Å leva klokt
Kristi kongedag 2018 - Matteus 25,1-13

Å leva klokt

Mange ber på himmelhåpet dei har fått i barnetru.  Men når hendene fyllest opp av cash og kredittkort, så vert det VIPPS lite plass til evige verdiar. Det kortsiktige trumfar det langsiktige. Tru og håp kan visna så umerkeleg fort.

Å leva klokt.  Det seier bibeltekstane i dag mykje om. Kva slags liv lever eg når eg er klok?  Menneskeleg og åndeleg vis? 
5 punkt  frå bibeltekstane og litt frå erfaring..

  1. LEV LANGSIKTIG!

For livet er større og meir enn dagen i dag.  Me treng inspirasjonen og gløden og visjonane frå det store målet for livet.  Me kan ikkje gå glipp av den store bryllupsfesten, stå uendeleg fattige den dagen alt skal avgjerast, fordi me bare levde kortsiktig.

5 kloke og 5 uforstandige brudejenter hadde alle 10 det same store målet, å møta brudgommen og vera med han inn til festen.  Dei hadde felles mål og draum. Dei var skrudde i hop på same måten. Sårbare og veike duppa dei av og sovna med lampa i hånda alle 10, når brudgommen trong si tid. Forskjellen på dei såg ikkje stor ut, men han var der på eit ganske avgjerande punkt.  Å innretta seg langsiktig eller kortsiktig i forhold til målet.

Eit eksempel: Eg har rusla på jernbanebrua over elva Kwai i Thailand.  Mange av dykk har sett den gamle storfilmen frå 1957, den med plystringa…  Broen over Kwai.  Ein tragisk film og historie frå andre verdenskrig.  Allierte krigsfangar døyr som fluer i jungelen mens dei må tvangsarbeida og byggja bru over elva Kwai.  Dei japanske krigsherrane skal nemleg byggja jernbane og frakta materiell frå Bangkok til Rangoon.

I krigsleiren driv den fengsla engelske obersten psykologisk krig med den japanske leirkommandanten.  Det ender med at obersten set alt inn på å få bygd ei praktbru over elva.  Engelsk effektivitet og grundighet skal visast.  Leirkommandanten skal psykast ut, og moralen i utslitne krigsfangar skal haldast oppe.

Brua vert eit kortsiktig mesterstykke og ein langsiktig katastrofe.  Andre allierte styrkar må senda sabotasjeteam for å få sprengt brua.  Og når obersten oppdagar dette, klarar han ikkje gje slepp på babyen sin. Han døyr faktisk i kamp for det kortsiktige prestistjeprosjektet som rett og slett var i fienden sin teneste.

Kva er visdom?  Kva er Guds visdom?  Er det ikkje å leva så langsiktig at det kortsiktige ikkje får ta oss. Den djupaste bønna handlar om å få gå sigrande inn i Guds rike til slutt.

Noko er altfor kortsiktig iforhold til det.  Det kortsiktige kan ha ein god grunn.  Det kan vera viktig ei stund.  Bygd for si tid.  Reist for eit godt formål.  Men ein dag må det sprengjast.  Det tener ikkje saka lenger.  Etterkvart må lampen fyllast på med ny olje.  Det som var, held ikkje lenger, er ikkje nok.

Er dette aktuelt på Jæren i 2018?  Kjenner de trykket?  Det er klart me gjer det, me som ser «Lykkeland» og «Luksusfellen» på TV og anar at oljealderen kan verta meir kortsiktig enn me trudde og kva miljøet på kloden kan tåla i eit langsiktig lys. Så utruleg fort gjort det er å kjæla med ulike slag kortsiktige babyar, alt me vil ha og oppleva, og som er rett for hånda og gjev oss kick i kvardagen.

Det er bare det at det tek så fokus og kraft. Det kortsiktige kjem i vegen for det langsiktige.  Heilt sikkert er det mange i nærmiljøet vårt som ber på himmelhåpet dei har fått i barnetrua.  Men når hendene fyllest opp av cash og kredittkort, så vert det VIPPS lite plass til evige verdiar. Avstand mellom behov og behovstilfred-stillelse har vorte så kort at livet sitt fokus i utgangspunktet vert kortsiktig. Og tru og håp visnar så umerkeleg fort og lett.

Å leva langsiktig er Guds visdom.  Me er kalt til ein langsiktig draum.  Ein gedigen gudsrikefest for alle folk!  Me har fått ei jord å forvalta i langsiktig perspektiv.  Me skal byggja menighetsliv som ber det langsiktige i seg.  Rett som det er må noko som var bygd for ei anna tid enn vår, sprengjast og forlatast.  Dei berande visjonane skal stå, men nye former og arbeidsmetodar skal sleppa til for å halda det langsiktige målet.  Eg har mange gonger tenkt på filmen om Kwai-brua når eg prøver å vera obs på at delmål og kortvarige prosjekt ikkje må forvekslast med visjonen. Eg må ikkje halda fast på mine kjepphestar så lenge at det vert ei plage for neste generasjon. Lev langsiktig!

