Lam og konfirmantar
Konfirmasjonshelg april 2017. Joh.10,11-18

Lam og konfirmantar

Når gjerder og grenser for livet vårt vert utvida eller fjerna, når me sjølv må setja grensene og skal håndtera den friheten me får: Treng me vegvisar? Gode gjetarar?

Gode konfirmantar.
Vera fri! Stå støtt! Heilt på eigne bein. Bera ansvaret for livet sitt, i alle fall ha hovedansvaret for det. Ein dag i livet er tida komen til å utforska og forma det som er mitt liv heilt fritt.

Slik er det for lam som skal verta sauer. Slik er det for ungar som skal verta vaksne. Det kjem ein dag og det går ein prosess over lengre tid.

Fødselshjelp
Både for lam og for ungar må det fødselshjelp til. I sauefjoset har det vore mykje tilsyn dei siste vekene. Eg veit det, for eg er oppvaksen på gard med sauer. Og de veit det. Me er tross alt byen på Jæren og veit kva som skjer på Høgjæren og i Sirdalen. I april har klokka ringt om nettene og kyndige hender har mått hjelpa til og dra eit og anna lam ut i dagslyset og kanskje til og med blåsa pusten i gang på det.

I menneskelivet er det både svangerskapskurs, fødeavdelingar med jordmødre og topp utstyr. Heile slekta er på styr når nokon skal fø. Dette må jo ikkje gå galt! Eit liv er eit under. Unikt. Vår draum og Guds skapning. Skapt i hans bilde. Uerstatteleg både for Gud og foreldre.

Oppvekst
Så begynnar den lange prossessen fram til livet står heilt på eigne bein. For lam skjer det fort. Ennå vått av fostervatnet står det med skjelvande og sprikande bein og suger til seg mor si melk. Snart slepp det ut på vårgrønt gras med mor i syne – eller i alle fall på brekeavstand. Kjenningsmelodien og tilgang på melk og nærhet må jo vera der.

I menneskelivet er alt meir komplisert og langdrygt. Der fiksar ikkje naturen det meste på eit blunk. Der er kjærligheten alt. Eit menneskebarn overlever ikkje uten kjærlighet. Det veks ikkje opp og utviklar seg ikkje harmonisk uten kjærlighet. Og viss de skal seia noko til foreldra dykkar i dag, konfirmantar, så utfører de eit kunstverk viss de både kan sei takk for det gode dei har vore for dykk. Pluss setja dei litt på plass og markera at de er originalar og ikkje kopiar.

Og dei visste det nok! Sjølv om det av og til i puberteten virka som det hang eit usynleg skilt på utsida av dykk: «Midlertidig stengt pga omorganisering». Kanskje det av og til kjendest sånn ut på innsida også.

Stå på eigne bein
Men det kjem altså ein dag for å setjast fri. Stå på eigne bein, omorganiseringa er utført, folk er velkommen inn igjen – til deg.

For lam vert det ein viktig dag, når dei vert sende til heis. Livet er ikkje lenger begrensa og regulert av eit gjerde. Lamma misser tryggheten som gjerdet sto for. Dei vinn friheten til å oppleva eit større område å leva på, nye spennande lukter, nye vekster å smaka på, nye lekekameratar, mindre avhengige av mor sjølv om det er kolossalt viktig å ha ho der. Eit liv som er både friare og farlegare.

For ungdommar er konfirmasjonsdagen ein av dei viktigaste dagane i livet. Me feirer det som var. Og me feirer frigjeringa i det som skal koma. De er religiøst myndige dette året de fyller 15. Bare 3 igjen til de er heilt myndige. Foreldre tek vekk eller flytter nokre gjerder og seier at det kan de bestemma sjølv - der dei trur at de har godt av det og er i stand til det. Andre grenser held dei ei stund fremdeles. Og i alle fall held dei fast på kjærligheten og omtanken og bønnene og hjelpsomheten: «Me er der for deg!»

Gjetarar og veiledarar
Så reiser den bibelteksten me nå har høyrt, eit utruleg viktig spørsmål: Treng lam og sauer gjetarar? Treng ungdommar – ja, vaksne, også – gode veiledarar? Når gjerder og grenser for livet vårt vert utvida eller fjerna, når me sjølv må setja grensene og skal håndtera den friheten me får: Treng me gode gjetarar? Og kor er dei trygge og gode veiledarane i dag?

For lam og sauer er det i alle fall smått med gjetarar i våre dagar. Dei forsvann den dagen det kosta for mykje iforhold til knappe inntekter på sauehold.

