Familiefokus etter skuletid

Ca 1 tysdag i månaden samlast ei gruppe med for 3 - 7. klassingar i Brynekyrkja rett etter skulen. Då startar me med å ete Grandiosa saman, så leiker me litt, ser på teksten for sundagens gudsteneste, og planlegg og øver til Familiefokusgudstenesta som kjem kommande sundag.

«Etter skuletid» er ei gudstenestegruppe for born, der det er borna som forbereder kommande sundags gudsteneste. Tanken er at det er borna som «eig» gudstenesta. I løpet av dei to timane mellom kl. 13:00 og kl. 15:00 på tysdagane blir gudstenesta kommande sundag planlagt. Resten av veka blir det jobba mykje med gudstenesta, slik at sundagens Familiefokusgudteneste blir ein stor fest med mange involverte, og borna i hovudrolla. Alle som vil har ei eller fleire oppgåver i gudstenesta, t.d. dans, drama, tekstlesing, lystenning, bøn, song, praktiske/tekniske oppgåver, etc. Ungane vel sjølve kva dei har lyst til.

 

Programmet for «Etter skuletid» hausten 2026 er:
15.09 | 13.10 | 08.12

 

Bli med!! Me har plass til fleire.

 

Me bruker Spond for å kommunisera.

Her er lenke til Spondgruppa for Etter skuletid:

https://spond.com/invite/SNNFS

 

 

 

 

Powered by Cornerstone