Inn i lyset - ut med lyset
Nokre slit med å stå fram.
Det gjer ikkje Jesus!
Nokre strevar med å vera opne om tru. Trua på Jesus er helst i kviskremodus.
Jesus kviskrar ikkje. Han ropar ut i ope rom.
Nokre er i randsonen av lyst landsskap. Veit ikkje heilt kor dei er og har ikkje lys nok til å finna vegen.
Jesus fortel at han er komen som lys, så ingen skal bli i mørket – eller i det grå.
På skiljepunktet
Me er i skiljet mellom dei to delene i Johannesevangeliet. Prologen me les på juledag, har lagt disposisjonen: «Han kom til sine eigne, og hans eigne tok ikkje imot han.» Kapittel 1-12 med 7 utvalde teikn frå Jesus si offentlege gjerning fortel om det.
«Men dei som tok imot han, dei ga han rett til å bli Guds barn…»
Slik er det i kapitla 13-21. Forteljing om Jesus si siste veke, den som er full av disippelundervisning, og så liding, død og oppstode. Retten til å bli Guds barn vert sikra!
Slutten av kapittel 12 er overgangen. Det spissar seg til. Mange viser ope at dei ikkje tek imot Jesus og budskapet hans, nokre vakar i gråsonen, mens Jesus ropar ut sitt evangelium så tydeleg det kan gjerast.
Så: Me er i skiljet mellom to evangeliehalvdeler, og me er der evangeliet alltid set skilje, i grenselandet mellom lyset og mørket. For det skjer jo alltid dette: trua sitt ja, tvilen og det vaklande motet sitt tja, og vantrua sitt nei. I det som skjer i evangeliet sitt ferske nå.
Å våga stå fram
Kva med dei som ikkje heilt vågar å stå fram? På norsk har me uttrykk som å ta av seg maska, å koma ut i lyset, å koma ut av skapet. Det kan vera underholdning som i Maskorama. «Av med maska!» Eller det er alvor så det held. For krefter kan verta tappa ut om me lever i skjul for omverda. Psykiske og sosiale omkostningar kan vera store om me vel å skjula vesentlege sider av oss sjølv. På vegen mot lys og ope landskap kan tankar og følelsar slåst med kvarandre. Vil det kosta meir å visa seg fram enn med å skjula seg? Vil eg verta tålt? Kva vil eg missa? I teorien kan me meina at det er sunt å vera ærleg. Og vita at det er nødvendig å snakka sant om livet. Men det er ikkje plent lett, og det kan kosta dyrt. For kven vil ha meg slik eg eigentleg er?
Det kan vera så mange forskjellige slags skap å gå inn i og koma ut av. Me brukar skapmetaforen helst om dei heilt djupe tinga, om det som gjev oss identitet, om seksuell legning og om tru. Særleg om me trur det vil kosta og gje motstand å stå fram.
Mykje å tapa?
Johannes har informasjon om at nokre av jødane sine rådsherrar hadde det slik. Dei mest betrudde og innflytelsesrike leiarane. Det er gladnyhet at trua på Jesus som Messias nådde heilt inn i det høge rådet. Men Johannes er snar med å slå fast at dei forblir i skapet og ikkje vil bekjenna. Dei trudde, men våga ikkje bekjenna. Han meir enn antydar at dei ville sikra sitt eige skinn og heller ha ære av menneske enn av Gud.
Er dommen over dei for hard? Kan me forstå at dei valde å bevara trua som ein hemmeleghet? At det var endå meir krevjande for dei enn for fiskarar som forlot garna og tollarar som stod av inntektene i tollbua? At eit medlem i det øverste religiøse organet, Det høge råd, skulle støtta eit trugande og veksande religiøst opprør, var nok verre og kosta meir. Den trua som vart skapt av Jesus frå Nasaret, måtte haldast i skjul. Elles ville status, religiøs truverdighet og kanskje også levebrød stå på spel. Den som har mykje å ta vare på, har mykje å tapa.
Det kan kosta
På denne misjonssundagen i Bryne kyrkje veit me godt om land og kulturar der det kan kosta mykje å stå fram med Jesustru. Iallfall trygg framtid og arbeid. Kanskje livet sjølv? Her til lands kan ungdommar oppleva det vanskeleg å markera tru i klasserom, i lærlingetid og i Forsvaret. Forskarar kan kvi seg for å verta uglesett viss dei opererar med meir enn vitenskap, ikkje i arbeid på PC-en, men i livet. Menneskefrykt og ønskje om verta likt og vera inne med dei «rette» folka er sterke drivkrefter. Kven vil utsetja seg for faren for å verta misoppfatta? Eller måtta forhalda seg til eit sett av forventningar ein ikkje kjenner seg igjen i? Eller verta oppfatta som ein festbrems?
Det kan kosta å stå fram med den trua eg eigentleg har. Eg huskar sjølv kampane rundt dette då eg gjekk på ungdomsskulen på Bryne. Det måtte ei tid og ein prosess til, både for å gjera trua bevisst for meg sjølv og open mot andre. Eg hadde gode vaksne og medelevar rundt meg som ikkje forserte eller forkludra den prosessen eg sjølv måtte vera i, for at trua skulle vera mi overbevisning og mitt valg. Og så vart det ein lettelse når bekjennelsen var gjort, og responsen var mykje betre enn frykta.
