Det er nå det skjer!
Kristi himmelfart 29.05.2025 - Johannes 17, 1-5

Det er nå det skjer!

Den gode, gamle klokkaren Leif Andenes sa ofte om livet: «Du må vera i det!»  Og mens me er i det som skjer her i kyrkjerommet, kjem kunsten og forsterkar.  Det er nå det skjer.  Det er nå Gud er på ferde.  Det er nå Guds auga ser oss og lyset varmar... 

Kyrkjefest i dag! Kor stor? Kor stor er Kristi himmelfart? 
Ein av dei som har lyfta fram det store med Kristi himmelfartsdag, er Edin Løvås – retreatbevegelsen sin far her i Norge.  Han har til og med etterlyst himmelfartskyrkja.  Ein teologi og ei forkynning som særleg kan nå søkjarar og åndeleg lengtande.   

Himmelfartskyrkje?
For det er jo noko i det han seier: Katolikkane har lagt vekt på jul, på inkarnasjonen, på Maria og barnet, lutheranarane på langfredag, korset og forsoninga, dei ortodokse på påskedag, oppstandelse og det himmelske, karismatikarar og pinsevennar på pinsedag og DHÅ si kraft og utrustning.  Men kor er himmelfartskyrkja?  Då måtte du kanskje kryssa retreatbevegelsen sin Jesusmeditasjon som ser Jesus her og nå, med misjonsbevegelsen som krysser grenser i kultur, tid og rom slik Jesus etter himmelfarten sprenger alle grenser. 

Kyrkjekunsten talar
Har me lyst til å vera himmelfartskyrkja på ein brukande måte? Det er noko i dette kyrkjeromet som dreg i den retningen.  Me får stadig besøk av folk og foreningar som vil sjå Per Odd Aarrestad sin glaskunst.  Sist veke var det Stavanger kunstforening. Viss det er eg som skal sei noko om å oppleva kunsten? Ikkje bare det vakre, ikkje bare den gode historien om korleis kunsten vart til, men kva han gjer med meg?  Då seier eg gjerne at kunsten vert ny kvar gong det skjer noko her. Både den første sentrale skulpturen og glasmaleriet står der og kviskrar og ropar og lokkar og lyser:  Det er det skjer, det er her Gud kjem, det er nå Jesus er nær.   

Den gode, gamle klokkaren Leif Andenes sa ofte om livet: «Du må vera i det!»  Og mens me er i det som skjer her i kyrkjerommet, kjem kunsten og forsterkar.  Det er nå det skjer.  Det er nå Gud er på ferde.  Det er nå Jesus kjem når brød og vin vert velsigna og delt ut.  Det er nå kraft frå det høge vert sendt.  Det er nå Guds auga ser oss og lyset varmar.  Det er nå Guds Ånd kjem dalande som ei due.  Det er nå den røde blodstraumen flyt, det mest sentrale i evangeliet sitt budskap, den kraftige blodstraumen frå det høge som fortel om det store offeret og den livgjevande kjærleiken.  Så høgt er du elska.  Så sterkt får du kvila i Guds arm som held om ein gråstein frå Jærstranda og meg og deg som elles ville ramla og lett kjent oss lite verd. Ja, for eg treng Jesus, treng å verta reist opp, treng å verta fortald at eg er elska, få oppleva at Jesus gjev ny verdighet, han som er meisteren som finn den som held på å koma vekk? 

Det har skjedd og det skjer
Sånn er det med himmelfartsdagen og med kyrkjekunsten. Me ser inn i og feirar noko som både er grunnleggjande ferdig hos Gud og likevel nytt på jorda heile tida.  Det har skjedd og skjer i himmelen, det føregår på jorda.  Det står fast på øverste hold, det hender i ganske vanlege liv. Det fortener ei helligdagsfeiring, det rullar i veg i kvardagsliv og teneste. Det er nå det skjer. 

Jesus fòr opp til himmelen.  Seier me ja til eit forelda verdensbilde med å tru på dette?  Ikkje i det heile!  Me skal jo ikkje sjå føre oss himmelen høgt der oppe, eller ein himmelfart der Jesus stig opp som ein annan fugl eller astronaut og forsvinn langt vekk frå oss. Himmelfarten er at Jesus får plassen på truna i Guds rike.  Han er kongen vår.  Han har vunne seier.  Han har ikkje forsvunne frå jorda, han har gjort det store å flytta frå ein plass til alle plassar, frå ei tid til alle tider.  Me treng ikkje finna opp tidsmaskinar som sender oss tilbake til det hellige landet i år 30 for å oppleva han.  Han er her og nå og alle plassar.  Alltid.  Det store uttrykket for det er at han regjerer ved Guds høgre side.  Ruler som konge, slik ungdommar helst vil sei det. 

Kven inntek himmelen?
Ein litt annan synsvinkel på det:  Når det er jul, feirer me at Gud kjem til jorda, inntek jorda, vert eitt med våre kår i verda.  Når det er himmelfartsdag, feirer me at mennesket inntek himmelen.  Ved Guds høgre sit eit menneske.  Jesus slutta ikkje å vera ein av oss etter oppstandelse og himmelfart.  Han la ikkje igjen kroppen i ein krok av grava.  Han plasserte ikkje sin menneskelege natur i eit garderobeskap på Oljeberget før han tok avskjed med fysisk liv på jorda.  Det er noko av vårt menneskelege som har fått ein plass hos Gud når Jesus er der.  Det fullkomne mennesket.  Mennesket forsont med Gud.  Den som trur, skal fylgja etter Jesus.  Og imens går Jesus god for oss på Gud si trune.   

