Trusopplæring på heimebane
Foreldre og føresette er dei næraste til å formidle kristen tru og tradisjon til barna. Me ønskjer å gje ei gåve som kan vere til hjelp for å bruke kristne songar i heimen. De får med «Songposen min». Denne inneheld mange fine songar på songkort, som de kan bruka saman med borna.
Undretur for 2-åringar i kyrkja
Velkommen til ei flott oppleving i kyrkja i lag med toåringen. Der har me ei lita samling med song og leik. Me skal og få gå på oppdagarferd i kyrkjerommet, tenne lys og lage handtrykk. Opplegget varer i underkant av ein time. Etter samlinga er de velkomne til å stoppe igjen for ein kopp kaffi om de ønskjer det.
Påmelding til Undretur i Oktober kjem: