Ansikt til ansikt
Kristi forklaringsdag 2025 - Lukas 9,26-38

Ansikt til ansikt

Ansiktsmøte gjer noko med oss. Eit ansikt som strålar, kan forandra og forvandla ansiktet som ser det. Ein baby kan, ein venn kan, eit gudsmøte kan. Uro og frykt kan ikkje, på den gode måten.

Ansikt til ansikt. Det er der me er i dag. Ei lita er her på første gudsteneste.  Ansiktet hennar fangar veldig mange blikk. Det får ansikt til å lysa opp. Til å stråla over den lille, over gudsgave og framtidsdraumar. Ansikt til ansikt høyrer me så til kvarandre. 

Ansiktsmøte forvandlar
Ansikt til ansikt finn me kvarandre, fort eller etter kvart, me som er til gudsteneste. Gudsteneste er ansiktsfellesskap.  Me ser kvarandre.  Me møter Gud.  Dess meir det skjer ansikt til ansikt, dess større er det. Ansiktsmøte gjer noko med oss. Eit ansikt som strålar, kan forandra og forvandla ansiktet som ser det. Ein baby kan, ein venn kan, eit gudsmøte kan. 

Moses møter Gud på Sinaifjellet (2.Mos.34,27-35). Det er han som vert forvandla. Det var neppe ganske ansikt til ansikt med Gud, for kven kan sjå rett på sola.  Han måtte bruka slør i møtet med Gud.  Men Moses sitt ansikt vart forandra. Han visste det ikkje sjølv, men ansiktet strålte. Og det forplanta seg i nye møter ansikt til ansikt.  Det forandra noko i ansikta som såg Moses då han kom ned frå fjellet. Kan tru dei lytta då! Til dei 10 buda.  Til dei grunnleggjande merkesteinane i eit godt liv.   

Angrep på nestekjærleik
Korleis går det an å gløyma slikt?  Ja, det går an!  Uforståeleg nok. I kvar konflikt og krig er det slutt på å sjå ansikt til ansikt. På den andre sida står ansiktslause fiendar. I det store landet i vest, som eingong var ein frihetsportal, har den rikaste og den mektigaste rysta mange med mykje merkeleg dei siste par vekene. Blant anna har dei begynt å gå laus på den lutherske broderkyrkja vår. Der kyrkja driv hjelpeprogram ansikt til ansikt med flyktningar, inkludert afghanarar som har hjulpe USA i kampen mot Taliban, får dei nå høyra at dei driv kvitvasking av offentlege middel, og alt skal tas vekk. Broderkyrkja vår i vest ser klart kva dette angrepet på humanitet og nestekjærleik handlar om. Brot på det 8.budet som Moses fekk: Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din. Du skal ikkje tala usant.  Bispekonferansen i den evangelisk lutherske kyrkja i Amerika påtalte lenge før presidentvalet kor grunnleggjande det 8.budet er for tillit i samfunnet. Heldigvis sit dette budet i kulturen her i Norge. Den djupt kristne kulturen.  Ein politisk leiar som lyg og fører folk og storting bak lyset, er ferdig. 

Uro i tida
Det er mange ting i tida som gjev grunn til uro. Dei følgjer oss tett på inn kyrkjedørene også. Særleg dei mekanismane som gjer at me ikkje møter kvarandre ansikt til ansikt.  Det blir oss og dei. Det blir lett ekkokammer på nettet og skrudde oppfatningar av kva som er sann verkeleghet.  For den som bryr seg lite om andre enn dei likesinna, eller rett og slett har vondt i sinne, er dei oppriktige møta ansikt til ansikt farlege. 

Ansikt til ansikt kan vera berre godt og gjera berre godt.  Ansikt til ansikt kan vera skummelt og trugande.  Me kan bruka slør for å dempa inntrykket. Slør over ansiktet.  Eller slør over hjarta, sjå vekk og ned fordi me har vondt i sinne. Som Kain, mot bror sin. 

