Han som ser meg
3. sundag i påsketida 2016 - Markus 6,30-44

Han som ser meg

Å verta leda av Jesus er å gå rundt med gode spørsmål og ope blikk: Er det noko av mitt han kan få i hendene og velsigna, så det rekk så mykje lenger?

Markus si forteljing om det ufattelege brødunderet er boren av denne setningen:  «Då Jesus steig i land,  fekk han sjå ei stor folkemengd.  Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar…

Jesus ser. Med den gode gjetaren sitt blikk. Han ser slik store ledarar ser. Eller rettare sagt: gode ledarar. Han ser på ein måte som gjer at han gjev folk det dei treng mest der og då. Og her og nå.

Inderleg medkjensle
Frst litt om måten han ser på.  Han ser, slik at han får «inderleg medkjensle» som Markus uttrykkjer det.  Kva er det? 

Uttrykket er brukt bare om Jesus i bibelen, og i likningane hans.  Det refererer til noko som føregår langt innforbi skjorteknappen.  Eigentleg ord om innvollar som er berørt.  Me vil gjerne sei hjarta om det.  Sjå med hjarta.  Vera berørt med puls og følelsar som dirrar.  Engelske oversettelsar brukar ordet «compassion», tysk «mitleid».  Ord som direkte oversett til norsk betyr «medlidelse».  Eg trur ikkje me skal sei «medlidenhet» for det har ein valør av å tykkja synd på.  Og det passar ikkje.  Å tykkja synd på er noko du gjer på avstand. Jesus er mykje tettare på.  Han identifiserer seg med ei folkemengde si naud.  Det er ikkje ein overfladisk medfølelse, men noko som berører hjarta og uttrykkjer seg i handling.  Her må noko gjerast og gjes.  For han ser.  Med hjarta.

Kva er det han ser?

Medarbeidarar som treng kvile
Jau, før han ser ei folkemengde, ser han sine aller næraste.  Vennene.  Medarbeidarane.  Dei treng å kvila.  Og det er dei faktisk ikkje heilt klar over sjølv.

Disiplane  hadde vore ute på første oppdrag og turnè. Hatt første kamp på bortebane og fått det godt til, for å snakka i serieopningsspråk.   Dei var sendt ut av Jesus, to og to, dei tolv han hadde kalt og vald ut til disiplar.  Dei hadde fått Jesus sine fullmakter.  Dei skulle gjera Guds rike synleg.  Dei opplevde store ting og kom begeistra og oppglødde tilbake.  Det hadde gått meir enn bra!  Folk tok imot. Sjuke vart friske. Det som skjedde rundt Jesus, skjedde rundt dei.

Dei måtte bare fortelja det til Jesus når dei kom tilbake!  Kva venta dei å få?  Ros?  Medarbeiderfest slik me hadde på fredag? Peptalk for å ta ein omgang til, slik trenarar gjer i garderoben i pausen? Debriefing på noko som ikkje var så greitt. Oppmuntring som gjorde dei motiverte og klare til å verta sendt ut ein gong til? Ord om å ta seg av dei som nå strøymde til ganske av seg sjølv?

Dei fekk noko anna. «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!»  Verken dei eller me kan alltid vera sendte, alltid på oppdrag, alltid på veg til andre som treng oss. 

Jesus tok dei med på retreat.  Lot dei vera åleine med han.  Ga dei kvile og påfyll.  Fellesskap med han.  Han såg at det var ikkje eit djupt behov i dei å vera langvarig høge på seg sjølv.  Nå trong dei kvile, skjerming og fellesskap med Mesteren sin.

Å leva for andre og vera for oss sjølv
Jesus ser at me treng kvile.  Me kan ikkje alltid vera alt for mange eller nokon.  Me treng å vera for oss sjølv.  Me treng å vera i hop med Jesus på ein avsides plass der alle inntrykka og krava held fred med oss.

Eg snakkar varmt om stille stunder i kvardagen nå.  Om det som Heidi Strand Harboe kallar dei ørsmå hola i dagen, der eg får venda mine tankar, ta eit lite steg til sides, søkja Herren, han som er.  Eg snakkar varmt om retreat.  Eg snakkar varmt om gudsteneste og ha ein time i veka for å møta Gud i bønn og sang og lyttande holdning, skjerma frå kvardagen sitt stress og etterpå sendt til kvardagen med ein fred å møta han med.

Så bare kjenn at du har sett deg ned, nå.  Du har kome avsides, funne eit annleis rom i livet.  Eit rom med høgtid.  Eit rom med hellighet.  Ein plass å kvila.  Der du skal få ta imot før du skal gje.  Vera åleine med Jesus saman med andre, før du skal tena han i ein av hans minste.

Kjenner du det? At Jesus kallar:  «Kom med meg og kvil dykk litt.»  Anten me er unge eller gamle treng me stillhet i støyen, ro i jaget, fred i kampen.  Han ser at me treng kvile.

Folk som treng veiledning og mat
Og så ser han at me treng å noko frå han.  Veiledning og mat.  Noko for kroppen og sjela.  Den gode gjetaren har omsorg for sine.  Og han eller ho som er sett til å leda andre, har det store forbildet i Jesus som ser med inderleg medkjensle og lar synet verta handling.