Å vera i prosess
Me skal ikkje forakta det å vera i prosess. Frå andre kulturar kan me høyra at kristne fortel om den lange vegen fram mot tru – gjerne fleire år. Dei kan tidfesta omvendinga til fleire år før dei står fram offentleg med trua. Dei var ikkje klar før, eller såg det lite muleg i nærmiljøet, eller måtte avventa noko dei var redde for.
Me bør ikkje forakta gode prosessar eller forkludra dei med ord som låser folk fast i det me tykkjer me ser frå utsida av skapet. Som Jesusdisiplar har me eit kall til respekt for andre og til å vera ydmyke, til å søkja meir ære av Gud enn av menneske. Og me har nok alle ein arena der me kan vera tydelege om trua, på ein måte som gjer det lettare for andre å koma ut i lyset med si tru og sitt liv.
Johannesevangeliet har gitt oss navnet på 2 Jesustruande rådsherrar. Nikodemus og Josef frå Arimatea. Mykje tydar på at dei gradvis avdekka si eiga tru på frelsaren. Eg huskar godt frå pasjonsspelet i Oberammergau, kor viktig det forsiktige vitnesbyrdet til desse to var når den siste hatprosessen mot Jesus sette inn for fullt. Til slutt i Johannesevangeliet står dei side om side i ei vanskeleg og hjarteskjærande oppgåve for eit disippelfellesskap. Dei gravlegg sin Herre og Mester. Seinare høyrer me ikkje meir om dei to, men legender fortel at Josef vart den første apostelen som tok evangeliet til England.
Johannes fortel at det er Jesus sjølv som kan ropa oss inn i trua. Altså ut av skapet og inn i lyset, der me trur, der me ser, og der me bekjenner:
44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. 45 Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. 46 Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.
Lyset
Jesus har kome som lyset. Har eg sett lyset, har eg kjent meg omfamna av det, slik at eg er sjåande og truande, så er sjølvsagt meininga at eg ikkje skal bli verande i det som er mørkt. Lyset gjer jo at eg ser. Lyset varmar.
For lyset er ikkje skarpt og vondt. Det er ikkje lyskastar inn i alle mørke krinkelkrokar for å avsløra og leggja skam til børa av skuld. Det er varmt lys som inviterer oss ut av mørket. Det er lys å søkja til fordi det står for varme og trivsel, ikkje kaldt og trist. Jesus inviterer oss ut av det mørket som gjer oss innkrøkt i oss sjølv og framande for andre. Jesus set oss fri frå å leva i skjul i mørke skap. Det er lys med tilgjeving for synd utan å halda oss gøymde i skam. Jesus er lys. Me kan tåla det, for det fortærer ikkje. Me kan satsa på lyset, for det er frå Gud. Me kan leva i det, for me treng ikkje skap å gøyma oss i.
Me kallar det Kristi openbaringsdag i dag. Ein dag for at det som er skjult, skal avdekkast og koma fram i lyset. Måtte det vera den frimodige trua! I folket vårt. I byen vår. I liva våre. Overalt på kloden. Til alle som Jesus er komen som lyset for.
Gud ut av det skjulte
For det store har skjedd: Gud sjølv har kome ut av det skjulte! Gud, som ingen menneske kan sjå, har vorte synleg! Synleg nok, i alle fall. Det er mykje me ikkje ser og veit og forstår av Gud. Likevel kan me vita nok. I Jesus Kristus har Gud vorte tilstrekkeleg synleg. For den som ser Jesus, ser Gud. At Gud viser seg, er tusen gonger viktigare enn at eg klarer å koma synleg ut i alle samanhengar. Eg kan velja å gå ut og inn av skap, noko held eg for meg sjølv og noko vil eg dela med andre. Den einaste eg kan ta sjansen på dela alt med, er han som har delt alt med meg. I hans lys er det godt å vera!
Har du fyr?
Tenk på fyrlyset. Langs kysten har mange gravsteinar gravert inn fyrlys i plassen for eller i tillegg til korset. I barske livsvilkår langs kysten veit folk kor avgjerande fyrlyset er og har vore. Når uveret set inn, kan du ikkje missa eit blink. Sjølv i vår tid er eit fyrtårn, eller berre ei lita blinkande lykt ved skipsleia nødvendig for at skipsføraren nøyaktig skal vita retningen. Og den skipparen som ikkje veit sikkert kva retning han skal styra i, kan koma til å havarera før han veit ordet av det. ”Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu navn." Eller slik dei erfarer og syng nordpå: "Har du fyr, har du løkte langs din vei”…
Det gjeld alle slags seilasar og alle slags liv. Når det ligg skodd og mørke over dei valga eg skal gjera. Når bølger og storm fer hardt med meg. Når eg skal ha ei tru og leva på, eit håp å reisa mot, og skal gjera gode etiske valg på vegen. Eg kan ikkje vandra i mørket. Eg må ha retning, vera leia av lyset. Av han som er komen som lys til verda.
Inn i lyset - ut med lyset
For slik er det å vera kyrkje og følgja han som er lyset. Me er kalla og sendt! Me er kalla ut av det som er mørkt og inn i lyset. Og me er sendt med lyset, slik Jesus er sendt av Gud. Evangeliet = Misjon. 2 sider av same sak. Inn i lyset. Ut i lyset. Ut med lyset.