Det beste i vente
Time kyrkje - Allehelgen 2020 - Matteus 5,1-12

Det beste i vente

Himmelsalmar og folketonar høyrer i hop i Norge. Det var slik folketonen fekk kraft og vart bevart for ettertida. Sang om himmelen i Norge er ofte mollstemt. Inderleg. Følsom. Nær livet, smerten, døden, sorga. Norsk sang om himmelen kjem frå djupet og sit i margen.

Prøv å sjå føre deg dette:
Du slår følgje med Jesus og disiplane hans i åssidene opp frå Genesaretsjøen i Galilea.  Opp dalsida frå sjøen, ennå ikkje på fjellet, åsar med grønt gras og tørre strå, liljer på marka, fuglar under himmelen, lukt av natur, varm bris, ein flokk på vandring.  Tenk deg at du er der.  De slenger dykk ned i grastustar og varme steinar på ein høgde opp i åsen.  Du har fri utsikt over fiskebåtane på innsjøen, skimtar landsbyar med vanleg daglegliv, husdyr og eit og anna menneske i arbeid på åkrane lenger nede.  Eit landskap som vert rette kulissar for det som nå skal skje, ein utsikt som åpnar sansene for det som er vakkert og sant og verkeleg.  Og du snur deg mot Mesteren og lar alt samla seg i han og det han nå seier. 

Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han.  2 Då tok han til orde og lærte dei:
          
   
 3 «Sæle dei som erfattige i ånda,
          himmelriket er deira.
          
   
 4 Sæle dei som sørg,er,
          dei skal bli trøysta.
          
   
 5 Sæle dei audmjuke,
          dei skal arva jorda.
          
   
 6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
          dei skal bli metta.
          
   
 7 Sæle dei miskunnsame,
          dei skal få miskunn.
          
   
 8 Sæle dei reine i hjartet,
          dei skal sjå Gud.
          
   
 9 Sæle dei som skaper fred,
          dei skal kallast Guds born.
          
   
10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
          himmelriket er deira.


11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Kjenner du at dette er ord som ingen andre?  Ikkje turre og tome.  Ikkje lettvinte og lette.  Det er ord som grip tak.  Du lyttar. Vert gripen. Lengtar.  Du vert trekt inn i ein verkeleghet som gjer at vakkert landskap i Galilea sine åsar, trengjer under huda og åpnar eit stort og godt landskap inni deg.  ”Sæle dei….  Sæle de.”  

Det gjer noko med deg å verta prist salig, lukkeleg! Gratulert med ei lukka i nåtid og framtid.  Det er heilt unikt med desse orda og han som seier dei!  Dei er som ein melodi frå himmelen og ein lovsang til han som kan gje oss himmelriket i eige. Det glimtar av himmel på jorda. Det strålar frå eit himmellys å gå imot.  Ord fulle av trøstetonar. Ord som skapar håp.  Dei er noko som allerede er og ennå meir skal koma.  Dei lokkar fram ein lengsel djupt inni deg.

Sant om det sårbare
For Jesus snakkar sant om livet slik det er.  Han kjenner smerten og sorga og tapa.  Korleis det er å vera fattig i seg sjøl.  Når livet er lengsel og hunger og tørst etter meir å leva for.  Han rører med det du lengtar etter fordi du manglar det.  Han treff deg heime i dei gode lystene etter barmhjertighet, å sjå Gud og vera Guds barn.  Og ikkje minst til å sjølv vera ein som gjer livet godt for andre, er barmhjertig, rein i hjarta og skapar fred.

Du merkar der du sit på varm grunn under Galilea sin blå himmel, eller på ein blå benk i Timekyrkja, at Jesus snakkar sant om livet.  Av og til er marginane så ørsmå mellom liv og død, mellom det vonde og det gode.  Me er ikkje laga med beskyttande panser, men med tynn og følsom hud til å møta omverda med.  Med eit moteord: Me er sårbare. Det skal lite til for å skada både kropp og sjel.  Fødde nakne til verda er me.  Avhengige av stolte foreldre sin kjærlighet, av omsorg og godhet som gjev oss tillit og sjølbilde.  Skjelvande når det er me som skal vera oppdragarar og vegvisarar.  Hjelpelause når sjukdom rammar og ulukker skjer.  Knuste når vold og vondskap herjer rundt oss og med oss. Sørgjande når dei me var glade i, ikkje lenger er rundt oss.  Sårbare så me kjenner oss fattige og sørgjer.  Sårbare fordi me er laga slik at det er ørsmå marginar mellom å hungra og tørsta etter rettferd og det å lukka augene for den uretten som ikkje rammar oss sjøl. 

Jesus treff oss i de svake og sårbare livet, og gjer dette til ein kanal og frekvens han kan finna oss heime på, ja faktisk til å gje oss det han lengtar etter å fylla oss med.  Jesus kjem med håp!  Ikkje når livet er på sporet, men når det er av sporet.  Ikkje når me tykkjer me fiksar det, men når me lengtar etter det som han kan gjera nytt og heilt.

Himmeltonar
Saligprisningane er ikkje mindre enn kraft frå det høge som slår ned i det låge, dei er tonar frå himmelen som smyg seg inn i livet på jorda.  Dei grip og du løftast.  Dei sår gudsrikefrø som spirer i god jord som har lengta og venta på dette.