I dag høyrer me stemmen hans frå den lange bønna i Johannes 17.  Han løftar auga mot himmelen, og held det gode blikket på oss.  Og så bed han. At herlegdom skal lysa og skina over seg, over Far i himmelen, slik at me, i dag og til alle tider, kan kjenna Gud og det evige livet. 

På ein himmelfartsdag og i ei himmelfartskyrkje lyser Jesus sin herlegdom.  Den han går inn i for å gjera noko avgjerande viktig for oss som er her.  Nå kjem 3 setningar om det. Dei er knytta til Jesus si bønn og Joh.17.  Dei har kvar sin preposisjon med seg. Hos oss. For oss. Til oss.    

1. Jesus skal gjera Gud herleg hos oss. 
Han skal visa oss Gud.  Mange leitar etter Gud og ønskjer at dei kunne merka og sjå Gud klarare og betre.  Ennå meir enn det me kan ana gjennom skaparverket, naturen, skjønnheten, musikken, livet.  Ennå meir enn når me undrar oss over at det er meir mellom himmel og jord enn det auga først ser og oppdagar.  

Det kan seiast mykje om det å finna Gud, men akkurat nå har eg lyst til å seia berre dette eine:  Skal me læra Gud å kjenna, kjem me ikkje utanom Jesus. Vil me sjå Gud så klart det er muleg, må me sjå Jesus.  Ser me Jesus, vert Gud synleg og herleg for oss.  Vert me kjent med Jesus gjennom evangelia og i kristent fellesskap i dag, så bur trua sin gode hemmeleghet i oss:  Eg har sett Gud.  Han ser meg og vil vera i hop med meg kvar dag. Han er herleg, og det er herleg!  Gud synleg og herleg hos oss! 

2. Jesus har fått makt til det beste som kan gjerast for oss!   
"Ja, Bibelen snakkar om at Jesus har fått makt!  ” For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.”  All makt i himmel og på jord,” vert det sagt i kvar dåp.  Høyrest det litt voldsomt ut?  Mest litt totalitært?  På grensa til ufritt?   

For me likar som regel ikkje at nokon har makt over oss!  Dei fleste er ikkje glad når nokon misbrukar ytringsfriheten til lite ytringsvit for å få det som dei vil og framheva si eiga makt. Det smakar aldri godt når religion og makt vert sausa i hop til ei usalig blanding, om det dessverre stadig skjer. Det går ofte litt for lett å tåla litt makt brukt i det gode si teneste. Sjølv om hensikten aldri kan helliga midla. Endå verre er det med misbruk av makt, og særleg om nokon har all makt.  Dei allmektige er helst slike som har rana til seg makt og vorte diktatorar og despotar. Stadig nye kostar vil bruka makta på å feia konkurrentar av banen og tryggja si eiga makt. Same kor skræmande spor som står der i historien frå før. Slik makt er bygd på frykt og kan enda i ufatteleg tragedie.  Å ha all makt krev ein integritet og sjølvdisiplin som ikkje noko menneske har. 

Då er det noko ganske anna med Jesus Kristus.  Han har fått makt over alt som heiter menneske for å opna snarare enn å lukka.  Hans makt bind ikkje, gjer ikkje ufri, hindrar ikkje.  For det å gjera evig liv tilgjengeleg for oss menneske, det er å opna opp for ny framtid.  Det å skaffa oss tilgivelse hos Gud, er å løysa oss frå banda som bind oss til fortida, til dårleg samvittighet, til skuld og alt som slett ikkje er herleg å dra med seg vidare.  Jesus si makt er å gje oss ein sjanse ut over dei begrensningane som livet her set.  For så store ting, må all makt til.  Gitt av Gud sjølv. 

Og så er det Jesus sitt store valg at han bruker makta si til å gje avkall på ho.  Denne natta som han bed si lange bønn, lar han seg arrestera og verta uskuldig dømt.  Timen er komen.  For korset.  Han brukar ikkje makt oss, men kjærleik til beste for oss.  Så høgt elskar han oss!  Slik gjer han Gud herleg og fortel at Gud er ein nådig Gud som lengtar etter å få oss tilbake til seg. Han ofrar seg sjølv for å få det til. All makt brukt til kjærleik, ”så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.” 

Og nå kjem til slutt den riktig gode nyheten.   

3. Han har den største gaven å gje til oss.   
Faktisk akkurat nå!  For: “Dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.” 
Evig liv er å kjenna Gud!   Ikkje vanskelegare.  Ikkje mindre.  
Evig liv er noko herleg der framme når alt det vonde er vekke og me skal kjenna Gud fullt ut slik me er fullt ut kjende av han. 
Evig liv er noko herleg akkurat her og nå. 

Ei bok med ustyrtelege morsomme sitat av konfirmantar har tittelen ”Herlighet varer lengst”.  Skulle tru vedkommande konfirmant sa det med tanke på teksten for i dag.  Herlighet varer lengst.  Ingenting varer så lenge som evig liv.  For det har alt begynt og skal aldri enda.  I dag høyrer du eit godt ord om kva det er:  Det er å kjenna Jesus.  Ha Jesus som venn, frelsar og Herre.  Be til han, fylgja han, la han bruka si gode kjærleiksmakt inn i livet.  

For Jesus gjer Gud synleg og herleg hos oss. 
For Jesus har fått makt til å gjera det beste som kan gjerast for oss, då han ga livet sitt på korset. 
For Jesus har den største gaven å gje til oss.  For kjenner me han, har me evig liv. Han sit på truna! 

Herleghet så herleg – i ei himmelfartskyrkje! 

Powered by Cornerstone