkje driv etterforsking på eiga hand.
  • Prøv å skapa ein god relasjon med den som fortel om krenkinga/overgrepet. Unngå å stilla spørsmål ved vedkomande sitt truverde.
  • Ikkje bring utsette og mistenkte saman til felles samtale.
  • Kontakt beredskapsteamet. Involver ingen andre enn beredskapsteamet i saka.
  • Dagleg leiar har ansvar for intern og ekstern informasjon.
  • III. Verd å merka seg

  • Dersom informanten er under 16 år, er det viktig å informera vedkomande om at dersom det kjem fram alvorleg informasjon, er dette noko ein er nøydd til å gå vidare med. Lytt nøye til det barnet fortel, utan å drive etterforsking. Noter informasjonen nøye under eller så snart som råd etter samtalen.
  • Dersom informanten er mellom 16 og 18 år, treng ein vanlegvis informanten sitt samtykke for å gå vidare med informasjon til foreldre og beredskapsteam. Ved grove krenkingar kan det likevel vera nødvendig å gå vidare også utan samtykke.
  • Dersom informanten er over 18 år, må ein ha samtykke for å kunne gå vidare. Ein bør likevel oppmoda til at dette blir gjort. Når informanten er vaksen, vil vedkomande sjølv vera den viktigaste informasjonskjelda i den vidare handteringa av saka.
  • Når samtalen er avslutta og det er etablert kontakt med beredskapsteamet, er det dei som har ansvar for vidare oppfølging.
Powered by Cornerstone