Ein bukett i fanget - kva nå?
4.sundag i openberringstida 2015. Johannesevangeliet kap.9

Ein bukett i fanget - kva nå?

Me var vel ikkje akkurat staurblinde frå før, då denne litteraturperla kom dalande og blanda seg med bibelen sine forteljingar og livet sine. Men me vart litt meir sjåande og litt meir sansande av buketten si duft og berøring.

Bibeltekstane:

2.Mos.3,10-12 og 4,10-16: Moses vegrar seg mot kallett
Rom.9,20-24:  Paulus spør om krukka kan klaga på handverkaren
Joh.9,1-7 + 35b-38: Jesus gjer ein blindfødd sjåande – og truande

Ein ubedd og uventa gave, er sterke saker.
Her er eit nydeleg litteraturglimt om det.
Teksten er frå boka Tante Palmas ris av Francisco Azevedo.

«Appelsinblomstbukettens baklengse flytur, den praktfulle oppstigningen opp i det blå, oppstyret blant de ugifte ungjentene, og blomstenes svimlende fall ned i hendene på hun som var født blind, den eneste av dem som ikke skubbet seg fram i mengden – ikke den minste bevegelse for å sikre seg at hun skulle bli neste brud.  Lykken kom til henne uten anstrengelser, det var snakk om sekunder.  Alle ble tause av forbauselse. En pinlig taushet. Hvem hadde ventet seg det?  Noen ble til og med opprørte.  Og så hun da.  Hun som ikke engang kunne sette pris på skjønnheten hun hadde i hendene.  Hva var vitsen med det hvite i kronbladene, det grønne i bladene, sløyfebåndet som var blitt så omhyggelig og kunstferdig knyttet?  Alt var til ingen nytte, tapt i et nattsvart mørke.  Nøtter til den som ingen tenner har.

Så smilte den blinde ungjenta, hun strålte, fordi duften og berøringen var sterkere enn fargen.  En enslig klapping brøt stillheten.  To andre sluttet seg til i en duett.  Og så klappet alle, selv de som var blitt skuffet.  Hvem kunne dømme om det var fortjent eller ikke?  Hvem ville tørre å forklare det uforklarlige? Det fantes en logikk i det hele.  Er ikke en baklengs flytur tross alt en blind flukt?  Guds veier er uransakelige, og buketten til min mor Maria Romana landet i mørket der kjærligheten lå skjult…»

Eit nydeleg stykke litteratur.  Ein brudebukett som flyg gjennom lufta og deisar ned i fanget til ei som ikkje har strekt ein finger for å ta imot.  Glede og skuffelse. Spørsmål om forteneste, nytteverdi og tilfeldighet.  Kvifor?  Ein ny takk og lengsel i auge som ser noko anna enn dei sjåande augene ser.  Det store spørsmålet er jo ikkje kvifor dette hende, men kva nå….

Buketten landar...
Denne litterære perla landa uventa i dåpssakristiet her i kyrkja for halvanna veke si, i fanget på gudstenestegruppa som leitte etter gullkorn frå tekstane for i dag.  Me var vel ikkje akkurat staurblinde frå før, då denne romanbuketten kom dalande og blanda seg med bibelen sine forteljingar og livet sine.  Men me vart litt meir sjåande og litt meir sansande av buketten si duft og berøring.  Det var ein åpenbaringsbukett som opna døra til noko som er likt i dei 3 tekstane for i dag.  Noko som handlar om livet.  Noko som viser kven Gud.  Noko som opnar framtida.  Ein rød tråd i tekstane ville ut og ta fylgje med den levandegjorte brudebuketten i fanget og alle spørsmåla som svirrar rundt han.

Vil de prøva å vera med og finna tråden?  Budskapet frå Gud i dag?  Tekstane har me jo høyrt.  Brudebukettforteljinga også.  Ta sjølvsagt med livet ditt i leitinga.  Det er jo livet det handlar om.  Livet med muligheter og begrensningar, uventa nåde og ubedde plagar, bukettar me får eller aldri får, ferdigheter me lærer oss og handicap me må leva med, alt dette me undrar oss over, kjempar med og lengtar etter, det som har kort veg til det me nettopp fekk be i salmen (650). Styrk songen, motet, håpet, lengsla og trua vår, Gud!

De anar sikkert kor den røde tråden startar:  Ein ubedd og uventa nåde finn oss der me er i livet.  Ein bukett i fanget, ein som varslar håp og nye tider.