Lam og sauer får bare sporadisk tilsyn oppå heia. Dagleg gjetar har dei ikkje. Situasjonen kan riva ein saueeigar sitt hjarta i filler. For sjølv om rovdyra totalt sett ikkje er så mange, kan dei gjera stor skade på ein saueflokk som er overlatt til seg sjølv. Særleg lamma er lett bytte for ørn og gaupe og jerv og ein og annan bjørn og omstreifande ulv. Det er lett å få full fyr på ein debatt mellom naturvernarar og husdyrhaldarar om dette. Kva skal ein gjera? Slutta med sau? Leva med tapa? Ta livet av rovdyra?
Viss norske politikarar ville, kunne dei jo gitt fellingstillatelse. Det var mykje sjau austpå i vinter om dette, og det var ulvesak i Stortinget denne veka. Skal ulven leva, eller folk vera utrygge og bønder fortvila.

Ordninga i samfunnet vårt i dag er altså ikkje gjetarar, men økonomisk erstatning i stykkpris pr. tapte lam og sau, viss du kan dokumentera det.

Men slik kan me ikkje ha det i menneskelivet. Eit liv er uerstatteleg! Der kan me ikkje leva med kompromiss og kyniske løysingar. Der tåler me ikkje svinn.

Så me kjem ikkje utenom behovet for gode ledarar, vegvisarar og beskyttarar. For heller ikkje i menneskelivet er det muleg å gje fri fellingstillatelse for å ta ulvane som streifar rundt, både i flokk og som ensomme ulvar. Me vil ikkje ha eit samfunn med væpna vakter overalt. Me vil ikkje beskytta oss mot terror med å tapa friheten.

Å seia ja og nei
Kan me beskytta oss mot ulvar? Kan de som er unge, verga dykk mot dei som vil påvirka dykk for å utnytta og misbruka dykk? Kan de leva ut den gode friheten det er å stå på eigne bein, uten at friheten fører dykk inn i eit landskap der ulvar og andre farar kan boltra seg fritt. Uten at bedragarane står i kø for å overta der foreldre slepp fri. Uten at dei som vil tena pengar på dykk, får lett bytte. Uten at dei som vil gira dykk opp og sløva dykk ned med rus og dop, får innpass. Frihet kostar like mykje vilje til å seia nei som å seia ja. Å stå på eigne bein, er å ta ansvar.

Dette er vanskeleg å gjera på ein god måte viss du vil vera heilt uten gjetar og veiledarar. Du kjem fort ut av kurs viss du heller vil følgja det som er in enn det som er rett, viss du heller vil bli idol enn eit godt ideal. Viss du heller vil verta mangemillionær enn medmenneske. Det er rett og slett umuleg å verga deg mot ulvar viss du omgjev deg med dårlege gjetarar. Slike som Jesus kallar leiekarar. Som eigentleg ikkje har omsorg for dykk, men bare vil livnæra seg på dykk.

I dag er de konfirmantar. Så mykje spennande opnar seg for dykk. De skal få dykk utdanning, utvikla mange nye vennskap, få dykk kjærast, leva livet, oppdaga og oppleva, etterkvart få arbeid og stifta heim, føra by og samfunn vidare. Mange gode og viktige og nære mål. Sørg for at måla dykkar er langsiktige nok. Den beste måten å bekjempa ulvar og dårlege leiekarar på, er at me bevisst velger å ikkje vera ein sjølv. Det kan me når me sjølv har ein god gjetar og vegviser!

Den gode gjetaren
Og nettopp det vil Jesus vera! Teksten på konfirmasjons-sundagen din nevner 2 ting som er spesielt med Jesus. 2 ting som gjer han til den gode gjetaren. Ja, faktisk er dei to tinga det viktigaste eg og du treng for å leva godt med frihet og ansvar på eigne bein.

Det eine som er spesielt er kjærlighet, v.11: «Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene». Jesus elskar. Du er elska. Så høgt at den gode gjetaren set livet til for sauene sine. Jesus er ikkje ute for å verva deg til sitt program eller til sin organisasjon. Han elskar deg. Så høgt at han vil berga deg. Når du er meir ulv enn lam – for det er me rett som det er - vil han tilgje og gje deg ny start. Når du vert blinda av alle idol og dårlege veiledarar, vil han vera idealet ditt. Det er større og viktigare å setja andre før seg sjølv. Det gjev ei djupare glede. Jesus sette rett og slett livet til. Slik vil han vera frelsaren din og berga deg frå skulda di. Slik vil han vera gjetaren og vegviseren din, så du har gode ideal og verdiar å leva etter.

Det andre som er spesielt med Jesus, er dette: v.14: «Eg kjenner mine, og mine kjenner meg.» Jesus kjenner deg. Kvar einaste ein av oss er kjent. Med alt som bur i oss, med alt som har gjort oss til dei me er. Med alt me bekymrar oss for og gled oss over. Du er kjent. Og du er elska. Begge deler!

Jesus ønskjer å gå med deg kvar dag. Og ber du han leda deg på vegen vidare, så er det mi og mange si erfaring at han ledar godt. Då er me ikkje uten gjetar og meining i livet. Då er me ikkje uten framtid og håp. Då er me ikkje uten det me treng for å reisa oss og gå vidare når me og andre påfører oss sår og vegen har vorte kronglete. Då har me himmel over livet!

Powered by Cornerstone