Bedd for
5.sundag i påsketida 2025 - Joh.17,6-11

Bedd for

Og du veit berre med heile deg at Guds hjarta er så stort, at Jesus elskar så høgt, at kvar einaste ein av oss betyr så mykje for han som kjempa i bønn for oss, og ga livet sitt for å vera oppfylling av bønna.

Har du lurt på om du eigentleg er verdifull?  Har du merka at det kunne veksa ein tvil, ein klump i brystet, eit sakn etter å kjenna verdi. Det var litt vanskeleg å kjenna på verdi i deg sjølv.  Eller gode blikk og oppmuntringar frå viktige personar rundt deg kom ikkje når du trengte mest å høyra kor elska du er, kor viktig du er.  Verdien din.

Viss du lurer på slike ting innimellom, så kan det vera at det dukkar opp nokre gode aha denne sundagen i kyrkja.  Det kan rett og slett vera slik at me får nokon oppmuntringar for verdien vår.   Korleis då? 

Jau, eg tenkjer på at me får nokre sterke glimt inn i Jesus si bønn.  Kva han bed om. Kven han bed for. Kva Jesus snakkar med sin Far om, om sine, lagt til den siste natta. Eit heilt kapittel i Johannesevangeliet.

Jesus bad
I alle avgjerande situasjonar i evangelia er det fortalt at Jesus bad.  Han bad saman med andre, trekte seg til side for å be, om natta, tidleg om morgonen, opp i fjellet, til ein aud stad, til Oljeberget som han pleidde.  Han bad i eit heilt spesielt tillitsfullt nærvær. Han kalla Gud Far og lærte disiplar å be til vår Far.  Ikkje ofte er det fortalt kva han bad om, men at han bad.  For bønna har ikkje nødvendigvis ord. Bønn er å lytta, å leva i Guds nærvær.

Me er nok ein god del som har vore på reise til Jerusalem.  Eg har vore der både på vennetur, kyrkjelydstur og studietur. Då er det nokså obligatorisk å gå inn i hagen der Jesus bad si tyngste bønn den natta han vart arrestert.  Hagen heiter Getsemane i dag også.  Når du går inn i den totale stillheten i alle nasjonars kyrkje ved sida av, ser du mosaikkar av Jesus på kne, knuga til jorda, i bønnekamp.  Og du veit berre med heile deg at Guds hjarta er så stort, at Jesus elskar så høgt, at kvar einaste ein av oss betyr så mykje for han som kjempa i bønn for oss, og ga livet sitt for å vera oppfylling av bønna.

Johannesevangeliet fortel ikkje direkte at Jesus er i Getsemane, men det trekkjer sløret til side og viser kva Jesus ber om.  Eit langt innblikk i Jesus si bønn.  I den omsorga som gjer at han bed.  Og tidsgrensene forsvinn liksom.  Han bed like mykje for disiplar i dag, som for dei som sovna i Getsemane.

Forbønn
Eg veit ikkje kva de tenkjer.  Men eg treng forbønn.  Eg er heilt avhengig av å verta bedd for, å vita at nokre ber, og at felleskapet og livet i kyrkjelyden vert bedd for.

Eg tykkjer det er fint når nokre seier til meg: "Du må be for meg. Nå treng eg forbønn".  Sjølvsagt ber eg.  Men eg kan ikkje skrøyta på meg at systema er sikre og trufastheten spikra. Eg treng veldig at me deler på forbønnsansvaret, i morgonsamlingar på kyrkjekontoret, at enkeltpersonar og grupper deler på å leggja personar og saker i Guds hender, i dei sterkaste.  Det betyr mykje både for meg og Brynekyrkja at me har bønnebrev kvart semester, at bønnekassen i våpenhuset og bønnekrukka i kyrkja er i bruk.  Og ikkje minst den trufaste tenesta som bønnesamlingane på onsdag står for.

Han bed for oss
I teksten for denne søndagen får me greie på ein atskilleg sterkare bønnepraksis enn den skrale me får til. Jesus seier: "Eg bed for dei som du har gjeve meg" (v.9).  Har du tenkt på kva dette betyr? Det må Paulus ha gjort når han skriv:
"Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik" (Rom 8,33).

Me skal syngja det, at me har ein bror ved Guds side som ber for for oss.  Som går i forbøn for oss. Så verdifulle er me for han. Så mykje er me elska og sett. Det første me skal ta med oss i dag. Jesus bed for oss. Om mykje meir enn me maktar å be om sjølv.

Det andre me skal tenkja på er kva Jesus bed om.  Då tek eg fram denne eine setningen i Joh.17,11:
«Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt
Jesus bed for oss – og slik held han oss fast og bevarer oss.

