
Saman med kvinner som viser veg
3 kvinner stig ut av desse 2 bibeltekstane og inn i kyrkja nå. Maria og Elisabeth i opptakten til Jesu fødsel. Og Lydia i Filippi, i kristen misjon sin opptakt. Evangeliet sprenger seg ut av Asia og over i Europa, rundt år 50 e. Kr.
Dei er føregangskvinner. Sterke kvinner. Kvinner som endra historien. Viste veg. Kvinner som sette seg og sitt til side for noko større. Dei hadde fått det av Gud og dei ga det til Gud. Barnet sitt, heimen sin, tida si, livmora si.
Lydia
Lydia i Filippi får eit møte med Paulus, som er på si andre misjonsreise. Men det er Gud som opnar Lydia sitt hjarta for det Paulus seier. Hjarta opna seg for budskapet om Jesus. Og så vart det ho som opna heimen sin for reisande misjonærar, både då alt var fredeleg og seinare når dei kom etter fengsling og fare. Mykje tyder på at Lydia fekk ein sentral plass i Paulusmisjonen. Vegen frå tru til teneste var lynkort. Gjestfrihet heime vart responsen på evangeliet som først fann henne heime.
Elisabeth
Elisabeth sitt utgangspunkt var sorg og uro. Ho var barnlaus. Ho bad og vart bønhøyrd. Og mens alt dette er ferskt og sterkt, kjem den unge slektningen Maria og bankar på døra. Ho treng ein mentor og venn, ei kvinne som kan visa veg når livet plutseleg blei snudd og endevendt.
Elisabeth er godt eigna som vegvisar. Ho er sjølv gravid, godt uti svangerskapet. Ho er klok og gudfryktig. Mannen er stum for tida, så ho tek vel i bruk heile seg, kanskje også noko som presten kunne ha sagt. Elisabeth, midt i si eiga nye reise, vert fødselshjelpar for noko i Maria si ekstreme leiting etter veg. Elisabeth løftar den sårbare ungjenta si sjølvkjensle opp. Ho støttar ikkje bare Maria i at ho er utvald, men styrkjer henne i trua på å vera velsigna av Gud. Elisabeth er ei menneskeleg støtte og ein åndsfylt stemme med profetiske ord om barnet som Maria ber.
Maria
For Maria vert den første og største av alle kvinne som viser veg. Ho opna seg for eit englebesøk. Ho avviste ikkje eit personleg kall. Ho er ærleg om spørsmåla sine og heil i sitt ja til å vera Herren si tenestekvinne. Ho tek behovet for åndeleg og menneskeleg veiledning på alvor. Ho legg ut på sin unike veg i tru på at barnet ho ber, skal verta sentrum for alle som vil finna frelsa sin veg.
Til alle tider treng me å finna den vegen. Han har mange vegar som ledar inn til seg. Uro. Sorg. Vanskelege liv. Sår som slit med å gro. Synd som gnagar i sjela. Liv som ikkje går opp. System og personar som stenger vegen. Og til sist sjukdom og aldring og død sin siste bom og mur.
I alt det som mennesket treng og søkjer berging og frelse frå: Kva er det som kan løysa ut? Kva er det som kan gje ein ny veg å gå?
Å verta møtt av Gud
Nå spør me dei 3 kvinnene. Då er svaret åpenbart:
Å verta møtt av Gud i djupet av seg sjølv. Dei hadde fått store ting av Gud. Dei lukka ikkje augene for det dei hadde fått og søkte til dels andre si støtte for å bekrefta det og halda det fast.
Dei hadde fått ein nåde. Ei helsing om nåde og omsorg frå Gud. Dei hadde fått eit bønnesvar, ein graviditet, eit barn, ei tru, ein tilbedelse, ein teneste. Dei gjekk i tru og handla på nåden som er først og størst.
Opp gjennom kyrkja sin historie har mange fleire kvinner vist den gode vegen. Dessverre har historien om kvinner og styrken deira langt på veg vore ein skjult historie. I alt for stor grad er han skriven av menn.
Heia kvinner som viser veg!
Men i løpet av det siste halve århundret har kvinnene skapt seg ein rettmessig, synleg plass i kyrkja, på ein heilt annan måte enn før. Kyrkjebildet er endra. Elisabet, Maria og Lydia gjekk føre, og så må kvar av oss finna ut korleis me best kan tena i Guds rike, og best vera gode vegvisarar. Det som er heilt klart, er at kyrkja i verda, har bruk for kvinner og menn. Saman.
Heia kvinner som viser veg! Og heia menn som tek i mot slike store ting med glede! La det vera profetisk at Johannes dansar i fostervatnet sitt – mens 2 kvinner deler det som skal endra verda - og at me får gå til nattverd i same slags undring, takk og lovsang. For Jesus, som gjev oss nåde, og sender oss alle ut for å visa veg for andre.