
Kyrkjelydsweekend til Nordlys misjonssenter 21.-23. mars. PÅMELDING
Bli med på kyrkjelydsweekend!
Set av helga 21.–23. mars 2025 og bli med Brynekyrkja til Nordlys Misjonssenter! Dette blir ei helg fylt med god mat, fellesskap, kjekke aktivitetar og påfyll for trua.
👨👩👧👦 For alle aldersgrupper! Det blir eigne opplegg for barn og unge, i tillegg til felles samlingar med song, leik og inspirasjon. Me byggjer fellesskap saman!
📍 Vakkert plassert ved Alsvik, Lutsivatnet – berre 35 minutt frå Bryne. Her er kart
Startar fredag kl 18:30, ferdig sundag ca 13:30.
💰 Pris:
- Vaksne: 900,-
- Barn (tom 12 år): 700,-
- Makspris for familie: 3000,-
(Prisane inkl. mat og overnatting)
NB: Dersom du ikkje deltek på heile weekenden, er du velkommen til å koma til gudsteneste klokka 11:00 sundag 23. mars på leirsenteret.
🔗 Påmelding: TRYKK HER
Dette blir ei helg du ikkje vil gå glipp av! Ta kontakt med Jon Torger H. Salte (984 16 231 / epost) om du har spørsmål.