  1. LEV I NÅET!

Der var 5 kloke brudepiker.  Dei levde med full beredskap.  Det var viktig å vera klar sjølv om det inntraff noko uventa.  Dei hadde ikkje bare blikket vendt mot det som skulle skje.  Dei bygde ikkje livet sitt på fortida og det dei eingong fekk del i.  Dei levde i nået.

Me er visst fleire som skulle ønska at me var flinkare til å leva i nået, ikkje vera så opptatt av det som var, kanskje til og med bittert.  Eller så bekymra for det som kan liggja rundt neste sving.  Men det er ikkje Guds visdom å lengta etter det som var, eller grua seg til kva som kan skje.  Å leva klokt er nåtid.  I evangelia er det så mange ord om akkurat nå og i dag. Jesus har eit tydeleg kall til å vera meir til stede i nået.  Me trur jo at Jesus er der, her og nå.  At han er oljen me kan fylla på lampa heile tida.

Visdom er å leva med Gud i dag, gjerne med stor takk for historien han har lagt ned i livet ditt og med forventning om det som skal koma.  Men det er dagen i dag som er livet sin dag, både kvardagslivet og gudslivet.  For den som lever langsiktig, lever også i nået.

  1. LEV SJØLV!

Jesus si likning antyar at ingen kan leva på andre si tru og andre sine valg.  Visst skal me kunna hjelpa kvarandre og finna støtte i andre si tru og andre si bønn for oss.  Visst skal me dela med oss, alt som kan delast.  Fellesskapet er viktig for å leva som ein kristen.  Men fellesskapet si oppgave er ikkje å vera stedfortreder, der fins det bare ein, Jesus Kristus. Fellesskapet si oppgave er å hjelpa kvarandre fram til kjeldene for trua, så kvar enkelt kan drikka sjølv.  For ingen har noko anna å dela enn det som me får, der det vert delt ut.

Dei forstandige med olje på lampen veit også så inderleg vel at den krafta som held liv i deira eigen lampe, den kan ikkje hentast hos dei sjølv.  Den fins bare hos Jesus.  Foreldre, ektefelle, venner og miljø kan vera utruleg viktige for å visa veg til tru og bevara i trua.  Men evangeliet må få rot når Jesus møter meg i mitt eige liv.  Det er då trua tåler møtet med alt som fristar oss til å leva kortsiktig.

  1. LEV I LYSET!

Dei uforstandige mangla noko.  Dei mangla den krafta dei sjølv ikkje kunne produsera.  Det dei hadde av eigne ressursar var ikkje nok.

Og for all del: Dette går ikkje på manglande prektighet!  Det er ikkje slik at dommens dag belønner dei flinke og vellukka.  For Jesus fortel jo at dei sovna alle 10 brudejentene.  Når livet vårt skal stå for dommen, så kan det godt vera at summen av laster og feilgrep ikkje har den store forskjellen.  Det er kort veg frå storheten til det smålege i oss alle. Det som verkeleg betyr noko, er om synd vert gjort opp for Gud og - så langt det lar seg gjera - for menneske. Om lova og evangeliet sitt lys får meg til å leggja synda av der ho er sont og betalt for – og kan tilgjes - hos Jesus.

I Jobs bok var det dette som var visdommen: «Å frykta Herren, det er visdom, å venda seg frå det vonde, det er forstand
Å leva i lyset er livsviktig visdom.  Det er den einaste vegen til Guds nåde.  Det er den einaste vegen til ein ydmykhet som skaper trygge kristne fellesskap.  Der det er lett å vita at her treng me alle mykje nåde.  Og her treng me kvarandre, gjestfritt, raust, omtenksomt, varmt.  For me har fått eit kall:

  1. LEV I FORNYING!

For å leva i Guds visdom er å leva overgitt til Jesus og i Den Hellige Ånd si kraft. 
Og det er akkurat dette Paulus minner om i starten av kolosserbrevet.  Han teiknar eit kristenliv i fornying.  Eitt som ikkje er på stedet hvil.  Me vil jo vera i vekst, ikkje sant?  Brynepatriotar kan ikkje leva greitt med å ha fotballen på stedet hvil på nivå 3 i landet.  Å søkja fornying og vekst er å kjenna at livet lever.  Det er å leva klokt.  For det er å leggja alt i Guds hender.  Det er han og bare han som kan gje vekst.  Men kan hende slepp han betre til når folket hans lever klokt, lever i Guds visdom.  Lev Langsiktig  -  i nået – sjølv - i lyset - i fornying.
Kjære Gud, hjelp oss til dette!

Powered by Cornerstone