Forrest Gump
Det er ein nydeleg scene om dette i filmen «Forrest Gump» frå 1994. Tom Hanks i hovudrolla som den enfoldige Forrest med IQ på 85 legg Amerika for føtene sin og havnar midt oppi mange av tida sine store saker.  Han vert spurt – det er vel i hippietida og Jesusbevegelsen si tid – «Har du funne Jesus Kristus?»  Og Forrest som har eit ganske truskyldig forhold til barnelærdommen sin, svarar ærleg: «Eg visste ikkje at eg trong å leita etter han!» Ja, for Jesus held oss betre fast enn me kan halda han!

Slik er det å vera døypt.  Guds kjærleik sitt merke er teikna over heile oss, det me tenkjer, det me føler.  Det er stort berre å få teikna korsmerket på utsida.  Kva må det ikkje vera for Gud som graverer det inn i sjela, som alltid ser oss og kjenner oss?  Døypte er me til å høyra Jesus til.  Det er ei gåve, noko som er gitt oss, ikkje noko me treng å leita etter. Vatnet og gudsordet er det sterke løftet frå Gud: “Du er min.” Så verdifull er du!  Same kva du kjenner. For Jesus bed for sine. “Dei er dine,” seier han til Far.  Hald det truskuldige godt fast!  Det som dei små er gjort til eksempel på: Eg visste ikkje at eg trong å leita etter han

Pluss Jesus si bønn.  Han som held oss fast og bevarar oss. Han som viser oss at me kan kalla Gud for far, slik han gjer.  Eit tillitsfullt og nært forhold der me kan snakka med Gud om kva som helst og tru at han bryr seg om oss heile tida, slik gode foreldre gjer. «Heilage Far», seier Jesus, «hald dei fast i ditt namn!»  La dei kjenna med heile seg at du er som ein god far, at dei kjenner seg som dine barn, slik som eg er son, og alt mitt er ditt og ditt er mitt.

Jesus held oss fast og bevarer oss.  Med å be for oss, med å visa oss ein relasjon til Gud som osar av tillit og trygghet, med å gjera livet vårt så stort og verdifullt at me heile tida kan koma til han som er så mykje større enn oss.  «Heilage Far» seier Jesus og held oss fast så me kan sei det same.  Då er me eitt med Jesus i måten me bed på!  Me er eitt fordi me har same heilage far.  Bønn til Gud bind oss i hop.

Å vera eitt
For Jesus bed nemleg om 2 ting:  At me skal haldast fast og bevarast i trua, og at me må vera eitt.  Det er ikkje to forskjelllige bønner.  Det er same sak.  Me treng å vera eitt, å høyra til eit fellesskap for å verta bevart i trua.  Me treng å haldast fast så me vert ennå meir og ennå tydelegare eitt, me som trur på same far og bror.

Kanskje er me midt oppe i bønnesvar om dette for tida.  Globalisering, internett, mobilar, facetime og snap og teams gjer at me kan vera på nett over heile kloden.  Mulighetane for enhet mellom kyrkjene er enorme.  Mange splittelsar har også vorte mindre.  Me reiser meir, me ser meir, me lar oss fascinera av andre sin kultur og tradisjon, me vert mindre skråsikre på å ha heile vitet.  Kanskje Jesus si bønn held på å verta oppfylt?  Eg opplever at kristne på Bryne snakkar godt om kvarandre.  At enhet er noko mange takkar for og søkjer. Neste sundag skjer det! På Jærdagen på Bryne torg.

Verken på Bryne eller andre plassar på kloden kan me produsera kristen enhet, men me kan og skal realisera og leva ut den enheten Gud har sett oss inn i.  Me skal leva som søsken, me som har same Far og bror.  Dette skal kunna sjås og vera eit godt vitnesbyrd for dei som ikkje trur. Og så finst det altså eit heilt utruleg budskap i det som Jesus bed om. Han seier faktisk at han vert herleggjort gjennom dei som tek imot han og trur på han. Ja! Så stort!

Dette tenkjer Jesus om oss og bed om.  Så då får me passa på at detaljane ikkje vert viktigare enn det sentrale, at personlege motsetningar ikkje står over hensynet til fellesskapet, at me ikkje set meiningar og tradisjonar over kjernen i evangeliet, at me ikkje snakkar surt og vondt om andre sin måte å uttrykkja og dela trua si på.

Verdien vår
Kvar sundag i kyrkja løftar verdien vår! Me er ulike, men eitt. Me held som Salomo si bønn fast på at Gud er så mykje større enn alt, men dette rommet er plassen for å møta han i bønn og lovsang.  Så me brukar tonar og tekstar og klangar frå ulike tider og tradisjonar.  Det er ein måte å uttrykkja og fremja kristen enhet. Løfta fram Jesu namn i mange tonar, språk og former.

Så:  Viss det skulle snika seg inn tankar og følelsar som seier at du har lite verdi:  Rust deg med gode tankar frå i dag.  Jesus bed for deg.  Jesus seier du er hans.  Ja, faktisk at du er så viktig at du gjer Jesus herleg i verda. Du er ein umissande del av hans kropp i verda, eitt med dei andre, eitt med Jesus, så eitt at du også har ein Far å koma til med alt.

Powered by Cornerstone