Truverdige Jesusvitne
Kveldsgudstenesteserie sundag før pinse 2023 - Joh.15,26-27

Truverdige Jesusvitne

Det er tydeleg at Jesus vil ha vitne.  Det han kom for, skal ikkje gå i gløymeboka.  Det han gav livet sitt for, skal ikkje gå tapt.  Jesus si sak er ikkje ferdig.  Ho skal vitnast om.  Ho skal vitnast for.

"Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27 Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund." (Joh.15,26-27)

Det er tydeleg at Jesus vil ha vitne.  Det han kom for, skal ikkje gå i gløymeboka.  Det han gav livet sitt for, skal ikkje gå tapt.  Det skal gjes vidare.  Jesus si sak er ikkje ferdig.  Ho skal vitnast om.  Ho skal vitnast for.

Det er tydeleg at Jesus har tru på vitnene sine også.  Dei som følgjer han.  Og på talsmannen som Jesus sjølv skal senda.

Me kallar det «truverdige Jesusvitne» i kveld.   Det er sjølvsagt fordi me trur og tenkjer at Kirkens bymisjon har ein truverdig måte å gje verdighet til folk som lett kan kjenna seg lite verd.  Eit truverdig vitnesbyrd om Jesus og hans måte å reisa opp og gje ny start til utsette og marginaliserte folk.

Meir handling enn ord
Å vera truverdige Jesusvitne er handling meir enn ord, i tråd med Jesus sine handlingar.  Truverdige Jesusvitne går god for Jesus si sak. For det er ei sak her.  Noko som skal vinna fram.  Noko som gjer Jesus stor og menneske godt.  Det kristne evangeliet inn til nye folk.  Guds kjærleik inn i nye tider og situasjonar.

Eit vitne høyrer til i rettssalen.  Truverdige vitne er pålitelege vitne. Du kan stola på det dei seier.  Dei får fram kva som er sant, kva som stemmer. Den rette og rettferdige dommen kan fellast i saka.  Nokre har sett kva som har hendt og snakkar sant om det. 

Truverdige Jesusvitne går god for Jesus si sak.  Dei kan vera ein gamal mann på kyrkjeveg. Dårleg til beins. Ein kilometer å gå. Han brukar lang tid. Og likevel går han kvar gong det er gudsteneste. På eit tidspunkt mange yngre ennå ligg og søv. Han seier aldri så mange orda. Likevel er han eit fint vitne for Jesus. Søndagen si samling om evangeliet og nattverdbordet er så viktig.  Det er føtene sin bekjennelse.  Det er å vitna om Jesus med å vera trufast mot fellesskapet.

Eller ei som er lyttepost for Kirkens SOS ei natt livet står og vippar skjørt.  Eller ein ungdom som tek eit styreverv for at andre unge skal ha ein heim i kyrkja.  Det er så mange måtar å vera eit truverdig vitne på.  Men først og fremst er det slik Johannes skriv i det første brevet sitt: "Den som trur på Guds Son har vitnemålet i seg" (1 Joh 5,10). Noko å tenkja på!  Å vitna er ikkje å prestera, men det er å sleppa fram og ikkje skjula det som Gud sjølv har skapt i oss.  Det er å la trua Gud har gitt, få verta synleg!

Saka er ikkje tapt.  Me har alle del i ho når Jesus er vår frelsar.  Me kan alle vera vitne på vår måte, i vår tid, med vår person, der me bur og slik me bur. For det er ein djup hemmeleghet med det å vera vitne.  Og det fortel Jesus sjølv i dag: Han har ein heilt spesiell talsmann.  Eit truverdig vitne som snakkar heilt sant.  Guds Ånd.  Sanningsanden.  Det aller finaste er at Jesus vil la talsmannen bu i alle oss som er kalt til å vera vitne. 

Bistandsadvokat
På latin er talsmannen kalt for advokat, og det er ein god tanke.  Særleg viss me oppfattar han som bistandsadvokat meir enn forsvarsadvokat. Forsvarsadvokatar fører jo ordet for klientane sine og har ikkje nødvendigvis mål om å få fram sannheten, bare det som tener til å vinna saka. Men Bistandsadvokaten derimot har ein annan rolle.  Vert du utsett for vold, får du bistandsadvokat gratis tildelt.  Bistandsadvokaten snakkar ikkje for deg, han snakkar med deg og skaffar informasjon og argument som styrker ein utsett sin evne til å stå fram sjølv. Bistandsadvokaten gjer ein person myndig og hjelper til å nøsta opp heile sannheten i ei sak. 

Ein sånn talsmann har Jesus gitt deg.  Slepp han til og fram i livet, så går ikkje di sak på tap.  Ikkje Jesus si heller.  Du er eit truverdig Jesusvitne, for den heilage Ande vitnar i hop med deg.

Gode ord om det han gjer står i Norsk Salmebok nr. 520:  "Gå gjennom byens lange, rette gater..."

Powered by Cornerstone