Diakoni

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Bryne kyrkjelyd har eigen diakon i 50 % stilling som berre tilhøyrar Bryne. Kyrkjelyden har og eige diakoniutval som diakon og sokneråd rekrutterer og fylgjer opp. I tillegg så er det fleire diakonale tiltak som Bryne har felles med Time og Undheim. Desse fellestiltaka fell inn under diakon tilsett i Undheim og Time sine ansvarsområde.

Visjon og mål for diakonien i Bryne:

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Bryne kyrkjelyd er eit fellesskap:

  • som stadig er opptatt av å integrere diakonien som ein naturleg og sentral del
  • som inkluderer (ønskjer velkomen)
  • som er stader å vere både i glede og sorg og når livet opplevast vanskeleg
  • som møter kvarandre med varme og respekt
  • som formidlar Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk diakonalt arbeid
  • som har eit engasjement for lidande menneske


Her finn du lokal diakoniplan for Bryne sokn som gjeld for perioden 2024-2028
Lokal diakoniplan for Bryne 2024-2028.pdf

Powered by Cornerstone