Sjå føre deg Moses.  Mann på flukt.  Mann parkert.  Sauegjetar hos svigerfar langt uti ørkenland.  Ettersøkt for drap. Den store mannen som var opplært i farao sitt hoff, med alle muligheter, eitt bein i Guds folk og eitt i tida og makten sitt sentrum.  Ein dag snur alt for han som har tapt alt.  Ein tornebusk i konstant brann ute i ørkenen.  Eit syn og ein stemme.  Gud viser seg for Moses.  Bukett i fanget utan minste anstrengelsar.  Gud har høyrt eit folk sitt nødrop og sett lidinga.  Gud fortel kven han er og kva han vil gjera.  Moses får oppdraget.  Kallet til å vera eit folk sin store befriar.  Guds folk sin redningsmann. Ny dag, ny framtid, nytt kall, ny meining. Bukett i fanget, ein ubedd og uventa nåde, frå Gud som ser og gjer sjåande.

Sjå føre deg blindfødd mann i Jerusalem.  Fargar, lys og former når ikkje inn.  Men stemmar og steg kan merkast.  Dei fleste hastar forbi.  Nokre stoppar opp for å snakka om han.  Færre for å snakka til han, eller faktisk med han.  Ein dag gjer nokon han til ei teologisk og eksistensiell gåte, ein runde i ringen om arv og miljø, skuld og skjebne, synd og straff.  Den dagen gløymer han aldri.  For då landar buketten i fanget på den blindfødde. Lukka kjem utan anstrengelsar. Frå han som ser person før sak: «Men no kan Guds gjerningar bli openberra på deg».  Det er ikkje bare ord, det er kroppsspråk, klint over augneloka, leire med spytt frå rabbi Jesus frå Nasaret, eller var det lyset i verda.  Ein ubedd og uventa nåde frå Jesus som ser og er lyset for allslags blinde auge

Sjå føre deg sterk og fanatisk mann på veg til Damaskus.  Tett på kroppen ber han viktige fullmakter til å fengsla Jesustruande.  Rett tru og religiøs iver er på ferde, vilje til å forsvara trua og vårherre. Sortering av menneskeverd og vold i Guds namn på ein måte som det er høyst aktuelt å ta avstand frå i våre dagar. Mannen vert stansa.  Det ser ut som lys frå himmelen, det merkast som stemme i øyra og auge som vert blinde.  Eit møte med Jesus som han bekjempar med alle midler.  Ikkje eit møte for å verta dømt.  Nei. det er den største buketten han nokon gong får i fanget!  Buketten landar på tross av store anstrengelsar for å beskytta seg og andre mot dette.  Ein uventa og ubedd nåde for ein religøs fanatiker med blod på hendene: Kall til å bli apostel!

Det er bare å be om opne auge nå.  Kva tid kom buketten deisande ned i fanget ditt?  Han kom. Han kjem. For slik er Gud.  Gud forærer oss ikkje bare dette underet av eit liv. Han finn oss med ein og annan ubedd og uventa nåde underveis i livet.  Buketten må ha landa.  Ingen av oss er meir anonym enn ein blindfødd i Jerusalem. Ingen er diskvalifiserte i utgangspunktet når Moses og Paulus kunne få buketten.  Rett skal vera rett, buketten til deg ser sikkert ikkje så ekstraordinær som heilt nytt syn, å verta folkebefriar og apostel, men noko er det….

Å vegra seg...
Det er vel ikkje slik at me vegrar oss for det som Gud har på gang i livet vårt?  Det er vel ikkje slik at auge er halvblinde og stemmen vegrar seg.  For det er langs den vegen den røde tråden dreg av garde i tekstane for i dag.  Den ubedde og uventa nåden landar midt i situasjonar og folk fulle av uttalt vegring

Moses:  «Høyr nå her, Gud, du veit kven eg er, det går ikkje.» Han har vegra seg eit par gonger før det, og følger opp med nye argument:  «Eg er ingen talar».  Og når det ikkje nyttar:  «Send ein annan, Gud».

Men Gud har Moses og ein plan.  Han skiftar han ikkje ut sjølv om harmen dirrar.  Han helbredar ikkje handicappet, men gjev han ein hjelpar.

Jesus sine disiplar har  blikket snudd bakover.  Dei er fastlåste i bakoverblikk.  Ser ikkje mennesket, men ei sak.  Vil ha orden på teologi og overser ein hjelpetrengjande.  Dei er opphengde av kvifor.  Av kven som har skulda, av kva som ligg bak, av kven som har ansvaret, av kven som får som fortent eller ufortent, rettferdig og urettferdig.  Teologi og religiøs grubling har drive altfor mykje med sånt.  Jakta på ansvar, årsak og skuld er ikkje alltid heilt god når ein moderne katastrofe inntrer heller.  Det er så mykje lettare å snu blikket bakover, enn å vera sjåande på smerte i nåtida og lyfta blikket mot nye muligheter framover.

