
Saman - i samtale rundt bordet
For ein del år sidan var det leiarseminar i Calcutta. 3000 leiarar frå store deler av verda var i India. På talarlista sto mange. Ei av dei var ein lokal person. Ei nonne. Mor Teresa. Oppsett med ein times føredrag.
Då tida var inne, kjem den spinkle, aldrande kvinna gåande opp langs benkeradene. Enkel nonnedrakt og sandalar i enorm kontrast til dei dresskledde. Framme på podiet finn ho talarstol og mikrofon og seier: I will speak to you about two topics. Eg vil snakka med dykk om to emne. The first is: Do you know your people? Det første emnet: Kjenner de medarbeidarane dykkar?
The second topic: Do you love your people? Det andre emnet: Elskar de medarbeidarane dykkar?
Så la ho til: Eg vil bruka 30 minutt på dei to emna. Nå kan de meditera over dei i 30 minutt først…
Det vart dørgande stilt i den store salen. Nå nytta det ikkje bare å lytta til eit føredrag. Nå måtte folk tenkja, reflektera, kjenna etter? Medarbeidarar sine ansikt dukka opp på netthinna. Haldningar og prioriteringar måtte få lys på seg. I 30 minutt sat leiarar og tenkte og mediterte over det som alt startar og ender med. Kjenner eg folka mine? Elskar eg dei? Skandinavar måtte kanskje dempa spørsmålet ned til eit passeleg nivå: Er eg glad i folka mine?
Saman rundt bordet
Ein konferansesal med 3000 er ikkje det same som eit dekka bord, med mat og samtale. Rundt bordet kan meir skje. Det vert viktigare å kjenna, også dei som er ukjente og kan virka veldig forskjellige. Mykje kan skje rundt borda. Me kan våga å verta utfordra til eit fellesskap, til eit SAMAN som er sterkare enn før. Dei eg sit til bords med: Kjenner eg dei? Kan eg sei at eg elskar dei?
Dette som mor Teresa seier på enklaste måte rett inn i kjernen, det seier apostelen Paulus i det vakraste av alle språk. Det er poesi med rytme og klang. Det er budskap med brodd og kraft. Det er ord me umiddelbart forstår og ord som sprengjer sine eigne grenser. Dei har seinare vorte kalt for ...
Kjærleiken sin høgsong
Ein kjærleik som definitivt er større enn meg, større enn nokon. Det er mest nok å ha desse orda som ei stjerne å navigera etter. Dei var jo slik dei fann fram på land og hav i gamle dagar. Poenget var å styra etter stjernene, ikkje prøva å klatra opp til dei, det hadde gått heilt galt.
Nokre har lese og høyrt at gresk har 3 ord for kjærleik der me har eitt. Filos – vennekjærleiken. Eros – kjærleiken som brusar av følelsar og lyst. Og Agape som er den uselviske kjærleiken som forpliktar seg i handling til beste for andre.
Paulus skriv om agapekjærleiken. På ein måte som gjer at det er sjølvinnlysande rett og godt. Det er slik me lengtar etter å ta imot og gje vidare sann kjærleik.
“Kjenner du dei som er rundt deg? Elskar du dei?” Dette er ekstra viktig når ting røyner på. Når uenighet og ulike syn og praksis set skiljer, då skal det ikkje få gå på kjærleiken laus, på det sentrale i evangeliet som kristne har felles.
Å halda fast på kjærleik i det vanskelege
I nokre situasjonar i prestelivet har eg invitert meg eller vorte invitert til eit bord og vanskelege samtalar mellom uenige folk. Det vart veldig meiningsfullt viss me kunne lesa og tenkja på 1.Kor.13, og på kyrkjefaderen Augustin sin gode regel: “Eitt i det nødvendige, fri i det uvesentlege og kjærleik i alt”. Dette er kristne sitt kall, til å vera og visa og vitna: Størst av alt er kjærleiken. Først av alt er Jesus. Han som har lært oss å spørja slik me høyrde på første kveldsgudsteneste om diakoni:
Kva vil du at eg skal gjera for deg?
Han som har gjort endå meir enn det. Han spurde ikkje, han gjorde. Han elska oss alle så høgt at han gjekk i døden. Den guddommelege kjærleiken me lengtar etter og treng, den som heiter nåde, tilgivelse og håp, har Jesus sitt ansikt.
Den største kjærleiken
Den store kjærleiken er noko me får i gåve. Han vert heil først når me gjev han fritt vidare. Han er det beste eg får og det beste eg gjev. Rundt eit bord og kor det er. Han er nattverdbord, han er bønnevandringsbord, han er bord du dekker fordi du vil møta andre ansikt til ansikt, slik du sjølv er møtt av den største kjærleiken. Det er du som er kjent og elska, og vil kjenna og elska.