Gravferd – avskil med livet

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.

Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie.

Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.

Ta kontakt med Time kyrkjekontor på tlf.: 51 77 03 77 eller e-post: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no

Lei meir om gravferd på kyrkja.no

Powered by Cornerstone