Me har tilbod om babysong i kyrkjene våre. Tilbodet er for babyar frå 0-1 år. Me har babysong annakvar onsdag i Undheim kyrkje og på Lye forsamlingshus, og kvar torsdag i Bryne kyrkje. De vel sjølve kvar de vil melde dykk på. Me har kurs med 8 samlingar kvart semester alle stader. Tilbodet er gratis.
Bryne torsdagar kl. 10:15 8 samlingar 3/2, 10/2, 17/2, 24/2, 10/3, 17/3, 24/3 og 7/4
Kva er babysong?
Babysong er ei songstund der me samlast i ring på golvet i kyrkja. Songstunda varer ca 30 min, og den inneheld blant anna namnesong, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring.
Kvifor babysong?
Små barn opplever sterkt gjennom sansing. Musikk er ein unik måte å kommunisere med det vesle barnet på! Gjennom rytme og klang i ord og tonar opplever barn og vaksne eit eige samspel. Dette skal vere eit ”frirom” der babyen i lag med mor eller far får lytte til musikk, vere med på enkle øvingar og høyre og syngje gode songar.
Påmelding:
Bryne: https://pameldinger.no/e/lovztt
Undheim: https://pameldinger.no/e/wdnzmg
Time : https://pameldinger.no/e/xbrtdu