Verb takk!
I den nye strategiplanen for Brynekyrkja har me rundt 10 kjerneområde. Dei gode tiltaka står i kø i planen. Kyrkjeleg undervisning og læring, fellesskap, gudsteneste, bønearbeid diakoni, kultur, misjon, ungdom osv. Alle er substantiv. Tiltak.
I evangeliet i dag glimrar substantiva med sitt fråver. Det som gjeld er verb. Handlingar. Gjereorda florerer. Det som Jesus gjer, vert skildra, i ei samlande oppsummering. Det viktige konsentrert. Og det ligg både på og mellom linjene at dette skal fortsetja gjennom dei som trur og følgjer han – heilt sikkert både med og utan strategiplanar.
Altså: Det er handlingar som tel. Legg merke til verba i dag. Verb takk! Høyr kallet som ligg i dei. Verb i bydeform. Imperativ.
Her kjem 5 av dei.
GÅ!
«Jesus gjekk nå omkring…» Føtene vandra. Frå plass til plass, folk til folk. Ja, for han gjekk for å stoppa opp, vera der det var folk. For det er jo der fotspor vert sette og ståande.
Det er noko med rett fart når du går. Du hastar ikkje. Du har ikkje klokker og tabellar som stressar opp hjarta, snevrar inn blikket og stel tida, slik det vert på motorvegar, jernbanespor og flyplassar. Vandrarar har tid nok. Dei er langsame nok. Dei er til stades i nået. Meir oppmerksomme. Dei er opnare for det som kjem bak neste sving, og folk som deler same veg.
Pilegrimar veit dette. Medvandrarar veit dette. Verdien av å gå. Og Jesus gjekk. Ikkje utan mål, og derfor ikkje i hast. Han var ute blant folk, derfor gjekk han der dei budde, i byar og landsbyar, og der dei samlast, ved brønnar og synagogar. Gud på vandring. Oppsøkjande. Til stede. Oppmerksom. Klar for å stoppa opp, slik dei er dei som ikkje køyrer og flyg og nettsurfar og snappar, men går – utan å lesa av skrittmålaren. Å gå var ein del av kallet til Meisteren og til læresveinar som vil følgja og læra. Det er ikkje fortid. Det er eit kall: Gå!
FORTEL!
Jesus underviste og forkynte. Verb. Når han skulle fortelja om Guds rike som var kome så nær, brukte han ofte likningar. Han forkynte ved å fortelja. Han var ikkje seljar som kom med noko som måtte skaffast. Han var ikkje filosof med interessante sanningar. Han forkynte ved å fortelja. Han malte Gud og gudsriket i likningar og forteljingar.
Det han fortalde, var knytt til det han gjorde. Til dei han hadde gått til, til der han var. I Simon farisearen sitt hus hadde han noko å fortelja om kjærleik og tilgitt liv for ei som kom inn og salva føtene hans med tårer. I Simon fiskaren sin båt hadde han ord om Guds rike og rik fiskefangst og nye menneskefiskarar på gang. I Levi si tollbod hadde han eit kall til han som seinare står bak evangeliet vårt i dag. Det han fortalde om Guds rike var hendingar som skjedde. Guds rike kom nær, vart kjent, tok form, ga mot og lyst til å ta del.
Det er ikkje historie, det er evangeliet. Det skjer. Kjerneområda i ei kyrkje, med og utan strategiplanar, er noko som hender når det vert fortalt. Når Gudsordet vert delt. Paulus har gitt ei skildring av det i det første, altså eldste, skriftet me har i Nytestamentet, det som alltid har fortsett å fortelja og dela: Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.
Så me fortset. Me fortel og deler, til dei små heime og på sundagsskulen, i korarbeid og til konfirmantar. Ingen punkt i kyrkjelege strategiplanar kan vera utan det å fortelja, dela godt nytt frå bibel og frå erfaringar og liv. Det er liv, at det er fortalt til meg. Det er liv å fortelja. Dei som tuslar rundt og går mykje der folk er, finn lettare nøklane til å fortelja på den gode og varme måten også!.
HJELP!
For det som Gud gjer i verda er aldri berre ord, same kor malande og berørande dei er. Jesus handla og hjalp. Han lækte sjukdom og plage. Han reiste altså menneske opp. Frå nauda si. Frå plager. Frå livshemmande funksjonshemmingar. Frå utanforskap. Frå synd. Frå skam. Frå håpløyse. Fotspora han sette med å gå og fortelja, fekk avtrykka sine i liv som fekk hjelp og vart forvandla. Reist opp til å leva med Gud, seg sjølv og andre på ein ny måte.
Me skal forstå denne sundagen at dette ikkje berre er Jesus. Dette er Guds rike! Dette er Gud i verda. Dette er fotspora som fortset å gå. Dette er forteljingar som gjentek seg. Dette er hjelp som krysser alle tider, kulturar og landegrenser.