Kjenner du noko av dette når du lyttar til Jesu saligprisningar?
Då er du ikkje den første! Få tekstar ragar høgare i verdenslitteraturen enn desse enkle og sterke orda.  Dei snakkar ærleg om livet, sterkt om himmelen og gjer at han som seier dei, er som ingen andre. Dei krasjar ikkje i møte med kvardagen min, dei åpnar han opp, for dei er sanne om livet.

Sorg
Blant anna om sorga.  Nokre av oss sørgjer.  Andre har gjort det.  Alle kjem til å gjera det. Og mange får det sterkt opp i dagen rundt allehelgensdagen. Stella grav før vinteren.  Tenna og halda liv i eit lys.  Varma seg på kyrkjetorget, lytta til dikt og musikk i går. Koma til gudsteneste i dag.  Mange sterke minner.  Ansikt som lyser.  Klump i halsen. Varme tankar.  Bønner. Sakn. Håp.  

Det er hardt å møta tapet.  Å forsona seg med det som bare er forbi.  Å gå gjennom sorga sine vanlege fasar, frå det første uverkelege sjokket der tida stoppar opp, til dagane bare er triste av tårer, sakn og lengsel, fortviling og smerte.  Ikkje sjeldan blandar saknet seg med sinne og skuffelse, over oss sjølv, over dei me har mista, over andre, over Gud.  Det er viktig å ha nokre rundt oss og ein og annan å snakka med i slike dagar, slik at me forsoner oss og finn fotfeste på nytt.

Salig
Men er det noko som kan måla seg med å verta prist salig? Dette som er endå mykje meir enn gode klemmar og lyttande øyre.  Mykje meir enn nokre som tykkjer synd på og seier eller tenkjer: ”Stakkars deg som sørgjer.”

Jesus gjer meir:  ”Sæle er dei som sørgjer….     Ikkje fordi me har det særleg godt i sorga, men fordi han tenner eit lys for oss.  Me skal verta trøsta!  Han har ei framtid for oss.  Ei framtid som inneber trøst.  Ei framtid i himmelriket.  Ei ny tid. 

Slik våre begrensa førestillingar tenkjer oss ein himmel utan sakn, inneber det gjensyn.  Derfor er allehelgensdagen ein dag der me syng og lyttar og bed oss inn i det som ein dag skal koma. Me tenkjer gjerne med takk på ein eller ei som har gått føre og vist veg for oss.  Gjort det lettare å leva og sterkare å håpa.

Himmelsalmar på folketonar
I dag syng me om dei som har vandra føre oss og om himmelen. Me har bevisst valgt å bruka himmelsalmar på folketone denne sundagen. Ganske enkelt fordi himmelsangar og folketonar høyrer ihop i Norge.  Det var ikkje vanskeleg å få fangst på søk etter himmelprega folketonesalmar i salmeboka. 

Er ikkje det godt å tenkja på? Folkemelodien vaks fram på, eller vart knytta til, ein himmeltekst. Og det var som sang om himmelen tonen vart bevart for ettertida.  Skal me syngja om himmelen i Norge, så er det ikkje først og fremst med sanselause jubeltonar, men det er ofte mollstemt. Inderleg. Følsomt. Med nærhet til livet, til smerten, til døden, til sorga. Norsk sang om himmelen kjem ikkje frå overflata og den kortvarige begeistringa, men frå djupet. Han sit i margen på oss. Han er slitesterk gjennom århundre. Kjenn på det når du syng eller bare tek inn sangen om himmelen i dag. Du syng deg ihop med dei som har lengta etter himmelen før deg. Livet vårt, slik det faktisk er, har himmelriket til mål. Livet nå og der framme høyrer i hop, slik Jesus skildrar i saligprisningane.

Høyr deg sæl
Så slutt aldri å lytta til desse orda. Høyr deg sæl. Smak og kjenn.  La Jesus sine ord lyfta og bera.  Forma livet nå, og gje deg framtid og håp.  La dei tala trøst og skapa tru.  La dei leggja sine milde hender på trøtte hovud og stive nakkar, så du fell til ro midt i strevet og sorga.

For me er fattige i oss sjølv. Me har lite å fara med når me skal svara for grumset i oss sjølv og møta livet sin slutt med ein forgjengeleg kropp.  Mange sørgjer, nokre slit med bører dei aldri vert kvitt, nokre lir blodig urett og må tålsomt finna seg i ting det ikkje kan gjerast noko med.  Høyr at det er noko ganske anna i vente i himmelen.  Kjenn at det er lukka og salighet å eiga dette håpet her og nå!  Ta imot det som ein fri gave.  Gitt av Jesus.

Og kjenn den gode utfordringa.  Merk at dei som vert prist salige har fått så mykje at dei også ønskjer å gje mykje.  Høyr tonen av oppmuntring og håp for dei som er barmhjertige mot andre, som arbeidar for fred og kjempar med å bevara eit reint hjarta i ei urein verd.  Dei er på parti med han som framfor nokon var barmhjertig, han som var gullande rein i hjarta og skapte fred med Gud for oss alle, då han ga livet sitt på korset og ga oss retten til å vera Guds barn.

Det beste i vente
Når du etterkvart reiser deg frå utsiktsplassen i Galilea sine åssider og frå kyrkjebenken, så kan du kjenna godt etter:
Om du eigentleg har større gavar å eiga enn dei Jesus forærer deg.
Om du har større program å leva etter enn det Jesus har lært sine og vist deg.
Og om du har større mål å gå mot enn himmelriket!  Det beste i vente!

Powered by Cornerstone