Paulus må setja all denne vegringa og grublinga på plass i brevet til romarane.  Å ta til motmæle mot Gud fordi den store handverkaren har laga ei litt annleis krukke, er vegring mot å sjå det beste Gud kan gje. Paulus veit noko om det.  Han sleit med noko i krukka si, ein Satans engel, noko som hindra tenesten hans, han ba og ba og vegra seg for å ha det slik og tru det var Guds vilje.  3 gonger ba han, slik Moses vegra seg 3 gonger i dagens tekst.  Nå skal de få ei interessant samanlikning på det.

Moses: «Herre, eg har eit handicap, ta denne oppgåva frå meg
Paulus: «Herre, eg har ei oppgåve, ta dette handicapet frå meg

Begge ba bønner Gud ikkje ga bønnesvar på, ikkje slik dei ønska.
For Paulus skulle Guds nåde vera nok.  Krafta skulle fullendast i det svake, ikkje i det perfekte.  Akkurat slik me snart skal syngja om å ta imot oss sjølv og andre med nåde, fordi me har fått Guds nåde.  Akkurat slik altaret er pynta med ei sprukken krukke der grøne spirer gror opp midt i knust glas og keramikk.  Ingen av oss er perfekte, men du verda så fint Guds nåde sitt lys kan skina gjennom det som ikkje er perfekt.  Gjennom sprekkene kjem livet og lyset fram.  Guds nåde vert synleg.  Buketten kan landa hos andre.

Viss me ikkje vegrar oss, då.  Mot kallet eller mot lytene våre og tek til motmæle mot skaparen eller unndreg oss kallet, slik Moses ville, eller viklar oss inn i eit bakoverblikk der bare det bitre og grublande får til å gro, aldri handling, aldri å gjera Herren sine gjerningar mens det er dag.

Min tro-intervju
Avisa Vårt Land hadde «Min tro»-intervju med Geir Hellemo sist laurdag. Teologiprofessoren som har starta pensjonistlivet med ein vond, ubedd bukett i fanget.  Rullestol og alvorleg nevrologisk sjukdom.  Han har skrive bok om å oppdaga Gud i kvardagen, ikkje i det overnaturlege.  Frå rullestolen er det gripande når han avviser problemstillinga om kvifor Gud tillet liding og død og seier:  «Det er den største gåten i tilværelsen som vi aldri får svar på.  Derfor grunner jeg heller ikke på det. Hvorfor dette hendte med meg, er ikke noe dominerende tema i mitt liv.  Jeg vet at verden er grusom, men jeg vet også at den ikke er gudløs

Det landar ein brudebukett i fanget på ei blindfødd jente.  Har du funne tråden? 
Ein uventa og ubedd nåde
Ei uttalt vegring
Eit undrande: Kva nå?

For det er det store spørsmålet:  Kva nå?

Finn den blinde jenta kjærleiken, ikkje bare buketten som varslar?  Går den blindfødde til Siloadammen?  Finn Moses Aron, bror sin? Vert gudsfolket fria frå slaveriet? Når Paulus fram til romarane han skriv brev til?  Aksepterer du begrensningane dine fordi Gud kan sleppa nåden laus både i ditt og andre sitt liv gjennom dei?  Får du sinnsro til å godta dei tinga du ikkje kan forandra og mot til å forandra det du kan?  Tek du imot deg sjølv med nåde og andre med Guds eigen raushet. 

Det store spørsmålet er «Kva nå?».  Kva om Guds gjerningar nå kan bli openberra på deg?  Kva om den nye misjonsavtalen vår gjer Gud stor med å gje evangeliet til ungdommar i Israel og jødar i Ukraina?  Kva nå?  Kva får Jesus utføra i meg og gjennom meg, slik at eg vert litt meir sjåande og ennå meir truande.

Det store spørsmålet er «Kva nå»?  Går du der Gud kallar?  Takkar du for bukettane i livet med å tru på Gud.  Han som utruleg nok elskar det ufullkomne.  Han som er Jesus.  Han som er totalt uinteressert i kvifor-spørsmåla og kven som har gjort kva.  Han stiller bare på valg og vil fylgja deg i valget:  «Kva nå»?  

Det er bare ein setning igjen til det eg har fått til budskap i dag:

Det gode livet som Jesus set fri til, spør ikkje «kvifor», men «kva nå».

Så då sluttar ikkje denne preika nå, men ho fortset der du tek ho med i kvardagen. 

 

Powered by Cornerstone