Som folkekyrkje ønskjer vi å nå alle med Guds kjærleik, evangeliet om Jesus Kristus, og med kristen opplæring, kultur og omsorg.
Visjon og kyrkjebygg høyrer saman.
Kyrkja framstår som open famn ved at kyrkjeveggene vidar seg ut både i inngangspartiet og i fronten mot byen.
Fargelyset frå eineståande glaskunst i kyrkja og tårnet pregar både kyrkjerommet innover og byen utover.
Logoen til Brynekyrkja viser ein levande stein på veg utover eller innover, på ein slik måte at korset trer synleg fram.
Jesus kallar oss til eit liv oppover, innover og utover. Vi ønskjer at samlingar og fellesskap skal vera prega av alle desse 3 setningane, også når dei har ei av dei som hovudfokus. Kvar enkelt kyrkjemedlem skal finna meining og glede i å leva oppover, innover og utover.
Stasingsområde
I tråd med Den norske kyrkja sitt visjonsdokument prioriterer vi desse satsingsområda:
1. Gudstenesteliv som engasjerer mange (Oppover)
2. Barn og unge glade i kyrkja og Jesus (Innover)
3. Kyrkja til stades i byen og verda (Utover)
Les meir om korleis Brynekyrkja ønskjer å vera "Den opne famns kyrkje" i strategiplanen vår.
Relaterte dokumenter