Ansikt prega av Gudsmøtet
Moses våga å søkja Gud ansikt til ansikt. Med slør og ærefrykt. Med ansikt som likevel strålte, forvandla av møtet. Ord med tyngde, meisla i steintavler, kunne veileda folket til godt og rett liv. 

På eit høgt fjell skjer det noko med Jesus sitt ansikt også. Han også møter Gud. Mens han bad, vart ansiktet som omskapt. Gudsmøtet sette seg i ansiktet. Han skein visst i forklara lys.  Slik har dei fortalt det, dei 3 som var med og ikkje var i stand til fortelja dette på ei stund. Ikkje før dette omskapte ansiktet møtte dei på ny, ansikt til ansikt etter oppstandelsen.  Dei forsto vel då at dette som skein og lyste på fjellet, var eit glimt av det som skulle koma, kven Jesus verkeleg var, når sløret var trekt til sides. Det er Jesus som er Gud sitt ansikt på jorda! 

Skjellsettande inntrykk
Det må ha gjort så inntrykk!  Peter sitt ansikt blussar, og munnen kjem med ville forslag, slik du gjer når du ikkje veit kva du skal sei.  Omtrent som forelska folk kan gjera.  Særleg når du vil binda eit øyeblikk til å vara evig.  Det er forresten som vanleg lite slør over Peter, det er rett fram.  Jesus må ha sett noko veldig tillitvekkande i det, når han gjorde Peter til kyrkja sin første leiar. Kven kunne som Peter leva ansikt til ansikt og møta andre ope, ansikt til ansikt, slik gode leiarar skal? 

Slik Lukas fortel om forklaringa, kan me forstå at dette må ha vore skjellsettande for dei alle.  Både Jesus, Peter, Johannes og Jakob.  Eit gudsmøte.  Ein bekreftelse.  Jesus var Guds Son.  Å høyra på han og følgja han, var det beste som kunne skje.  Ansikt til ansikt med Gud og kvarandre, var noko forvandla. 

Paulus og speilet
Paulus gjev eit ord om noko som kan skje med oss også (2.Kor.3,12-18).  At det ikkje berre er Kristi forklaring i dag, men at noko kan verta klarare for oss og i oss også.  Han har ein interessant vri på det å sjå ansikt til ansikt, eventuelt med slør.  Han introduserer speilet. 
Speilet veit me jo godt om.  Kvar morgon på badet.  Fleire gonger til dagen når me vert ungdommar, eller kjem i 40-årskrisa og me lurer på kven me er og kva som skjer. 

Speilet lyg aldri.  Enten du likar det du ser i speilet, eller skulle ønska at du såg eit anna oppsyn – i alle fall om morgonen – så er ein ting sikkert:  Bildet du ser, forandrar seg ikkje. Same kor sterkt og hardt du ser: speilbildet står der.  Når me er over puberteten, er ansiktet fastlagt.  Berre ørsmå forandringar over frykteleg lang tid.  Du kan ikkje stirra deg til ei forandring til neste morgon.  Det einaste du kan gjera, er bruka noko kunstig til å kamuflera noko du ikkje er fornøgd med, eller framheva noko du likar.   

Me ser oss i speilet alle.  Er det kjekt?  Litt problematisk?  Likar du det?  Tør du? 

Å spegla innsida
Når me ser oss sjølv i speilet, er det lett å få auga på feil og manglar.  Noko ligg tydeleg utanpå og er vanskeleg å maskera vekk.  Og når du ser deg sjølv i augene, sånn face to face, ansikt til ansikt, så fortel speilet også noko om det som fins her inne, noko som kanskje ingen andre veit.  Men det er der.  Dag ut og dag inn.  Noko å skjemmast over.  Noko me angrar på.  I forhold til oss sjølv eller andre eller Gud.  Same bildet kvar gong du speglar innsida di.  Like lite forandring der som i buen på nasen.  Draumar som ser uoppnåeleg ut eller alt har sprukke.  Sår nokon ga deg.  Du vert ikkje ferdig med det.  Det bind og hemmar. Det skulle ha vore annleis.  Du skulle ha vore annleis.  Du får dårleg samvittighet.  Og dårleg sjølvbilde. 