Så då gjekk det som det gjekk: Retreaten for Jesus og læresveinane varte ikkje så lenge.  Han vart avbroten.  Intensjonen var god, men kvardagen tok dei også. Det var så mange som ville ha Jesus sitt gode blikk på seg.  «Han fekk sjå ei stor folkemengd.  Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Så han ga seg til å undervisa lenge, og tok ansvar då svolten naturleg nok tok dei.

Lederrollar
Me er mange som har lederrollar og skal ta oss av noko eller nokon.  Nokre har det viktigaste i livet på fanget akkurat nå.  Me er oppdragarar.  Smått nervøse av ansvaret og ganske oppglødde  over gaven.  Ingen små skal oppleva å vera som sauer utan gjetar.  Ingen små skal hutra av mangel på klede og vera matte av mangel på mat.  Ingen skal verta forvilla av oppvekst i åndeleg tvang eller menneskeleg omsorgssvikt.  Ingen skal missa sjansen til ei levande gudstru og kunnskap og ferdigheter som gjer dei i stand til å mestra livet og gjera verda eit hakk betre.

Me sit på ein stol og veit om ei lederrolle, alle me som er her.  Ho er vår.  Gitt oss av livet.  Av våre eigne valg.  Av rollar i familien som bare blei vår.  Av arbeidsbeskrivelsar og tillitsverv. Av eit kall me kjenner er gitt oss av Gud.

Evangeliet har gode ord til ledarar i dag:  Sjå med Jesu eige hjartelag.  Lær av hans omsorg, han som er raus med undervisning og dristig i ansvaret for at folk skal få det dei treng i alle deler av livet.  Til disiplar i evangeliet og i kyrkja seier han:

«De skal gje folket mat. De skal dela det de har. Eg skal velsigna, men de skal dela ut. Kor mykje har de?»

Utvida horisont
Så ledar Jesus dei inn i noko som utvider horisonten.  Eit større landskap for å sjå muligheter og dela det dei har.  Kven ser potensialet i ein nistepakke på 5 småbrød og 2 fisk til 5000 mann?  Jesus gjer.  Kven ser mulighetane når Ungkyrkja samlast ein torsdag?  Når alle døypte får invitasjon til trusopplæring?  Når barnebibelen vert opna?  Når torsdagstreffet har kaffi og andakt?  Når eg smiler og helser på ein eg ikkje kjenner på kyrkjekaffien. Når hender vert knepte og me ber for arbeidet og kvarandre.

Jesus ser potensialet.  Resultatet er kolossalt når han får leda og velsigna, når brød og fisk vert delt ut og underet skjer og fortset å skje heile tida etter to tusen år.  Fulle korger med tru og håp frå generasjon til neste.

Å verta leda av Jesus er å gå rundt med gode spørsmål og ope blikk: Er det noko av mitt han kan få i hendene og velsigna, så det rekk så mykje lenger?  Når eg står i ein valgsituasjon og er usikker på kva som er rett å gjera, eller meina.  Kan eg ha Jesus som forbilde?  At det eg velger og gjer må vera bore av han som ser.  Ser eit menneske med medkjensle.  Ser muligheter i det som er for hånda.  Ser storheten i det som Gud kan velsigna.

Ein Gud som ser meg
Den første som ga Gud navn i bibelen, var ei kvinne som var driven ut i ørkenen pga sjalusi.  Ho heitte Hagar, var avvist av folk ein kunne venta betre av og kunne ha endt livet utsvelta og uttørka i ørkenen.  Men ho vart sett og funnen av Gud, som ga ho håp og framtid.  Ho responderer med å gje Gud namn.  Eit  godt namn:  «Du er ein gud som ser meg.»

Jesus er den gud som ser meg.  Slik han såg medarbeidarar som trong kvile, søkjande som trong undervisning, svoltne som trong mat.  Slik han ser alle som er som sauer utan gjetar.

Ein dag desse ferske auge
festar seg i blikk frå mor.
Fattig fødd, for små og svake,
hjartet som er Guds på jord.
/: Tenk om alle kunne undrast?
Takk til deg, min Gud og bror. :/

Ein dag desse varme auge
ser den eine, den som frys,
trassar dei som sit og murrar,
reiser opp til liv på ny.
/: Tenk om alle kunne følgja!
Takk til deg, du store lys. :/

Ein dag desse sløra auge
brest i smerte på ein kross.
Mitt er sviket, ditt er motet.
Kjærleik er du, meg til tross.
/: Tenk om alle kunne gripast!
Takk for nåden gitt til oss. :/

Ein dag desse nye auge
blir eit evig blikk på jord.
Døden tapte, liv har vunne.
Påskeunder! Håpet gror.
/: Tenk om alle kunne jubla!
Takk til deg, min Gud så stor. :/

Kvar dag desse vakne auge
ser og følgjer kor eg går.
Du går med og opnar dører,
er til trøyst når sorga rår.
/: Tenk om alle kunne kjenna:
Takk for nærvær, dag og år. :/

Powered by Cornerstone