Arbeidsfolk fortset å hausta inn Gud si grøde. Dei prøver å vera med på det som Gud gjer. Dei er ganske vanlege folk, som sjølv har eit og anna å be Jesus om hjelp med. Dei har manglar og sperrer, men dei har også rike evner av Gud skaparen og nådegavar av Guds ånd. Dei kan ikkje frelsa ei sjel, men det kan Jesus. Dei kan lite helbreda med underet si kraft, men dei kan vera ganske godt fulle av vennskapet si kraft, og opna opp for det som berre Jesus kan gjera. Han som kan reisa opp til nytt liv og berga og frelsa kven som helst til alle tider. Så hjelp andre å leva!
For det er ein stor, stor hemmeleghet her. Det fjerde verbet:
SJÅ!
Jesus såg alt folket. Han såg dei med hjarta. Det var ikkje bare auga som såg. Det var hjarta. Han fekk «inderleg medkjensle» med dei. Og han såg noko som mange ikkje såg. At grøda var stor. Eit visjonært blikk og eit varmt blikk. Eit gudsrikeblikk!
Nå skal me la oss utfordra til å sjå slik. For det er lett å sjå med nedstemt blikk. Kan det vera at misjonen og vekkinga sin gullalder er forbi for godt? Kyrkja sin plass i skule og folkekultur like så? Betre gudsrikegrøde før i Norge og på Jæren?
Det hjelper lite å sjå ned og kikka seg bakover! Å sjå er nå! Det finst oppmuntrande trekk. 900-årsjubileet for bispedømmet har engasjert vidt og vist at mange vil vera saman om det som kyrkja står for, betyr og har betydd for liv og samfunn. Noko liknar på bibelvekking blant ungdommar. Noko liknar vind i seila for ein del kyrkjeleg ungdomsarbeid og ønskje om å praktisera og dela tru.
Kan det vera at urolege tider i verda også grip tak i oss velfødde her nord som bur med oljefat og melketankar tett på, og knapt kan tenkja himmelen betre enn det me alt har?
«Grøda er stor», seier Jesus. Han ser det med sitt blikk. Kva er det Jesus ser, som fortel at grøda er stor? Jau, det er ikkje ein kommentar til etterspørselen, at folk for einkvar pris vil ha evangeliet. Slikt varierer til aller tider. Også i Jesus sitt liv.
Nei, her er hemmelegheten: Jesus ser med hjarta! Han såg at folk «var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar». Grøda var stor. Større enn dei som Jesus fekk nærkontakt med. Større enn dei som kom til tru og vart helbreda. Grøda var så stor som menneskehjarta. Det som alltid vil bera på ein uro til det finn kvile hos han som har skapt det
Å sjå med det kjærlege blikket som Jesus såg med, vil alltid vera gudsriket sin nøkkel. Å elska dei me møter, er første bud. Alt godt er utenkeleg utan dette. Vennskap veks av kjærlege blikk. Misjon når vidare ut når kjærleik er drivkraft. Diakoni oppstår i det kjærlege spørsmålet: Kva vil du at eg skal gjera for deg? For kjærleiken ser.
Sit poenget nå? Grøda vil alltid vera stor! Det er ikkje den som er variabelen. Variabelen er om hjarta ser og arbeidarar vert sendt og går for å hausta inn Herren si grøde. Og dei som bed denne sendinga fram. For det er verb 5 i dag:
Be!
Det er så mykje som kan gjera oss forkomne og hjelpelause: Ensomhet, tap, sorg, rop etter meining, forgjengelegheten, skuld, skam, angst, perfeksjonisme, døden, finna identitet. Ingen kjenner på alt, men alle kjenner på noko. Det er derfor grøda er så uendeleg stor. Det er derfor Jesus utfordrar til å be hausten sin herre om å senda arbeidarar til å hausta inn, og dei må vera mange. For dei som skal kunna hausta, må vera tett på. Dei må bu i nabolaget, høyra til i familien, vera kollega på arbeidsplassen, sveitta i hop på ein bane og drøsa i garderoben. La bymisjonen vera ei varmestove. Det er bare Jesus sin kropp i verda som er nær nok til å sjå og møta det som gjer den enkelte forkomen og hjelpelaus og klar for å søkja Jesus og eit fellesskap som kan bera bører.
Å be er å tru på det som Gud gjer, og vera med i bønn og arbeid. Grunnen er ekstremt god. Trua sin takk: Det er eg som er sett og elska og reist opp og berga av Jesus. Inn i gudsriket hans.
Så: Velsigne dykk som bed. Som veit at grøda kun er Gud si grøde. Og den er stor! Så fortset å be! Våg å tenkja deg som eit av svara på kyrkja si bønn om arbeidsfolk. Så den store grøda kan haustast inn. Sjå på Jesus og gjer som han. Verb takk! Det er verb som tel: Gå. Fortel. Hjelp. Sjå. Be og ver sendt.