Lys vaken - i lag - 6. klasse

Har du lyst til å vera med på noko spanande? Me inviterer alle 6. klassingar i Time til å vera med på "Lys vaken - i lag" i Brynekyrkja?

Pizzafest, aktiviteter ute og inne, filmkveld, og mykje meir i Brynekyrkja:
Ein laurdag og søndag i mai/juni

Har du lyst å bli med på ei kjekk oppleving i Bryne kyrkje. Ein laurdag i slutten av august skal me vere saman fleire timar utover kvelden.
Arrangementet heiter Lys Vaken, og mange kyrkjer rundt om i landet har dette tilbodet på denne tida av året til 6. klassingar.
Då skal me m.a. leike, ha samlingar der me blir kjende med kvarandre og Jesus, utforske kyrkja, ha ulike aktivitetar, ha gudstenesteverkstad, eta pizza og sjå film.
 

Søndagen er det – Gudsteneste der Lys vaken gjengen deltek med diverse me har øvd på

Søndagen skal me vera med på gudstenesta som startar kl. 11.00. Det som LysVaken-gjengen skal delta med på denne gudstenesta, øver me på laurdag kveld. Det er veldig kjekt om du får med deg nokre frå familien din på gudstenesta.

Lys vaken handlar om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss.
Me skal vera lys vakne for oss sjølve, for kvarandre og for Gud.

Invitasjonar blir sendt i posten til alle 6. klassingar som er medlem i Den Norske Kyrkja (sept/okt). Viss du ikkje har fått brev, kan du vera med likevel, då tek du kontakt med oss, så hjelper me deg. Eller så kan du melde deg på linken som me legg ut her når det nærmar seg

Dato i 2026 er 9. og 10. mai

Laurdag 9. mai, klokka 18:00 til 23:30

Sundag 10. mai klokka 10:00 til 12:30

 

Meld deg på her

Bilete av barn i boblefotballar
Time kyrkjelege fellesråd



 

Logoen til Trusopplæringa i Time
Time kyrkjelege fellesråd

 

 

 

 

 

 

 

Følg oss gjerne på facebook og instagram for meir info

 

Ragnhild Hanssen
rh964
+47 990 22 872
Tone Vold
tv235
+47 918 81 818
Powered by Cornerstone