Kva gjer me med det? 
Sluttar å sjå oss i speilet? Det forandrar seg jo ikkje.  Og det får ikkje meg til å forandra meg særleg, heller.  

Nå skal de få ei god løysing! Løysinga er å bytta speil! Ja, eg meiner det!   

Forvandlingsspeilet
For det finst nemleg eit forvandlingsspeil.  Ikkje eit narrespeil, som lyg om korleis du eigentleg er og ser ut, men eit forvandlingsspeil. Når du stirrar inn i det, vert du forandra innanfrå.  Du får letta samvittigheten din.  Du kan få lækt nokre av såra dine.  Du får eit nytt og betre bilde av deg sjølv, same korleis du ser ut.  Og etterkvart kan det verta slik at det som er nytt inni deg, faktisk kan lesast i det ansiktet du møter i speilet om morgonen.  Og det er som om folk kan sjå eit skin av det når du går ut i dagen, utan at du ser det, like lite som Moses. 

Forvandlingsspeilet er det som står igjen etter den ekstraordinære opplevinga på forklaringsberget. Når det sterke lyset hadde lagt seg, når Moses og Elia var vekke, når tanken om hytteboom var smuldra opp, når sky og redsel hadde gitt seg, når himmelstemmen hadde sett seg i hjarta: Her er Guds Son. Her er han eg må høyra på. Her er det noko endeleg som må fullførast i Jerusalem. Ja, kva var det som sto igjen? Jau, det var ingen annan å sjå, berre Jesus. 

Det er ikkje berre, berre! Det er ansiktet du kan sjå inn i og verta forandra av det du ser!  Det er forvandlingsspeilet. Gud sitt ansikt å sjå inn i.
Her er Paulus sine ord om det, ein gong til (2.Kor.3,18): 

«Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.» 

Berre Jesus å sjå
Det finst eit forvandlingsspeil!  Guds Ånd som bur i den som er døypt, sørgjer for det.  Guds Ånd sørgjer for å spegla 2 ansikt i eitt. Ansikt til ansikt med Jesus skjer forklaringa på ny. Den som altså ender med at det er ingen annan å sjå, berre Jesus!   Du ser ikkje først kven du er, men kven han er.  Du ser ikkje helst kva du har gjort og manglar, men kva han har gjort.   

Den Hellige Ånd gjer at så snart du ser såra dine, så lar han deg sjå at Jesus vart såra for dine brot. Det var det han gjekk til Jerusalem for.  Der du kjenner deg bunden, der set Jesus fri. Der du strevar med sjølvbildet, der får du malt for auga kor høgt du er elska av Jesus, kor verdifull du er for han. Kor mykje han var villig til å ofra for akkurat deg.  Der du ser noko grått og småleg i deg, der lar Guds ånd deg sjå Jesu herlegdom på ein sånn måte at det gjer noko med deg, du vert forvandla. 

Ja når du speidar etter håp i urolege tider, så tru på glimtet av himmel og framtid!   

Ansikt til ansikt
Nå ser me som i ein spegel, seier Paulus i det første brevet til korintarane.  Men det kjem ein dag då me skal sjå ansikt til ansikt, fullt ut kjent av Gud. Og det siste som blir verande i alle slags urolege tider og strevsomme liv, er desse tre. Tru, håp og kjærleik.  Dei oppstår ansikt til ansikt. Dei er forandringa som lyser av eit møte med Gud som kan skje kor som helst og med kven som helst. Ikkje berre på eit fjell. Ikkje berre i ekstase. Kva tid som helst kan det vera ingen anna å sjå enn Jesus.  

Powered by Cornerstone